Ulrik Frederik Bøyesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. okt. 2019 kl. 07:20 av Vidariv (samtale | bidrag) (→‎Familie: feil ektemann)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ulrik Frederik Bøyesen (fødd 19. januar 1773 i Kristiania, død 18. oktober 1841 i Ullensaker) var prest og forfattar.

Bøyesen voks opp i Kristiania som son av kjøpmann Peter Otto Bøyesen og Dorthea von Cappeln. Han gjekk Kristiania Skole, vart student 1791 og cand.theol i København 15.7.1800. Etter fleire år som lærar i København vart han 2.12.1804 residerande kapellan i Vågå i Oppland.

Lærdal - 1814

Den 22.4.1812 vart Bøyesen utnemnd til sokneprest i Lærdal i Sogn og Fjordane.

Under bededagen 18. mars 1814 i samband med vala til riksforsamlinga, heldt Bøyesen ei av dei få bededagstalane som òg vart prenta. Bøyesen vart vald til ein av to valmennene frå Lærdal prestegjeld og møtte på amtsmøtet i Vik 30. mars. Her vart den andre valmannen frå Lærdal, Peder Hjermann, vald til representant til riksforsamlinga.

Bøyesen drog òg til riksforsamlinga på Eidsvoll med ein varamannstatus han hadde fått av amtmann Herman Gerhard Treschow fordi to av representantane frå amtet var sjuke og kanskje måtte melde forfall. Bøyesen vart aldri eidsvollsmann, og det vart seinare ein krangel med den nye amtmannen i Nordre Bergenhus, Christian Magnus Falsen, om reiseforskotet han hadde fått utbetalt på Eidsvoll.

Bøyesen var òg valmann ved valet til det ekstraordinære Stortinget hausten 1814, men ikkje ved stortingsvala resten av tida han budde i Lærdal.

Under opphaldet i Lærdal skreiv Børresen òg eit «Bidrag til en topographisk Beskrivelse over Leirdals Præstegjeld» (1817), prenta i Budstikken 1820. Skildringa er prega av dei sterke inntrykka han fekk på reisene i det vidstrekte prestegjeldet, som òg femnde om Årdal.

Bergen og Ullensaker

Den 23.3.1822 vart Bøyesen residerande kapellan ved domkyrkja i Bergen, og han vart utnemnt til sitt siste prestekall 10.1.1825 då han vart sokneprest i Ullensaker i Akershus. Her hadde Bøyesen-familien mykje kontakt med soknepresten i grannebygda Eidsvoll, Nicolai Wergeland og familien hans.

Bøyesen fekk Medaljen for borgerdåd i 1822.

Familie

Bøyesen gifte seg med prestedottera Anna Møsting Teilmann (1777-1849). Dei fekk fire born, og tre av dei voks opp:

Kjelder og litteratur

  • U. F. Bøyesen: Taler paa den anordnede høitidelige Bededag holdne i Leirdals Hovedkirke den 18de Marts 1814, Jacob Lehmann: Christiania 1814. (Digital utgåve)
  • U. F. Bøyesen: «Bidrag til en topographisk Beskrivelse over Leirdals Præstegjeld», Budstikken 1820.
  • Omtale i Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger, 1896, bd. 2, s. 67-68. (Digital utgåve)
  • Omtale i Norsk biografisk leksikon, 1925, bd. 2, s. 465-466. (Digital utgåve)
  • Omtale i Norsk Forfatter-Lexikon 1814-1880, 1885, bd. 1, s. 569. (Digital utgåve)
  • Kleppa, Hermund. (2014). Ny kunnskap om Riksforsamlinga på Eidsvoll: Noregs fyrste varamann kom frå Sogn og Fjordane. Årbok for Sogn, s. 52-67.
  • Ulrik Frederik Bøyesen i Historisk befolkningsregister.