Ullandhaug (Stavanger gnr. 24)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ullandhaug
Helliesenkart.jpg
Utsnitt av kart etter Tor Helliesen, Stavanger museums årshefte 1900
Alt. namn: Ullenhaug (1886)
Fylke: Rogaland
Kommune: Stavanger
Gnr.: 24

Ullandhaug er ein matrikkelgard i Stavanger kommune. Garden låg tidlegare i Hetland kommune, og var òg der gardsnummer 24.

Nord-Jærens utsiktspunkt

Når stavangerfolk ville gje framandfolk utsyn over Jæren, Boknafjordsøyane inn mot Ryfylkefjordane, drog dei dei med seg opp på Ullandhaug. Såleis var kong Oscar II her i 1896 og Håkon VII i 1906. Elles fann sangkor, ungdomslag, kvinneforeiningar, idrettslag og andre som av ulike grunnar vitja byen, alt frå 1800-talet vegen opp på Ullandhaug.

Før 2020 Ullandhaug låg høgast av alle gardane i Stavanger kommune. Og Stor-Ullandhaug – om me reknar med den store steinen på toppen - er sine 139 meter det høgaste punktet på Nord-Jæren. Han dannar det eine hjørnet i høgdedraget i ein trekant med Litle Ullandhaug på 120 meter  400 meter lenger nordvest og Limahaugen på 110 meter ein halv kilometer mot vest som dei to andre hjørnene. I sørvestskråningen midt mellom desse haugane på 100-meters koten låg det gamle tunet på garden Ullandhaug.

I denne skråninga er jorda naturleg sjølvdrenerande. Jordlaget er nok litt grunn, men fjellgrunnen er kvartsfull fyllitt som smuldrar lett og vert rekna som særleg fruktbar. Elles liver Limahaugen og Litle Ullandhaug noko for vestlege og nordvestleg vind, men garden låg ganske ope til for sørvesten. Gardsvaldet elles ligg for det meste i skråninga av dette høgdedraget: I sør og aust mot dalfaret som dannar grensa mot Hinna og Auklend, mot nordaust om lag på hundremeters koten ned mot Hillevåg, mot nord om lag i 80-meters koten mot Øvre Tjensvoll, i aust mot Madla og i sør skil ei kring 500 meter brei tunge av garden Grannes i Sola kommune Ullandhaug frå  å nå heilt ned til sjøen. Her i skiftet med Grannes når også garden lågast med 25 meter over havet. Landhevinga sidan istida inneber at garden for om lag 12000 år sidan kan ha hatt ei kort strandline her.

Sidan folk i steinalderen helst hadde bustad ved stranda, er det ikkje truleg at det har vore steinalderbuplassar på garden. Men garden har sjølvsagt vore ein del av jaktterrenget deira og det er gjort fleire steinalderfunn mellom anna ved Svinasteinen nær den rekonstruerte folkevandringsgarden.

I flatevidde er Ullandhaug mellom dei største gardane i tidlegare Hetland herad. Han grensa ein kilometer i sørvest til Grannes, 300 meter i sør til Hinna, to kilometer i søraust til Auglend, 1,5 kilometer i nordaust til Hillevåg, to kilometer i nordvest til Øvre Tjensvoll og 500 meter i vest til Madla.

Som truleg alle dei historiske gardane i Hetland, er også busetnaden på Ullandhaug minst 1500 år gammal.

Tunet

Mons Gabriel Monsens akvarell «Schancheholen» frå 1858. Nede til høgre Mosvatnet, Skankeholen midt i biletet, toppen bak i midten Ullandhaug og bygningane til høgre Øvre Tjensvoll.
Foto teke mot sør frå Vålandstårnet kring 1930. I forgrunnen høgtrykksbassenget, øvst i bakgrunnen Ullandhaug med Haralds-tårnet og til høgre Lille-Ullandhaug
Foto: Ukjend
Flyfoto frå 1954 teke mot aust og med Gannsfjorden og Lifjellet i bakgrunnen. Det opphavlege gardstunet låg midt i biletet der det framleis ligg eit gardstun. Brakkene nede i bakken til venstre for Ullandhaug vart reist av tyskarane under krigen. Nede til høgre tysk kanonstilling på Limahaugen.
Foto: Ukjend
Ullandhaug sett mot nordaust i 1949. Bruk 69 i forgrunnen med den gamle Tjodvegen straks aust for våningshuset.
Foto: Ukjend
Ullandhaug sett mot søraust kring 1920. Radiomastene bygd kring 1915 til høgre i bakgrunnen
Foto: Ukjend
Flyfoto frå 1954. Ullandhaug sett mot søraust. I dag ligg Hagbart Lines hus til høgre for tunet i forgrunnen medan Hulda Garborgs hus (begge UiS) ligg til venstre for tunet.
Foto: Ukjend
Ullandhaug sett mot søraust i 1954. Heilt til høgre i bakgrunnen skimtar me ei av radiomastene.
Foto: Ukjend
Markene i skiftet mellom Madla (til venstre) og Sola (til høgre, mot sør) og Ullandhaug kring 1960. I bakgrunnen til høgre bak drivhuset ligg i dag Jernaldergarden.
Foto: Ukjend

