Ungdomshuset i Feios

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. sep. 2017 kl. 08:37 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Ungdomshuset i Feios.

Ungdomshuset i Feios, Vik kommune, vart bygd i 1922, men det stod ikkje heilt ferdig før i 1927. Feios ungdomslag bygde det for at dei skulle ha ein eigen plass å møtast. Ungdomshuset har vorte pussa opp fleire gonger. I 1986 bygde dei på vetlesalen.

I 1886 vart Feios ungdomslag oppretta. Ungdomslaget var eit av dei fyrste ungdomslaga i Sogn. I 1920 vart Harald Tjønn vald til formann, noko han var samanhengjende i 25 år. Det var då den gamle tanken om eit eige hus kom fram att.

Ungdomshuset vart bygd i 1922, og i julehelga 1923 vart det halde opningsfest i eit nytt klubbhus. Ein veit ikkje kor mykje som var ferdig innvendig i huset til opninga, men det pågjekk iallfall arbeid til ut 1926. Det hadde utruleg mykje å seia for laget at dei hadde sitt eige hus.

I 1941 vart det vald ei byggjenemnd som skulle prøva å få bygd eit uthus til ungdomshuset (vedhus og do). Uthuset vart bygd i 1950.

I 1947 var ungdomshuset over 20 år gamalt, og det viste. Festsalen, gongen og dørene blei malt, og i 1948 vart det kjøpt nye benker. I 1954 fekk ungdomshuset innlagt vatn frå vassverket. Elektrisk lys kom først i 1958, medan varme måtte dei vente til i 1963 med å få. Det ble også lagt nytt golv i festsalen.

I 1977 var dei komne til eit stadium der dei lurte på om dei skulle late huset forfalla heilt, eller om dei skulle prøva å halda det ved like. Dei kom fram til at dei forsiktig skulle prøva å pussa oppatt huset. Då dei skjøna at dei hadde heile bygda med seg, vart det oppussing.

I dag vert huset brukt til store forsamlinger og diverse festar i bygda. Ungdomshuset i Feios er ein del av Feios kulturløype.

Kjelder


Valknute Kaar 2009.gif Hele eller deler av Ungdomshuset i Feios er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.