Ungdomshuset Vårvon

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Ungdomshuset Vårvon feira i 2012 100-årsjubileum.
Foto: Eldar Høidal (2012)

Ungdomshuset Vårvon ligg i Straumgjerde i Sykkylven kommune. Huset vart bygd av Ungdomslaget Samhald, med Ole Ingebrigtsen Strømme og Hans Tandstad blant drivkreftene. Vårvon vart innvigd i 1912, og gjennom fleire tiår var bygningen det einaste samlingshuset i Straumgjerde. Fram til første byggjesteg på nyeskulen stod ferdig i 1955, var det ikkje noko anna lokale som kunne samle bygdefolket under større arrangement. Først tretten år seinare vart gymnastikksalen på skulen bygt. Om lag på same tida kom bedehuset.

Etter kvart som det nye fjernsynsmediet tok meir og meir av merksemda til folk, vart det vanskelegare å få friviljuge til å aktivisere seg i lagsarbeidet, ja, også å få dei til å stille som publikummarar når det vart skipa til grendafestar eller kinoforestillingar.

Nytt liv

Kring 1980 var det likevel nokre ungdomar som bles nytt liv i laget. Jarle Strømmegjerde var ein av drivkreftene. Då han gjennom lokalavisa i september 1983 inviterte straumgjerdingane til grendafest, var det nettopp fjernsynet han såg på som den hardaste konkurrenten. I følgje Strømmegjerde hadde likevel ein grendafest meir å fare med enn aktørane i den amerikanske såpeserien Dynastiet.

Det var truleg ikkje alle som såg det slik, for ungdomslaget Samhald og huset gjekk ikkje lenge etterpå inn i ein ny tiårig tornerosesvevn. Huset stod der med sin høge og luftige sal, si scene, sine tome benkar og fargerike rosemålingar utan at nokon såg ut til å bry seg med det. Slik var det inntil nokre eldsjeler tok fatt i tanken om å fylle huset med liv og aktivitetar igjen. Styremedlem i Straumgjerde Vel, Odd Jostein Drotninghaug, gjekk i juni 1994 ut i Sykkylvsbladet og tok til orde for ein bergingsaksjon for ungdomshuset. Forfallet hadde byrja, vindskeiborda hadde ramla ned, målinga var sliten og det var ikkje fritt for at det var råteskader i treverket på huset. Kjellaren var mildt sagt lite innbydande og med sterkt preg av rålukt. Mange tala for å rive heile ungdomshuset.

For å få ei vurdering av kva som ville krevjast for å setje huset i brukbar stand att fekk ein byggmeister Svein Flåthe til å setje opp eit overslag i 1994. Arkitekt Berge Hjørungnes ved kulturavdelinga i fylkeskommunen vart også kontakta. Han kom på synfaring og meinte at huset representerte så store kulturelle verdiar at det var viktig å berge bygget. I ein skriftleg rapport uttala Hjørungnes mellom anna: ”Den takhøge hovudsalen med oppbygd scene mot aust og galleri mot vest er vakker både i hovudform og ikkje minst dekorasjonar. Malte og dekorerte snikkararbeid i takstolar, listverk, brystningsfelt verka å ha ein kvalitet som ein elles berre finn i kyrkjeinteriør.” Ungdomshuset Vårvon skal elles vere eit av dei siste ungdomshusa i mur frå denne perioden som framleis står. Det tok til å vokse fram ei erkjenning lokalt av at ein her hadde eit bygg både med tradisjonar og potensiale for framtidig bruk som gjorde at det var verdt å gjere ein innsats for å setje det i fullgod stand att.

Etter ei lokal kronerulling hausten 1995 fekk ein inn så pass mykje midar at ein kunne ta dei mest grunnleggande reparasjonane på huset, i første rekkje på taket.

Berge Hjørungnes kom tilbake til Straumgjerde i januar 1996 og gjennomførte då ei synfaring i ungdomshuset. Han orienterte interesserte frammøtte om bygget og tida det vart ført opp i. Forsamlinga gjekk så vidare til skulen der det vart konstituerande styremøte. Den førre leiaren, Leif Magne Tandstad kunne på dette møtet overrekke styrepapira til nyvald leiar Erling Opdahl jr. Med Opdahl som drivkraft for eit breidt samansett styre starta ein tålmodig gjenreisingeperiode for hus og lag.