Garden Ullandhaug ligg på morenejord i sørskråninga av høgdedraget kring bergknausane Ullandhaug, Litle Ullandhaug og Limahaugen. Tunet til den historiske garden med røter tilbake til høgmellomalderen, låg i sørskråninga midt mellom desse tri haugane kring hundre meter over havet. Så høgt var det noko utsett for sørvest[1]lege vindar. Den rekonstruerte folkevandringsgarden ligg kring 350 meter lenger vest, i sørskråninga til Limahaugen der lendet opnar seg og er utsett for vindar både frå sør, vest og nord.


Namnet

Gardsnamnet Ullandhaug har ei litt usikker tyding. Den eldste skrivemåten, er Wllenhogh frå 1483.

Den gamle dialektuttalen var ú`dlannhau. Ei tolking går ut på at det er sett saman av utland og haug og skal då tyda den delen av garden som ligg i utkanten. Det vil seia at han ein gong har høyrd til ein større gard, til dømes Jåttå eller Madla.

Ei alternativ tolking og kanskje meir truleg, er at forstavinga i gardsnamnet siktar til gudenamnet Ullr. Det vert då vist til at ein så vid og gammal gard vanskeleg kan ha vore eit utland for nabogardar.

Gardar med «land»- namn reknar ein til vanleg til førkristen tid, helst då til før 550 e.Kr. då det truleg fann stad ei omfattande avfolking på Jæren og hundrevis av gardar vart fråflytta. I dag peikar ein gjerne på ein omfattande pestepidemi som årsak til avfolkinga.

Fleire øydegardar?

På Ullandhaug var det minst to gardar i folkevandringstida. en eine har lege avfolka til moderne tid, men vart arkeologisk undersøkt i 1967 – 68.

Sidan vart anlegget rekonstruert og sto ferdig i 1975. Denne garden som ligg på «Litle Ullandhaug, var busett i perioden 350 – 550 e.Kr.

Truleg er det denne garden som i tingboka i 1616 vert nemnd som øydegard under Ullandhaug.

Det var då ein son på garden, Peder Mikkelsen, sette seg opp eit hus på denne øydegarden. Det er då òg funne grunnmurrestar etter eit hus frå 1600-talet ved tuftene til Jernaldergarden. Spørsmålet var nå om denne øydegarden kunne skiljast ut som eigen gard. Men konklusjonen vart negativ og Peder laut riva huset att.

Fyrste gongen Ullandhaug dukkar opp i dei skrivne kjeldene, er i 1483. Det er då oppe ein tvist om «Ffor Lodebek wid Wllen hogh» som det sto på baksida av dokumentet.[2]  Det er mogeleg dette har noko med husmannsplassen Lodehaug som var busett på 1700-talet.  Det kan nemnast at det vart funne ei sylvskei med latinsk innskrift frå sist på 1400-talet. Innskrifta kan tyda på at dette var ei trulovingsgåve.[3]

Det er forresten godt mogeleg at det også låg ein annan øydegard under Ullandhaug. I eit utskiftingskart frå 1834 er det nemnt «Maldevold» straks ved skiftet til Madla. Det er mykje mogeleg at dette dreier seg om øydegarden Hannestad fyrste gongen nemnd i stiftsjordeboka frå 1590 og som sidan vart lagt under Madla.[4]

Eigedomstilhøve

I mellomalderen høyrde Ullandhaug til Stavanger bispesæte, men i samband med reformasjonen i 1537 tok krona over eigarskapen og garden vart sidan, mellom anna i 1567, omtala som Stigtens, det vil seia at han høyrde til det konfiskerte stiftsgodset. Same eigarskap galdt også grannegarden Auklend.

Bøndene på Ullandhaug var sidan leiglendingar under krona til fyrst i 1660-åra. Då fekk kongen store kostnadar i samband med krigføring, og såg seg nøydd til å selja store delar av jordegodset, mellom anna Ullandhaug, til den danske adelsætta Gjedde. Men straks etter, selde ho garden vidare til tollar,  kjøpmann og skipsreiar Peder Saxe i Stavanger.

Peder Saxe d.e.

Peder Saxe var født i 1635 i Århus i Danmark, men flytta som 20-åringen til Stavanger. Der gifta han seg med Maren, dotter til Søren Godsen, den rikaste mannen i byen. Med svigerfaren i ryggen vart han i 1660 tollar med ei årleg løn på 280 dalar. Han bygde seg så vidare opp som kjøpmann og skipsreiar og gjorde det så godt, at han utover i 1660-åra investerte i jordeigedommar.

