Umesamar

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. nov. 2022 kl. 10:12 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (kat.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lappstaden i Arvidsjaur.
Foto: Olve Utne (2012).

Umesamar er eit hovudsaklig skogssamisk folk som har det tradisjonelle området sitt frå LyckseleHemnes i sørvest og nordetter til Arvidsjaurs kommun og dei sørlige skogsbygdene av Arjeplogs kommun. Språket deira er tradisjonelt umesamisk. Umesamisk er totalt utdøydd i Norge, men blir snakka av nokre få menneske i Sverige. Det er etablert ei de facto rettskriving, og revitaliseringsarbeidet er i full gang. Den umesamiske drakttradisjonen ligg, som hos pitesamane i nord og sørsamane i sør, til den sørsamiske hovudtradisjonen. Særlig vanlige trekk i byggjeskikken er dimbargåedieh (lafta tømmerkåter), som òg er ein del bruka blant pitesamane.