Tysnes kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. jul. 2008 kl. 07:23 av Knut Rage (samtale | bidrag) (Ny side: '''Tysnes kommune''' er ei øygruppe litt sør for Bergen, med eit samla areal på 255 km2. Innbyggjartalet er om lag 2800. Kommunen er landfast over Lukksund bru. Det er gode kommunikasjon...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tysnes kommune er ei øygruppe litt sør for Bergen, med eit samla areal på 255 km2. Innbyggjartalet er om lag 2800. Kommunen er landfast over Lukksund bru. Det er gode kommunikasjonar. Reisetida til Bergen sentrum er om lag 1 time og 20 min., og til Stord om lag 35 min.


Segn og mytar

Ein gong i ei fjern fortid fann harudane vegen hit. Dei kom frå Jylland i Danmark. Med seg hadde dei grødegudinna Njord. Nokre hevdar at dei kom i jarnalderen, for omlag 2000 år sidan, medan andre meiner at dei kom alt i bronsealderen, kanskje meir enn 1000 år tidlegare. Det gamle namnet på Tysnes - Njardarlog - kjem av at dette var guden Njord sitt lovområde – det er den vanlegaste tolkinga. Øya har òg truleg vore det religiøse senteret for hordane og for store delar av Vestlandet. Gards- og stadnamn peikar også attende på harudane si gudsdyrking, slik me kjenner den frå romerske sogeskrivarar og historiske funn andre stader.

Frå denne tida stammar myten om det mystiske Vevatnet. Her, vart det sagt, ofra dei til grødegudinna – og kanskje det var menneskeoffer. Me veit så lite om dette. Me sit berre att med mytar og gamle overleveringar. Til gjengjeld er segnene både rike og dramatiske. Frå det bratte Flogaberget på austsida av vatnet kasta dei ut offera sine, fortel legenda. Under vatnet skal det finnast trapper og spor etter altar. Mange har teke desse teoriane alvorleg, men enn så lenge må me framleis nøya oss med gamle segn og mytar.

Ut frå det opphavlege namnet på Tysnes er det neppe galt å kalla øya for «gudeøya». Det er ikkje berre namnet Njardarlog som vitnar om heidensk gudsdyrking, men også stadnamn som Ve (som tyder heilag) og Lunde (heilag lund), Hovland og andre stad- og gardsnamn som fortel om ei omfattande gudsdyrking i forhistorisk tid. Det namnet me nyttar på både Tysnesøy og kommunen i dag – Tysnes – kjem etter alt å døme frå himmelguden Tyr.


Frå yngre steinalder og inn i jarnalderen – bautasteinar og vintersolkverv

Frå yngre steinalder finst det for alvor far etter folk og busetnad. Ymse gjenstandar som pilspissar av flint og økser av flint og grønstein har dukka fram frå jorda. Men samanlikna med andre stader har ikkje funna herfrå vore mange. T.d. kjenner me ingen helleristingar frå Tysnes.

Frå bronsealderen byrjar det koma fram meir far etter folk. Gravminna frå bronsealderen høyrer til dei mest interessante monumenta me har frå forhistorisk tid. Frå denne tidsbolken er det også funne ein interessant runestein på Myklestad og ei steinhelle med skålgroper i Ve. Runer er også funne på ein kjøtkniv frå Gjersvik, med såkalla trolldomsruner.

Eit av dei mest særmerkte fornminna i Tysnes - Årbakkavodlen på Onarheim - stammar frå jarnalderen. Her har vore meir enn 20 gravrøyser og minst 6 bautasteinar, sikkert fleire. Sjølv om delar av dette har vorte øydelagt, er det framleis råd å sjå at denne staden må ha vore noko særskilt. Og det verkar naturleg å knyta dette saman med harudane og deira Njord-dyrking. Utover vikingtida står Onarheim fram som eit senter, både for Tysnes og for store delar av Hordaland. Her var tingstad, og her vaks etter kvart Olavsgildet fram - truleg med røter i førkristen tid. Slike gilde er kjende frå heile Nord-Europa og var ein sort brorskap, der dei mektige i samfunnet støtta kvarandre økonomisk og praktisk. Dei hadde lover og reglar for mykje, og er på eit vis kimen til eit regulert samfunn slik me kjenner det.