Mellom anna kjøpte han opp både Revheim i Håland prestegjeld av Gjeddeætta  og i 1672 jordegodset til adelsmannen Erik Krag i Kolnes, Ølberg, Søre Sunde, Røyneberg, Rege, Sømme, Skadberg og Sande, også dette i Håland prestegjeld. Då han døydde i 1686, åtte han såleis fjerdeparten av alt jordegods i prestegjeldet!

Øydegardstida

Rekna etter lanskylda, var ikkje Ullandhaug med sine 30 spann korn ikkje mellom dei større gardane. Såleis låg både Gausel og Stokka på 72 spann korn landskyld medan Jåttå og Øvre Tasta hadde 144 spann landskyld.

Ullandhaug vart også, til liks med nabogardane Øvre Tjensvoll, Hillevåg, Auglend og Hinna, avfolka i samband med pestepidemiane i seinmellomalderen. Truleg hadde ikkje denne avfolkinga berre med kvaliteten på gardane å gjera, øydegardane låg som ein ring kring Stavanger: Høye, Leikvoll, Eiganes, Øvre og Nedre Tjensvoll, Ullandhaug, Auglend og Hinna. Mellom Stavanger og Jåttå var det såleis ikkje ein einaste busett gard kring 1520. Truleg vart dei i staden drivne som avlsgardar frå byen.

Attrydding

Framleis i 1563 låg Ullandhaug utan busetnad, og fyrste gongen det er nemnd folk, er i 1602. Til gjengjeld budde det tre skattebetalarar her då: Olav, Mikkel og Elling.

I 1602 betalte Olav eit spann, Mikkel eit halvt spann og Elling fire spann korn i kongstidend. Det skulle svara til ei avling på kring 300, 150 kilo og 1200 kilo korn. Året etter vart berre Mikkel nemnd og betala to spann, tilsvarande 600 kilo korn. Dette var nokså nær gjennomsnittet for korntienda det året.

Mikkel vert nemnd  åleine på garden fram til 1604 og ser ut til å ha greidd seg godt, i det minste når det galdt åkerdrifta. Etter tienda å døma kan han på det meste ha avla opp mot 2,5 tonn korn. Frå 1605 dukka Olav opp på ny og dei to dreiv garden i lag fram til 1610.  Skal me døma etter tienda, bruka Olav 2/3 og Mikkel 1/3, det vil seia 16 og 8 spann kornskyld sidan den samla landskylda på garden då vart rekna til 24 spann korn.

Me veit eigentleg litt om desse karane, men det ligg nær å tru at Peder Mikkelsson som sette opp hus straks ved tuftene til jernaldergarden, kan ha vore son til Mikkel. Han må då ha vore vaksen mann, venteleg fødd kring 1590. Sidan det ikkje er nemnt folk på Ullandhaug før 1563, ligg det nær å tenkja seg at garden vart attrydda ein gong i perioden 1570 til 1590, altså noko tidlegare enn både Auklend og begge Tjensvoll-gardane.

Om det var alderdom eller noko anna som gjorde det, veit me ikkje. Men i 1610 fann Olav tida inne til å gje frå seg dei 16 spanna landskyld han då rådde over til Osmund. Han heldt fram drifta av garden to - tre år, men vart alt i 1614 avløyst av Erik som betalte skatt som «øydegardsmann».

Tre vert ein: Rasmus Asserson

Alt året etter var både Erik og Osmund borte og i staden var det Rasmus Asserson som betalte 1. års bygsel, nå på 30 spann kornskyld. Han var ein middels bonde med middels landskyld og middels skatt og styrte heile Ullandhaug åleine heilt fram til kring 1660.

Han gifta seg, men utan at me kjenner namnet til kona. Dei fekk i det minste ein son og ei dotter, mellom anna sonen Asser. I hans tid, i 1633, heitte det om garden at han hadde ein frodig åker, men ulempa var at han låg midt i allfarveg. Det vil seia at han låg ved tjodvegen – allmannavegen - frå Jæren til Stavanger.

Rasmus var ein akta mann i bygda og vart mykje nytta som domsmann på tinget. I 1643 var han også, saman med Per Gausel, vitne i ei sak mot Erik Dale som hadde nekta å betala skatten. Han hadde likevel sine konfliktar, og i 1634 skjelte han ut Ola Sola så heftig, at Ola på neste ting stemde han for retten. Det roa seg likevel, og dei to karane fann fram til semje.

Rasmus hadde og litt usemje med tenestefolka sine. I 1654 stakk såleis Tore Kolnes or tenesta før den tida som var avtala. Rasmus kravde då ei tønne korn – ca 62 kilo havre, som erstatning. Men også her kom partane til semje.  

Postgard

Ein gong, truleg uti 1650-åra, delte han garden med sonen Asser Rasmusson som også vart den fyrste postbonden på garden.

