Uggdalsdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Vermedalsvatnet i Uggdalsdalen, fotografert mot nordvest. Vatnet heng saman med Øyjordsvatnet via ei vassrenne, og var ein del av den faste ruten mellom Onarheim og Uggdal før den noverande vegen vart fullført i 1909. Foto: Knut Rage

Uggdalsdalen er eit dalføre på øya Tysnes i Tysnes kommune og omfattar gardane Rolse, Uggdal, Øyjor'o (Gjellefall) og Vermedal. I nordaust ligg Borgarbygdo, med gardane Borgjo, Håheim og Dalen. I nord finn ein Hodlekje og Andersland. Alle er innlandsgardar. Gjennom dalen går fylkesveg 79 mellom Onarheim på sørsida av Tysnes til kommunesenteret i Uggdalseidet.

Tidleg busetnad

Landskapet i Uggdalsdalen er flatt og godt eigna for jordbruk, og det var tidleg busetnad der. Uggdalsdalen er ein av dei få plassane på Tysnes som har så gode jordbruksområde. Såleis er det spor etter busetnad i bronsealderen og også i folkevandringstida. I historisk tid har Uggdalsdalen vore ein del av storgarden Uggdal. Garden var mellom dei største på Tysnes og gav namn til både skipreide og kyrkjesokn. På 1500- og 1600-talet heldt den mektige slekta Slede til her.

I 1887 skreiv lensmann Løvig ned denne segna om Øyjor'o i sitt skrift «Opdalsbygdens første bebyggelse efter Sortedøden»: «Før bygden endnu var ryddet og bygget boede paa Nordbustad en Mand, der havde 3 sønner. Med dem gik han ned mod Broen ved Gjellefald eller Lillestue, og udviste hver af dem deres Bopæl, i det han derfra pegede og sagde at den ene af dem skulde rydde oppe i Vermedal, den anden på Lillestue og den tredie i Opdal».[1]

Garden Rolse, fotografert ca. 1910-1913. Det er middagstid i slåttonna. Foto: Bertha Lillehei, Lokalhistorisk arkiv i Tysnes.

I høgmellomalderen vart garden Uggdal delt i tre gardslutar: Framigar, Midtstova og Liflestova. Kring 1500 var berre dei seks beste gardane i drift, nemleg Uggdal med tre huslydar, Myklestad og Hodlekje med to og Reiso, Rolse og To med ein kvar. Så kom oppgangstidene seinare på 1500-talet, og i løpet av desse åra vart det busetnad att på på Borgjo, Håheim, Dalen og Vermedal. Andersland vart attrydda i førstninga av 1600-talet, medan Gjellefall låg øyde like fram til 1720-åra. Garden vert då òg framleis ikkje kalla anna enn Øyjor'o.

Den gamle garden Uggdal må opphavleg ha femna om heile Uggdalsdalen, med store fjellområde på begge sider. Fjellbeita var såpass gode at gardsfolket kunne ta inn framande dyr på beite, mot betaling. Desse beitene gjekk seinare på 1800-talet over til å bli ein hevda rett for nokre av nabogardane. Den nedste delen av fjellsida på vestsida av Uggdalsdalen hadde mykje grasmark i motsetnad til på austsida, som var meir prega av lyng. I eldre tid var desse liene heller nytta til slåttemark enn beite, og var ein del av innmarka.

Tradisjonelt har Uggdalsdalen vore eit lauvskogområde. På midten av 1800-talet tok folk i Uggdal til å brenna torv. Uggdalsdalen har lite av fossefall, så oppsitjarane måtte til Uggdalseidet for å mala korn. Det var berre i skiftet mot Rolse at bruk 1 hadde ein kvern, Kvednahaugen. Denne vart nemnd allereie i 1723, som "flomqvern hvoraf Opsidderne iche nær kand være selfhiulpne». [2]

Som nemnd over må storgarden Uggdal ha femna om heile Uggdalsdalen med Liflestova, ein liten gard som no er gått inn i den moderne tydinga av Uggdal, samt Øyjor'o (Gjellefall) og Vermedal, som vart rydda som gard i førhistorisk tid, medan Liflestova og Øyjor'o er yngre bustader, tekne opp i Uggdal sin heimeutmark. Det gamle namnet på Øyjor'o må ha vore Hetlelid, i dag er Gjellefall det offisielle namnet. Gardane To og Rolse har i si tid vore delar av Myklestad.