Restaureringsarbeid

Vårvon ligg i tettstaden Straumgjerde.
Foto: Eldar Høidal (2012)

Den første tida måtte kreftene naturleg nok konsentrerast om den fysiske istandsetjinga av huset. Ein såg raskt at her måtte det dramatiske tiltak til. Kjellaren var sterkt fuktskada og i tillegg var rominndelinga lite praktisk for laget sine framtidige behov. Det som var ønsket var å få til ein fin og romsleg kjellarsal som kunne brukast til festlege samkome og ymse møte i krinsen. Styret ønskte å leggje innreiinga opp i samvar med retningslinjene til fylkesarkitekten og han gav tilrådingar som i hovudtrekk vart følgde. Ein vart imidlertid stilt nokså fritt når det gjaldt innreiinga av kjellaren. Det var mindre rom for improvisasjonar i hovudsalen. Her var det også mindre ein trong å gjere i første omgang. Som Hjørungnes tidlegare hadde påpeika var salen vakker og med mange gjennomarbeidde detaljar. Salen var også i forbausande god forfatning og den var åleine grunn god nok til å setje i gang bergingsarbeidet.

Kjellarsalen var det første dugnadsprosjektet som vart gjennomført. Sjølv om restaureringsarbeidet tok det meste av arbeidskrafta til styret desse åra, vart det også lagt ned ein innsats for å skape aktivitetar i krinsen i god ungdomslagstradisjon. Det vart arbeidd for å tenne teaterinteressa blant dei yngste og frå slutten av 90-åra har det vore god teateraktivitet mellom dei yngste i huset. Hovudsatsinga på arrangementssida var lenge Straumgjerdedagen. Det var styremedlem Petter Jarnes som i 1995 tok opp tanken om å få til ein aktivitedsdag sommaren der både friområdet ved laguna og ungdomshuset kunne brukast. Særleg Ta sjansen-tevlinga i laguna vart ein fulltreffar som kvar sommar i fleire år trekte mange hundre menneske til Straumgjerde. Eit par år utvida ungdomslaget Straumgjerdedagen slik at det var arrangement over to dagar.

Revy

Ut av lagsmiljøet voks det etter kvart fram ei gruppe som tok opp tanken om å skipe til revy i ungdomshuset. Nokre av kreftene i gruppa, til dømes Petter Jarnes, hadde erfaringar frå tidlegare revyaktivitetar på huset. I 2002 kom den første revyen; Polstra truser på blå resept. Ved sida av Petter Jarnes var Hilde Straumsheim sentral som tekstforfattar, instruktør og skodespelar. Dei følgjande åra vart det ein god påsketradisjon i Straumgjerde og Sykkylven elles å innleie høgtida med revy palmehelga. På grunn av god publikumsinteresse fekk ungdomslaget, som eigar av huset Vaarvon, betre økonomi og midlar til å ruste huset vidare opp. Dei første åra var det trangt for revygjengen, då alle måtte skifte og ordne seg mellom innslaga i eit lite garderoberom. Fram til jubileumsåret 2012 vart det ført opp eit romsleg nybygg i tre høgder med god plass og moderne fasilitetar for publikum og aktørar. Drivkraft i utbyggingsarbeidet var leiar i ungdomslaget, Jarle Strømmegjerde. Pensjonert entreprenør Svein Flåthe hadde lagt ned over to årsverk i dugnadsarbeid då huset stod ferdig til jubileumsrevyen påska 2012. Det siste store løftet i dugnadsprosjektet var restaureringa av storesalen som vart dekorert og utstyrt akkurat slik han var då huset var nytt.

Ungdomslaget Samhald fekk Sykkylven kommunes kulturpris for arbeidet med restaureringa av det gamle ungdomshuset i 2009. I 2012 mottok laget Fortidsminneforeningen, avd. Sunnmøre, sin Godt Vern-pris.

Kjelder og litteratur

  • Tandstad, Kjetil: UL Samhald 90 år, Sykkylven 1985.
  • Kjetil Tandstad og Eldar Høidal: Ungdomshuset Vaarvon 100 år. Sykkylven 2012.