I 1662 fekk Stavanger sin eigen postmeister, Lauritz Flidtz, og postrute sørover Jæren. Fyrst gjekk ruta frå Stavanger over Ullandhaug postgard vidare til postgarden på Lura. Men i 1753 vart Ullandhaug nedlagt som postgard. Kammerråd Ebel brukte han då som avlsgard. Fram til då skyssa han og Nils Auklend posten frå Stavanger postkontor til Lura kvar si veke, kvar med sine postdrengar.

Bøndene på Auklend var likevel ikkje heilt nøgde med opplegget. Dei klaga over at Ebbel fekk dobbelt så mykje som dei for skyssinga trass i at dei skyssa like langt.

Dei viste også til at Ullandhaug ikkje berre låg langt frå postvegen med ein bratt bakke både opp til og ned frå garden, men at eigaren heller ikkje budde der sjølv. I staden budde berre ein husmann på garden. Nå tilbaud postbonden på Auklend seg å skyssa posten åleine, og det vart difor rådd til at Ullandhaug vart avvikla som postgard – noko som også skjedde.[5]

Husmannsplassar og skjenkestader på Nov

Då også Maren døydde i 1690, arva sonen d.y. Peder garden  og dreiv han vidare med tenestefolk. Det var også han som sette ned dei fyrste husmannsplassane, fyrst på Lødenhaug, sidan, i 1726, på Øvre Nov. Dette såg han seg nøydd til sidan bøndene på Madla midt på 1600-talet hadde sett ned ein husmann i Madlalia tett ved Ullandhaugs si mark.  For å sikra seg at dei ikkje tok seg ulovleg til rettes på Ullandhaug, sette han nå ned denne husmannsplassen som eit slag grensevakt mot Madla og Grannes som også skifta til denne staden.

Det førte til at bøndene og jordherren på Grannes gjekk til sak, dei hevda at området låg under deira gard. Dei tapte saka, men sette sjølv ned ein husmann på Nedre Nov for å sikra sine rettar. Slik fekk dei tri gardane kvar sin husmann kring den omtvista stabbstoa – grensesteinen mellom tri gardar.

Drikk og slagsmål

Desse husmannsplassane låg elles kloss i allfarvegen, og folk som hadde vore i byen, tok gjerne inn på desse husmannsplassane der dei hadde inntekter av å selja øl, dram, sider og mat til dei vegfarande. Særleg i samband med marknadane i Stavanger kunne det verta ganske livleg i Nov. Dette ølsalet var eigentleg ulovleg, og frå tid til annan høyrer me om drabelege slagsmål. Men når sjølv lensmannen skjenkte seg og slåst, var det ikkje lett å få bukt med denne aktiviteten. Slike slagsmål hamna stundom for tinget, og me får der ganske detaljerte skildringar av slike konfliktar.

Etter haustmarknaden i 1748 kom såleis lensmann Jon Grannes innom hjå Enok på Øvre Nov og vart godt skjenkt. Enok fortalte han då at Peder Kalleli hadde kome dragande med ein bylt på ryggen. Det viste seg at bylten var eit segl og fokke som høyrde til Sven Viste. Etter å ha oppklara dette, baud lensmannen Peder på dram.

Rasmus Saurnes kritiserte lensmannen for dette, og det starta eit munnhoggeri. Til sist vart dei samde om å gå utanfor og slåst. Det var meint at dei skulle halda slagsmålet for seg sjølv, men drengen til Tore Sunde slarva slik at futen fekk vita om det. Resultatet var at begge som slåst laut ut med ei dryg bot og det same måtte husmannen som hadde skjenkt dei.

Husmennene i Nov ser ut til å ha gjort det godt i vertshusbransjen, og investerte mellom anna i naust, båt og fiskeutstyr nede ved Hafrsfjord. Dessutan hjelpte dei til med skyssing av ferdafolk som drog langs allmannavegen.

Eigarar på 1700-talet

Peder Saxe d.y. åtte garden fram til kring 1735 og oppretta i si tid tre husmannsplassar: to på Nov og ein på «Lødenhaug». Han budde ikkje på Ullandhaug sjølv, men dreiv han med tenestefolk. I matrikkelen frå 1723 vart åkeren rekna som så måteleg, men han gav likevel 7,1 foll, godt over gjennomsnittet på Jæren. Buskapen var heller ikkje så verst: 26 hestar og 40 sauer. Dessutan åtte han seks hestar her på garden. Som det var vanleg laut dei fyra med torv.

Etter han tok ein annan byborgar over Ullandhaug: Kammerråd Ebbel. Heller ikkje han budde her, men dreiv som forgjengaren ved hjelp av tenestefolk. Etter at han døydde selde enka garden vidare til ein bygdemann, Peder Larsen Bø. Men for han var det helst eit investeringsobjekt, for same året selde han garden vidare til amtmann Henrich Tillich. Nå skifta det raskt mellom eigarane. Tillich døydde snart etter at han tok over, så fekk Lars Bjørnsen Jelsa garden i tre år då han i 1766 selde vidare til amtmann Henrich von Lachmann.