Ein underleg og ikkje så reint lite mystisk stad er det såkalla horget på Todneset ved innseglinga til Våge. Her er det nyleg observert at sola skin direkte på staden - og ingen andre stader i området - 22. desember, altså ved vintersolkverv. Det er eit fenomen ein kjenner frå fleire stader i Europa, men berre ein annan stad i Noreg. Her står også ein bautastein. Bautasteinar finst fleire stader kringom i Tysnes. Den største samlinga finn me som nemnd på Årbakka.


Tordr or Niardarlaug – og Olavsgildet

Frå yngre jarnalder og frametter gjennom folkevandringstida og inn i vikingtida vert funna stadig rikare. I Kongsvik vart det såleis gjort rike funn, m.a. av ornamentikk. Frå vikingtida kjem også skriftlege kjelder inn i biletet. Snorre fortel om Tordr or Niardarlaug, som stridde saman med Olav Tryggvason ombord i Ormen Lange under slaget ved Svolder. Og frå vikingtida er ikkje vegen lang over i kristen tid.

Og no er me atter ved Olavsgildet, det store gildet som heldt hus på Onarheim, omlag der den noverande kyrkja finst i dag. Kor gammalt Olavsgildet på Onarheim er veit ingen. Men etter gamle brev må det ha eksistert frå tidleg på 1300-talet, kanskje mykje eldre. Det var eit mektig gilde. Hit kom gildebrør frå store delar av Vestlandet, og ikkje berre frå Sunnhordland, for å ta del i olsokfeiringa, eller Olavsvaka som det heitte. Frå gildet sitt segl, som vart nytta under hyllinga av Håkon Magnusson på Båhus i 1344, stammar både Tysnes kommune sitt våpen, som ikkje er offisielt godkjend, og Hordaland fylkeskommune sitt våpen – to krosslagde økser med ei krune over.

Ein mann som kan ha vore ein gildebror, sjølv om me ikkje veit det, er Pål Knutsson frå Onarheim. Om han veit me i det heile teke så lite at han må seiast å vera ein del av «Tysnes-mytane». Det einaste me veit er at han i byrjinga av 1350-åra fekk i oppdrag av kong Magnus å utrusta ein ekspedisjon til Grønland for å sjå til den norrøne kolonien der. Han vende aldri tilbake. Nokre historikarar i nyare tid vil ha det til at han segla vidare til Nord-Amerika og trengde inn i det noverande Minnesota via dei store elvane, og stod bak innskrifta på den såkalla Kensington-steinen. Til liks med mytane kring Vevatnet og den oppdikta Anne Knutsdotter har Pål Knutsson vorte ein kjend og spennande, om enn spekulativ, del av Tysnes-soga.

For det er i desse traktene ho høyrer heime, Anne Knutsdotter. Opphavsmannen til songen, Claus Pavels Riis, budde på Nymark i mange år og ligg gravlagd på kyrkjegarden ved Onarheim kyrkje. Det var på Tysnes han skreiv den kjende songen, og sjølv om Anne Knutsdotter er ein oppdikta figur fanst det ein levande modell – Herborg, som budde på husmannsplassen Heio i Vattedal.


Kalkbrenning og skottehandel

Kring år 1500 tek overgangen til pengesamfunnet til for alvor, og bonden må skaffa pengar til hus og heim, til reidskapar og til skattar. Ein av dei eldste næringsvegane i Tysnes er kalkbrenning. Berggrunnen sør i kommunen er rik på kalk, og mange av gardane frå Onarheim og søretter brende kalk heilt frå 1300-talet. Kalken vart mykje nytta til husbygging, og utvinninga heldt fram heilt til byrjinga av førre hundreåret. Kvar gong det var storbrann i Bergen, tente kalkleverandørane godt på gjenoppbygginga. I dag er det få prov att etter denne verksemda, men like ved vegen frå Onarheim til Hodnaneset finst det ein restaurert kalkomn som var i drift frå midten av 1800-talet fram til omlag 1900. Nemnast må også marmorbrota som oppstod som ein liten «industri» allereie på 1600-talet, då på Seløyo.

Frå denne tida må ikkje minst skottehandelen omtalast. Handelen med Skottland var omfattande. Det var først og fremst tømmer som vart eksportert herfrå. Mange stader på Tysnes vart bygdene snauhogde for skog. Og ikkje minst var kontakten med Shetland tett – særleg gjennom dei såkalla hjeltabåtane som vart bygde her og frakta i «halvfabrikata» til Shetland og sett saman der. Båtbyggjarkunsten stod høgt på Tysnes og utvikla seg til ein tradisjon som vart halden vedlike heilt inn i vår eiga tid. I denne perioden vart det også sett opp store vassager kringom på Tysnesøya og Reksteren.

