Ufisk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Kan noen ta en kikk på dette? Trenger hjelp med: Her vil eg gjerne ha inn fleire lokale døme på tradisjonar kring ufisk – men det er ikkje så mykje snakk om slikt i mitt heimområde ved Oslofjorden.

Ufisk er fiskeslag som ikkje vert rekna som etande. Det er store regionale forskjellar, slik at det som ein stad er ufisk, kan vere ein delikatesse andre stader. Synet på kva som er ufisk kan òg endre seg over tid. Ufisk er eit særeige norsk omgrep, som ein sjeldan finn parallellar til i andre kulturar. I samisk tradisjon har ein ikkje noko slikt omgrep.

Nokre av dei fiskeslag som vert eller har vore rekna som ufisk er:

  • Berggylte: Framleis ufisk, men kan nyttist til dømes i fiskesuppe.
  • Breiflabb: I dag rekna som ein delikatesse, men berre ein liten del av fisken kan etast.
  • Gjedde: Av mange rekna som ufisk, men gjeddekaker er populære.
  • Havmus: Framleis ufisk, men er populær i ein del land.
  • Håbrann: Har vorte noko meir utbreidd som mat på 1900-talet.
  • Kolmule: Framleis ufisk, men nyttast til fiskemjøl og -olje.
  • Knurr: Framleis ufisk, og giftkjertlar gjer han ueigna som matfisk.
  • Lodde: Av mange reikna som ufisk, men det er stor eksport av lodde.
  • Lysing: Av mange framleis reikna som ufisk, men av andre som god steikefisk. Populær i andre land.
  • Makrell: Reknast som ufisk i nord, men er noko meir utbreidd som mat no. I sør har makrellen lenge vore ein matfisk.
  • Makrellstørje: Ein tunfiskart som no er rekna som god matfisk.
  • Pigghå: Har vorte noko meir utbreidd som mat på 1900-talet.
  • Steinbit: I dag rekna som ein delikatesse.

Det er fleire grunnar til at eit fiskeslag vert rekna som ufisk. Ofte er det rett og slett utsjånaden, og då kanskje særleg om fisken har piggar eller ein stygg tanngard. Fisk med mykje bein har òg ofte vore rekna som ufisk. Breiflabben er eit døme på ein fisk som har alt mot seg; han er ikkje pen å sjå på, og samstundes er det berre ein liten del som er etande. Makrellen har hatt eit ry for å ete lik, og vart derfor rekna som ufisk; eigentleg er det mange andre fiskeslag som òg eter lik om dei kommer over det. Her kan det ha spela inn at det har vore mindre makrell nordover, så ein trengte ikkje å eta han, og at makrellen gjerne er særs feit når han kjem nordover, og derfor held seg dårleg om han ikkje vert røykt; tørking fungerer ikkje så bra. I sør er makrellen mindre feit, og han er talrik og derfor ein viktig matkjelde. Det kan òg vere smaken, til dømes på hai som håbrann eller havmus som har ammoniakk i kjøtet. For slik fisk er tilreiinga viktig, og dei kan vere delikatessar om dei vert nytta riktig.

Også annan sjømat som reker var rekna av mange som ufisk fram til 1980-tallet.[1]

I nokre kulturar finn vi religiøse skiljer mellom matfisk og fisk som ein ikkje kan ete. For jødar og muslimar er det til dømes ikkje lov å ete fisk som ikkje har synlege skjel, som ål, hai, steinbit, sverdfisk og størje.

Referansar

  1. Lien, Marianne (1989). "Fra bokna fesk til pizza". Sosiokulturelle perspektiver på mat og endring av spisevaner i Båtsfjord, Finnmark. Universitetet i Oslo, magistergradsavhandling. Digital versjonNettbiblioteket, særlig s. 164.

Litteratur