Kultstad og kyrkjestad

Kristofferstunet på Håheim i Borgarbygdo. Foto: Bertha Lillehei, Lokalhistorisk arkiv i Tysnes.

Uggdalsdalen er rik på førhistoriske minne, og ser ut til å ha spela ei rolle som religiøst senter både i førkristen og tidleg kristen tid. På og ved Vodlane i Uggdalsdalen, der også den eldste kristne soknekyrkja stod, er det registrert to større førkristne gravfelt med røyser eller restar av røyser, omlag seksti i tallet. Dei fleste er frå fem til åtte meter i tverrmål. I Lundo på Myklestad vart det opna ei gravrøys, der det vart funne ei kiste og også ein stein med tidlege runeteikn og fotsolar. På staden står det også ein stein som av folka på garden frå gammalt har fått namnet "Altaret", og er omtala som ein offerstein. Kyrkja ved Vodlane vart seinare flytta til Lundo. Gjennom dalen har den gamle Ferdselsvegen i Uggdalsdalen gått like sidan førhistorisk tid, godt mogleg før dalen vart busett i folkevandringstida. Delar av vegen har vore tolka som ein prosesjonsveg, og sett i samanheng med runesteinen og den moglege offersteinen i Lundo på Myklestad byggjer den opp under tanken om Uggdalsdalen som ein sakral stad, brukt til religiøse seremonar. Også dei mange gravrøysene stør opp under ein slik tanke.

Kommunikasjonar

Folk i Uggdalsdalen tok seg fram over vatna i dalen der det var mogleg. I Vermedal hadde dei eige naust og båt ved Vermedalsvatnet. På det viset kunne dei ta seg fram på ei strekkje som tilsvarte halvannan kilometer gjennom marka. Vatnet gjekk over i Øyjordsvatnet, men ved lite vatn hende det at dei måtte dra båtane gjennom renna som bind dei to vatna saman. Folk på gardar i fjellet eller på Onarheim betalte gjerne for skyss over vatna. På austsida av Vermedalsvatnet var det bratt og ulendt, på vestsida vart det tungt å ta seg fram over det myrlendte terrenget.

Frå Vassbakkjen måtte folk ta beina fatt gjennom dalen. Det var rett nok veg, men som det heitte i 1896 var den "Ubanet", dvs. Ikkje køyrbar. Tre stader måtte ein også kryssa elva som renn gjennom dalen. Her var det frå gammal tid lagt vad, steinar som var lagde i elva slik at folk kunne gå tørrskodde over. Ikkje desto mindre vart det på byrjinga av 1800-talet rapportert at dei som budde langs vegen var plaga av krøtterhandlarar som dreiv dyr gjennom dalen til sjøen.

Folk i Uggdalsdalen hadde båt i Kyrkjevatnet i Uggdal, som i dag for ein stor del er tørrlagt. Herfra kunne dei ta seg fram til sjøen i Uggdalseidet. Desse båtane er nemde i dokument frå 1700-talet.

I 1884 vart det løyvd pengar til veg frå Myklestad til Vermedalsvatnet. Den vart fullført i 1896. Herfrå kunne folk ro vidare som dei alltid hadde gjort. Men i 1909 var vegen ferdig utvida frå Vermedal til Kløv. Her møtte den vegen som var opparbeidd frå Onarheim i 1897.

Referansar

  1. Sitert i Tysnes gards- og ættesoge, band 2
  2. Sitert i Tysnes gards- og ættesoge, band 2

Kjelder og litteratur

  • Ernst Berge Drange: Tysnes gards- og ættesoge. Band 2. Utg. Tysnes sogelag, 1987.
  • Ernst Berge Drange: Husmannsskipnaden på Tysnes 1600-1800. Utg. Forlaget Folkekultur, 1983
  • Johannes Heggland: Tysnes, det gamle Njardarlog. Band 2. Utg. Tysnes sogelag, 1975.