Berre to år etter selde han garden vidare til løytnant Bendiks Diurhus som heldt fram med å bu i byen og driva med tenestefolk. Men etter at han døydde og enka selde garden i 1776, skjedde det eit skifte. Nå busette eigarane seg også på garden. Dei var framleis byborgarar og dreiv framleis helst med tenestefolk, men fann altså høve til å flytta opp på garden.

Bufaste eigarar

Fyrst ute var Christen Olsen som òg vart kalla Christen Ullendhoug. I dei seks åra han budde her, sette han ned husmann på plassane Nyberg og Løyningen.

Men i 1782 selde han garden vidare til den 24-årige skipperen Ole Gabrielsen frå Sandnes. Han var son til Gabriel Helmiksen og var frå 1782 også byborgar i Stavanger. Gabriel var født i 1720, hadde drive handel i Sandnes og vart byborgar i Stavanger, men budde i 1801 hjå sonen på Ullandhaug. Ole var født i Sandnes i 1759 og gifta seg i 1785 med Anna Torgersdotter Trones. Dei vart elles svigerforeldra til Gabriel Schanche Jonasen. Dei dreiv Ullandhaug med fire drengar og to tenestejenter. I 1801 hadde dei tre born og eit fosterbarn. Ole selde garden i 1803 og flytta sidan til Sandnes. Der døydde han sidan i 1820.

1800–1920                                                                                

Heilt sidan mellomalderen har Ullandhaug vore prega av naboskapet til byen. På den eine sida var det ein nær marknad, berre tre kilometer unna til torget og bygatene. Det førte til enkel avsetnad for gardsprodukta. Det førte og med seg at det på Ullandhaug var fleire hestar til transporten enn det som elles var vanleg. Etter kvart – særleg frå sist på 1800-talet - baud også byen på arbeidsplassar både som attåtnæring for folk på Ullandhaug, men etter kvart også som einenæring. Ein annan verknad av nærleiken til Stavanger heilt inn på 1800-talet, var at byfolk kjøpte opp bruk på Ullandhaug og dreiv det fyrst med tenestefolk, sidan med forpaktarar.

I høve til den gamle landskylda – 30 spann korn – var Ullandhaug ein mellomstor gard. At han ikkje hadde større landskyld, var nok ein konsekvens av at han vart fråflytta som gard i seinmellomalderen, lagt øyde, men truleg likevel driven frå Stavanger. Denne øydeperioden fram til på 1500-talet, førde til at landskylda fall mykje meir enn på gardar som heldt oppe busetnaden.

Ved inngangen til 1800-talet, var heile garden eit einaste bruk. På den andre sida var her sju husmannsplassar. Men i 1803 vart garden delt i tre bruk, to på 12 spann landskyld og eit på seks spann landskyld. Sidan vart eit av 12-spannsbruka delt i to, slik at det i 1838 var fire bruk på garden, eit tal som heldt seg konstant til 1855 medan talet på husmannsplassar då auka til elleve. På gardsbruka var det  relativt mykje tenestefolk, i gjennomsnitt fem på kvart bruk. Talet på tenestefolk vart sidan halvert fram til 1891.

Desse husmannsplassane var ganske små, ei ku eller to, fem – seks sauer og ein liten åkerflekk for poteter og litt rug. Dei var ikkje store nok til å fø husmannsfamilien slik at husmennene laut ta diverse anna arbeid som handverkarar, særleg tømmermenn, køyrarar og nokre av kvinnene vov og spann. Elles gjekk dei på diverse gardsarbeid.

Kring 1870 tok husmannstida slutt på Ullandhaug. Medan det i 1855 var oppe i elleve husmenn på Ullandhaug, sokk talet til tre i 1865 og i 1875 var det ingen att.  I 1865 var det framleis berre fem bønder, medan det i 1891 var åtte.

Som det går fram, heldt altså talet på husstandar seg ganske konstant og det same gjorde folketalet. Heilt frå 1801 til 1875 låg det kring femti. Men frå kring 1880 tek det til å stiga ganske bratt til 80 i 1891, 147 i 1900, 205 i 1910 og 382 i 1920. Det var særleg i dei bynære strøka folketalet auka; Skankeholen og Saksamarka. Då desse områda i 1923 vart lagde til Stavanger, førde det til ein ytterlegare vokster i busetnaden. Særleg vaks det fram ein urban busetnad i Saksamarka frå 1930-åra av.

Interessant er det, at då folkevoksteren for alvor skaut fart, var det frå Ryfylke dei kom. Medan 55 % av alle på garden i 1900 var født i Ryfylke, var andelen frå Jæren berre 6 %, fallande til 3 % i 1910. Og mest av alt kom det folk frå Høgsfjordområdet, Strand og Forsand. Det ligg nær å tru at det sviktande sildefisket fyrst på 1870-talet spela ei rolle her.