Ei rik ætt heldt til i Gjersvik på 1600-talet – Haard-familien. Den danskfødde Else Tronds og den skotskætta mannen hennar, Anders Mowat, budde her. Dei hadde også eigedomar på Shetland. Seinare flytta dei til Hovland. Dette vart setegarden for sonen Axel Mowatt, den rikaste mannen på Vestlandet på den tida. Han hadde ei dotter, Karen, som vart gift med Ludvig Rosenkrantz. Ho var den rikaste arvingen i Noreg på det tidspunktet, han ein utarma dansk adelsmann. Alt før den nye heimen deira, slottet i Rosendal, var blitt opphøgd til baroni var eigedomen pantsett heilt opp til pipa.

1800-talet – eit farande folk

Over tid endra dei økonomiske tilhøva seg. Folketeljingar midt på 1800-talet syner at no er over 90% av bøndene i Tysnes sjølveigarar. På denne tida er Tysnes òg den kommunen på Vestlandet med tettast busetnad.

Mot hundreårsskiftet var det fleire tysnesingar enn øyane kunne fø på, og fram til første verdskrigen utvandra omlag 2000 av dei til USA. Etter at amerikanske styresmakter kring 1930 stogga innvandringa, var det vanleg at familiefaren arbeidde i USA, gjerne fleire år om gongen, medan kona var heime og passa gard og ungar. Men alt lenge før dette hadde vestlandsbonden måtte finna seg inntekter attåt bruket.

Fiske er eitt stikkord. Og då er særleg den såkalla Nordlandsfarten eit spennande tema. Det vart rekna for mest ei bragd då dei første tysnesingane tok til å reisa på fiske i Nord-Noreg på midten av 1800-talet, først til Lofoten og seinare heilt til Finnmark. Etter kvart vart denne trafikken større. Eit minne om Nordlandsfarten kan ein sjå i Tysneskyrkja. Her heng ein modell av galeasen ”Loyal” som kyrkjeskip. Det var den siste nordlandsfararen som forsvann frå Tysnes, etter å ha gått i fraktefart heilt fram til 1966.

Nordlandsfart og båtbyggjing – og tysnesingar som kappseglarar både i Amerika og England Dei var eit ettertrakta mannskap hos dei rike amerikanske yacht-eigarane. På desse yachtane, som tok del i kappseglingar både i USA og Europa, kom både skipperar, styrmenn og det øvrige mannskapet ofte frå Tysnes. Det er noko ganske unikt. Det var gode pengar å tena på det også, dei var gjerne heime på Tysnes heile vinteren og drog i veg til USA på vårparten.

Utvandringa til USA var såleis stor, her som andre stader. Frå Uggdal utvandra ein heil familie som kom til å setja eit sterkt preg på det norske Amerika – nemleg Lilleheie’ane. Det har vore sagt at ingen norsk familie har sett sitt preg på amerikansk samfunnsliv som dei. Av gutane som drog med foreldra frå den fattige Heiebygda til Amerika i 1890-åra gjorde alle det særs bra, fleire av dei skapte seg karrierar, m.a. som akademikarar. Den dag i dag er Lilleheie-namnet forbunde med akademiske bragder. Ein av dei, C. Walton Lillehei, kom til å bli ein av dei fremste hjartespesialistane i USA.


Historie alle stader

I mangt og mykje levde Tysnes i fortida heilt fram til etter andre verdskrigen. Først på byrjinga av 1950-talet kom det straum i alle hus. Slik var det så mange stader. Etter kvart vart også ”gamle dampen” vekke, bilferjer kom i staden. Særleg merkbart var det kanskje i Våge. Sidan 1880-åra hadde Våge vakse fram til ein strandstad med fleire landhandlarar. Då det vart slutt på dampskipa endra staden karakter. Dei gamle dampskipskaiene forsvann, her som i Uggdal og elles. Nye butikkar vart bygd lenger oppe på land. Men framleis finn du mykje av det opphavlege miljøet, om det enn har kome andre funksjonar i dei gamle lokala. Ei ferd rundt om i Tysnes er i høgste grad levande historie – og også krigshistorie. På Flygansvær på Reksteren finn du eit komplett tysk fort frå andre verdskrigen. Eller du kan vandra i fjellet og finna tufter etter ei seter frå 1700-talet. På Tysnes finn du historie alle stader.