Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Ulstein kommune ligg på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Det er ein øykommune som famnar den vestlege delen av Hareidlandet, øyane Dimnøy og Eika og nokre mindre øyar. Administrasjonssenteret er Ulsteinvik. I 1916 vart Hareid kommune på Hareidlandet utskilt som eigen kommune. Dei noverande grensene vart fastsette i 1964, då Eika og delar av Hareidlandet vart overført frå Herøy.
Kommunen har ein del industri som sysselsett kring ein tredjedel av arbeidsstokken. Ein finn særleg verkstadsindustri. Fisket var tidlegare særs viktig for kommunen, men er ikkje lenger like sentralt. Jordbruk blir helst drive i kombinasjon med andre næringsvegar.