Frå 1875 førde bruksdelinga også til at mange bruk vart for små til å brødfø familiane sine. Minst tredjeparten av bøndene laut difor finna noko attåt å gjera, mellom anna som køyrarar, skomakarar og tømmermenn. Elles blømde det opp omfattande aktivitet under Køhler i Hillevåg, og i 1875 var det fleire på Ullandhaug som tok seg arbeid i fabrikkar der. I 1891 fanst det sjøfolk, industriarbeidarar, hustømmermenn og jamvel ein handelsmann på Ullandhaug. Dessutan var det fleire som gjekk kring som jordbruksarbeidarar.

I 1910 dukka også funksjonærane opp og attåt meir urbane yrke som bokbindarar og pølsemakarar. Fram mot 1920 vart dei meir urbane yrka dominerande i forhold til bøndene., ikkje minst fanst her då seks ingeniørar og jamvel eit par frisørar. Nemnast må også ein konservator og ein musikar.

Perioden fram mot 1920 var også prega av at andre enn rogalendingar flytta til Ullandhaug.  Då var heile 7 % fødde i utlandet medan 14 % flytta til Rogaland frå andre delar av landet, ikkje minst frå Nord-Noreg.

Av interessante hendingar elles på Ullandhaug, kan nemnast at det var vardevakt på Ullandhaug fram til kring 1800. Vidare vart det bygd veg for firehjuls køyretøy til Ullandhaug i 1892 og same året vart det gitt fri grunn til Haraldstårnet som vart reisti 1896. I samband med denne utsiktspaviljongen vart det også reist bautasteinar i marmor henta frå Talgje. I 1896 var Oscar II ved tårnet og fekk namnet sitt i gullskrift på ein av steinane og i 1906 var kong Haakon VII og dronning Maud på besøk. Stavanger kommune tok over tårnet i 1899.

Her kom fast skule med lærarbustad for Ullandhaug, Tjensvoll og Kvalaberg på Skankeholen i 1897 og bedehuset vart reist i 1911. Dette siste året starta også planane og Stavanger Radio som starta drifta i 1918. Ho vart avvikla i 1930, og det var då planar om å nytta bygningen som kretsfengsel. Skogplantinga tok til i 1909 og i 1939 vart det bygd hoppbakke og arrangert hopprenn. I 1939 vart også Stavanger Fornøielsespark etablert i Skankeholen.

Brukarliste for Ullandhaug

Bruk a

Ola                                (1602 – 1610)

Osmund                       (1610 – 1614)


Rasmus Assersson        (1615 - 1661), 30 spann landskyld, g. m. n.n,

Born:        Asser

                ei dotter


Asser Rasmusson, f. 1641  (1661 - 1668 )  15 spann landskyld                                                          

Fostersøner:                                                                                                   

Ole og  Ole Endressøner, f. 1651 og 1653


Tollinspektør Peder Saxe d.e. (1665 - 1690  )

Tollinspektør Peder Saxe d.y. (1690 – 1721)


Anders Torsteinsson og Maria Torkelsdotter:                                                                

Anna Maria,dpt. 25/8 1715


Jon Jonsson (1721 - 1735 ), f. 2/6 1701, 30 sp. (Lea nr. 23a),:              

Born:                                                                                              

1. 1. Dorte, dpt. 22/10 1730,                                                                                                

2. Rasmus, 2/11 1732


Kammerråd Ebbel  (1735 - 1760 )  Tenarar: Tore Andersen, f. Time sokn, Ommund Karlsen, f. Time sokn, Ole Olsen, f. Soma sokn, Siri Olsdatter, f. i Varhaug, Kari Olsdatter, f. i Bjerkreim 


Peder Larsen Bø                    (1760 -  1761)


Amtmann Henrich Tillisch   (1761 -  1763 ), tenarar: Jan Ravel, Østen Nielsen, Lars Thorsen og Johannes Johannesen. Jenter over tolv år: Siri Osmundsdatter, Sidsell Larsdatter, Judith Johnsdatter, Anne Torbjørnsdatter, Malene Kristoffersdatter, Birthe Rasmusdatter.


Lars Bjørnsen Jelsa               (1763 -  1766)


Henrik von Lachmann                   (1766 -  1768)


Løytnant Beniks Diurhus               (1768 – 1776)


Christen Olsen Ullandhaug   (1776         - 1782)  Håland i Erfjord, f. 1745 g. 16/10 1774 m. Margrete Larsdotter, f. 16/11 1754 i Jelsa.                                                                            Born:                                                                                                                        

. Marta, 2/6 1776,                                                                                                              

2. Ole, f. 10/4 1778,                                                                                                                        

3. Lars Kristian, 25/11 1780,                                                                                                        

4. Kristen, 18/5 2783,                                                                                                          

5. Kristen 28/3 1785.


Ole Gabrielsen (1782 – 1803) , dpt. Sandnes 23/9 1759, d. 10/9 1841, g. 9/3 1785 m. Anna Torgersdatter Øvre Trones, d. 9/3 1785, d. 20/4 1834.                                                                                         

