Uppistog (Bykle gnr 14/5)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Uppistog
Byklum 034.jpg
Uppistog 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Uppistog Byklum
Rydda: omkr. 1660
Utskilt: 1665
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 5
Type: Gardsbruk
Uppistog 31.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Uppistog, som ligg oppi bakken litt ovanfor og austanfor det gamle fellestunet i Tuptine i Bykle, dukkar fyrste venda opp i kjeldene våre på 1660-talet, nærare bestemt i 1666, då det vert meldt at der var ei fjerde og ei femte brukseining i Byklum, etter at det i fleire år hadde vore berre tre. Me har oppfatta det slik at dei «nye» bruka då var Lunden og Uppistog. Som me har vore inne på i bolken om Lunden, var det bruket ikkje nytt, men Uppistog tykkjest ha vore det.

Sivilingeniør Aasmund Drengsson Tveiten i Asker har skrive ei stor og god ættebok med tittelen Uppistog - garden under Brokkeskar, og generøst overlate oss ein kopi til bruk for bygdesoga. Me skal herme fleire stykke or henne, og elles har me heile vegen nytta Tveiten sine resultat til jamføring. På sume punkt har me tolka kjeldene noko ulikt, noko som førde til ei rekkje gjevande og interessante samrøder.

Om tunet og husa i Uppistog skriv Tveiten m.a. dette:

Stogehus og lopt i Uppistog står på ein liten flate under bratte Brokkeskar. Det er såvidt plass til eit lite tun framfor huset.[...]. Loptet sto mest inntil årestoga og med gavl ut mot tunet. Loptet i Uppistog var heller enkelt, [... og ] er heller ikkje særleg gamalt.[...] Uthusa var sette på ein smal flate, eit stykke nedanfor stogehusa. Dette var einaste staden det var mogeleg å plassere hus, så her har [... dei] nok alltid stått. [...] flaten var så smal at det vart svært høge grunnmurar under fjos og tadde, og løa stod på høge honnsteinar på nedsida, medan veggene på oversida stod mest ned på bakken. [Uthusa] er borte nå. [Der dei sto ] er det lagt opp ei stor jordfylling, for å få snuplass til brøytebilane.

Den fyrste me finn busett i Uppistog heitte Tarjei Knutsson, og me har kome til at han må ha vore son åt Knut Åsmundsson i Austistog. Tarjei budde i Uppistog iallfall frå 1666 og til noko fyre 1690, då han tykkjest ha hamna i Utistog. Sidan det var der han vart verande, er den nærare omtalen av han sett inn i bolken om det bruket.

Kven som overtok Uppistog då Tarjei Knutsson flutte ifrå er nokså uklårt, men ein finn likevel namn på ei rekkje personar som tykkjest ha budd her frå denne tid og frametter 1700-åra, og i beitevis kan det også ha vore to familiar på kvar sine partar av bruket.

Ein Torleiv Åsmundsson er nemnd som oppsitjar på 3 kalveskinn i åra 1688 til 1691. Samstundes med han var her ei enke Tore, som også svara skatt av 3 skinn i garden iallfall til og med 1697. Kven var så desse folka?

Den einaste Torleiv Åsmundsson me veit om, som for alderens skuld kan ha vore innom her på denne tid, er ein som vart oppskriven som husmann einkvarstad på Nesland i eit manntal frå 1718, og som skal ha vore 50 år det året. Me veit ikkje meir om denne mannen, men gjet på at han kan ha vore ein son åt Åsmund Gunnarsson Nesland i Nedre Mosdøl. Om dette er rett, og det verkeleg var han som budde her, har han nok ikkje ått noko i garden, men bygsla parten sin.

Kven han i så fall bygsla av, er uvisst, men så vidt me kan skjøne har omlag halvparten av det som hadde vore Uppistog i 1665 sidan høyrt til brørne Olav og Ånund Jonssøner i Innistog i fellesskap, men me veit ikkje kva tid dei fekk tak i denne eigedomsparten, som lyt vera utgangspunktet for det som sidan heitte Torsbu.