Born:                                                                                                                        

1. Maria, 22/7 1787 Stavanger,                                                                                    

2. Gabriel, dbt. 4/10 1789,                                                                                            

3. Gabriel, dpt. 19/8 1791,                                                                                              

4. Torger, dpt. 19/8 1791,                                                                                                      

5. Andreas Ole, dpt. 18/11 1799 (Sandnes)


Asgaut  Eivindsen, (1803 -             ), 18/5 1777, Bergeland i Årdal, jekteskipper i 1817, g. 15/6 1798 m. Gjertrud Torbjørnsdotter, f. 1778 i Øvre Riveland i Årdal.                                                                   

Born:                                                                                                                        

1. Susanne, 7/4 1799, g.m. Tolleiv Henriksen Auestad, Stavanger,                          

2. Torbjørn, 26/10 1800,                                                                                                    

3. Eivind, 14/2 1802, d. 2/4 1822 som matros på Askvikhaugen i Jelsa,                                                                                                               

4. Johan Kristian, 29/1 1804,                                                                                          

5. Reidar, 6/10 1805,                                                                                                      

6. Torbjørn, 10/5 1807,                                                                                                    

7. Anne Katrine Helvig, 12/9 1812,                                                                                      

8. Asgaut, 4/12 1817. Budde fram til 1802 på Kaltveit og Nes i Årdal.


Bruk b

Mikkel                 (1602 – 1610)

Husmenn

Saksamyra

Torkel Stålesson og Elisabeth Lardotter:                                                  

Born:                                                                                                   

1. Marta, dpt 29/9 1717 og                                                                                                    

2. Berite, dpt. 15/8 1728


Tjeran Torkelson og Elen Torgersdotter:                                                

Born:                                                                                                        

1. Torger, dpt. 22/5 1721,                                                                                            

2. Tolleiv, dp.13/1 1723,                                                                                                        

3. Ole, dp. 13/8 1724


Halvor og Anna Halvorsdotter:                                                                   

Born:                                                                                                    

1. Halvor, dpt. 9/10 1735


Syvert Helgeson g. 4/11 1802 m. Elen Johannesdotter, dpt. 16/12 1764, d. 25/11 1825.                                                                                                                            

Born:                                                                                                                                

1. Rakel Helene, 26/8 1802,                                                                                          

2. Johannes, 19/2 1804,                                                                                                  

3. Helga, 26/5 1805

Johannes Andersen Saxemyren                  1768 –

Gabriel Berntsen Saxemyren                  1784 -

Elling Olsen                 Saxemyren          1788 -

Einar Årsvoll              Saxemyren           1797 -

Nov

Enok Pedersen Nov, Ingeborg Olsdatter,                                                    

Born:                                                                                                               

1.      John Enoksen,                                                                        

tenestejente Birte Klausdatter.

Ole Iversen           Nov                    1784

Ommund Olsen    Øvre Nov            1797

Nov

Daniel Larsson, f. 1737, Brathetland i Fister, g. 29/6 1766 m. Borghild Torsteinsdotter, f.1734, Solberg i Fister.                                                                    

Born:                                                                                                                          

1.      Lars, 30/11 1766,                                                                                                    

 2.      Torstein, 13/11 1768,                                                                                                  

3.      Ingeborg, 10/12 1769,                                                                                              

4.      Borghild 6/10 1771,                                                                                                  

5.      Torstein, 29/1 1775  og                                                                                            

6.      Maren, 19/1 1777.                                                                                                        

Kom frå Brathetland i Fister, flytta sidan til Skjæveland i Høyland, nr. 41.


Øvre Nov                                                                                                            

Ivar Olsen (1789 -    ) og Anna Eriksdotter:                                                                                    

 1. Ole, dpt 1788, Lura 38c,                                                                                                      

2. Erik dpt. 20/11 1791


Ommund Olsson, (1797 -   )  f. ca. 1756 g.m. Magela Nilsdotter, f. ca. 1761.                                                                                                   

 Born:                                                                                                                              

1. Sissel: f. ca. 1782,                                                                                                          

2. Malena, f. ca. 1791,                                                                                         

3. Herborg, Auglend


Vollen

Ole Olsen              Vollen                1779

Eivind Olsen       Vollen                  1806


Nyberg

Ivar Olsen           Nyberg                1780


Ommund Olsson, f. ca. 1765, (1789 -      )                                                                                          

Born:                                                                                                                                

1. Berta, f. 1793,                                                                                                                  

 2. Inger, f. 1798,                                                                                          

3. Ola Ivarsson, fosterson, f. 1788


Josef Larsen                Nygård                (1803 -    )


Løyningen

Sven Torgilsen    Løyningen           (1780 -   )

Eivind Olsen       Løyningen           (1803  -   )


Holen

Kristen Knutson,  25/3 1734, d. 1809, g. 13/4 1757 m. Kari Nilsdotter Nerland, Finnøy.                                                                                                                              

Born:                                                                                                                                

1. Maren, f. 171766, enke, steller faren i 1801.                                                                                              

 Hennar born:                                                                                                                              

 2. Karen Rasmusdotter, f. 1791,                                                                            

3. Kristian Rasmusson, f. 1793,                                                                                              

4. Knut, f. 1796.                                                                                                                  

 5. Gabriel Olsson, f. 1787, fosterson.


Myrå

Johannes Anderson, Hustoft i Imsland, f. 1731 og Helga Pedersdotter, Sand i Sand, f. 1733, g. 2/7 1758.                                                                                              

Born, dei tre eldste f. i Sand i Sand:                                                                                                                            

1. Berta, 7/1 1759,                                                                                                          

2. Anders, 8/5 1763,                                                                                                            

3. Eli, 16/12 1764,                                                                                                                              

4. Peder, 1/1 1768


Ole Olsen og Kristi Pedersdotter:                                                                  

Born:                                                                                                       

1. Olene, dpt. 30/9 1792,                                                                                                    

2. Ole, dpt. ¾ 1795,                                                                                                           

3. Line, dpt. 12/5 1797


Eilev Gunnarson, dpt. 1770, Sørbø i Htøyland, 20h, Kannik, g. 10/3 1791 m. Ingebjørg Jørgensdatter.                                                                                          

Born:                                                                                                                          

1. Berta, dp. 21/3 1792,                                                                                                  

2. Eilev, dp. 1|2/4 1795


Einar Einarson, f. 1772, Åreskjold i Høyland, 10f, g. 28/6 1792 m. Anna Jonsdotter, f. 1768, Hobberstad i Varhaug.                                                                 

Born:                                                                                                                           

1. Anna Maria, dp. 15/12 1793,                                                                                    

2. Kristina, dp. 26/12 1796, Gausel

Madlavoll

Johannes Nilson, f. ca. 1750 og Berta Eivindsdotter, f. 1782, Bergeland i Årdal:                                                                                      

Born:                                                                                                                            

1. Nils, f. 10/4 1778 og                                                                                                  

2. Eivind, dpt. 25/3 1781,                                                                                                         

3. Ole, 17/8 1788,                                                                                                          

 4. Johanne Elisabet,                                                                                                           

5. Jonas, d. 9/10 1796


Ullendal

Torger Gulliksen  Ullendal    (1797 -    )


Tolleiv Ådneson, (1799 -      ) 30/5 1778, Åsland i Time, n. arbeidar i 1806,g.m. Inger Larsdotter, 24/12 1776.  Husmann i 1801                                                                                           Born:                                                                                                                            

1. Ådne, 6/1 1799,                                                                                                              

2. Lars Jørgen, 26/4 1801,                                                                                                

3. Kristian Fredrik, 2/2 1806,                                                                                              

4. Marta Telette, 21/3 1808,                                                                                                    

5. Tolleiv, 24/3 1810,                                                                                                         

6. Inger Karine, f. 8/4 1813

Sivert Olsen, f. 1774, Årrestad i Time, g. 14/2 1797 m. Elisabeth Eriksdotter, f. 1775, Netland i Time.                                                                                                     

Born:                                                                                                                                      

1. Ole, dpt. 12/3 1797,                                                                                                            

2. Erik, 9/6 1799,                                                                                                                

3. Guri, 2/9 1802,                                                                                                         

4. Andreas, 5/1 1806.                                                                                                      

5. Maren Elisabeth, ¾ 1809. tidlegare Haugland i time, sidan Stavanger.

Nygård

Hans Hansson, Vatsvåg i Nedstrand, 1.g 1/1 1804 m. Åsa Isaksdotter, Sokn, 2. g. 16/6 1805 m. Siri Eriksdotter, Mjølsnes.                                                                

Born:                                                                                                                             

1. Karen Malene, f. 12/8 1804,                                                                                          

2. Åsa Malene, 10/8 1806,                                                                                                        

3. Hans, 26/7 1808. Seinare Stangeland i Høyland, nr. 51.

Andre husmenn

Peder Johannesson, f. 1/1 1768 og syster Elen Johannesdotter, f. 1765.


1754:

Per Persen , husmann, 3 barn, Tore Olsen, husmann, 4 barn,


Ivar Torger Nof, husmann, 1 barn.

1762:

Tore Mikelsen, Annike Johnsdatter, tre born: Johannes, Tosten og Lisbeth.

Kristen Kristensen, Karen Olsdatter, inderst Marie Østensdatter


Nils Lambertsen   Utan namn                   1772           619

Reidar Reidarsen           Utan namn                   1775           39

Referansar

  1. Særheim, 2007, s. 245.
  2. DN 4, nr. 994.
  3. Waula, 2022, passim.
  4. Olsen, 1976, s. 46.
  5. Schanche; «Forklaringer angaaende Post-Bønder..», 1754.

Kjelder og litteratur