Om enka Tore kan me slå fast at ho sat med 3 skinn, men kor lenge ho hadde eigedomen er usikkert. Grunnen til at jamvel dette er ugreitt er at landskattelistene etter 1697 berre fører opp «enchen», utan å seia kva denne enka heitte, og såleis held det fram til og med 1719. Men så kjem skoskattelista frå 1711 innimellom og fortel at «enchen Anne» var oppsitjar på bruket det året, og i krigsstyrlista frå 1716 er oppført «enchen Anne Halvor Targiesens», altså Anne, enke etter Hallvard Tarjeisson. Me lyt vel tru at det er tale om den same Anne.

Her har me då to enker, men sat dei på kvar sin part eller avløyste den eine av dei den andre på same parten? Dette kan me ikkje vita, og også elles er det smått med opplysningar å finne om dei.

Kven Tore hadde vore gift med, veit me ikkje, men Anne var enke etter Hallvard Tarjeisson, og Hallvard att var son åt Tarjei Folkesson Dale i Austistog. Anne var dotter åt Olav Gunnarsson Nesland, skjønar me, for elles ville ikkje Tone, dotter hennes, vore mellom ervingane etter Vetle Gunnarsson Nesland, då han døydde kring 1720. På dette punktet kan me altså stadfeste det som står i den gamle gards- og ættesoga (73).

Det me veit om Anne og Hallvard og borna deira kan oppsummerast som fylgjer:

  • Anne Olavsdtr. Nesland n 1711-1719
g m Hallvard Tarjeisson Byklum n 1716. Born, iallfall :
  • Gunvor, f ca 1703 (?), g 1719 m Dreng Torbjørnsson, sjå Austistog, bnr 7
  • Tone, g 1. 1723 m Gjermund Ormsson Viki, g 2. 1739 m Torbjørn Gunsteinsson Breive, sjå nedanfor

Etter at Anne og Hallvard var borte overtok døtrene eigedomsretten til deira del av bruket, men Olav Torleivsson Stavenes (e.), tykkjest ha vore brukar i mange år. Olav var frå Utistog Stavenes og eldste son åt Torleiv Olavsson og kona, Tone Gunnarsdotter, på det bruket. Kvifor han ikkje nytta odelen sin heime, og i staden var bruksmann i Byklum, veit me ikkje, det me ser er at han var i Byklum frå 1712 og frametter.

Truleg har han bruka berre 3 skinn i garden til å byrje med, men i 1723 hadde han 10, utan at me kan vita kven han leigde av.

  • Olav Torleivsson Stavenes (e.), f ca 1662, d 1729
g m N N Knutsdtr. Mosdøl, d fyre 1729. Born:
  • Torleiv, f ca 1688, soldat 1718, seinare lagnad ukj.
  • Eivind, f ca 1796, g 1716 m Hæge Gunnarsdtr. Bjørnarå, sjå Utistog Stavenes gnr 16, bnr 4-5
  • Tone, f ca 1796, g 1721 m Arne Kjetilsson Trydal, sjå Nordstog Trydal
  • Gunhild, g m Tallak Andresson Bratteland, sjå Ryningen, gbr 11, bnr 4

Olav var enkemann då han døydde, men kva kona hans heitte, fortel korkje skifteprotokollen eller kyrkjeboka. Me trur likevel at ho må ha vore ei dotter åt Knut Gunnarsson Nesland i Mosdøl, og dette har me to grunnar for å meine. Den fyrste er at Olav Torleivsson var med mellom seljarane då Åvold Knutsson Gjerden fekk skøyte på Sygard Nesland hjå ervingane etter Vetle Gunnarsson i 1726. Olav sjølv ætta ikkje frå Nesland, veit me, og då må kona hans ha gjort det. Den andre grunnen til å rekne med dette, er at då Åse Eivindsdotter, sonedotter åt Olav, gifte seg med Tarjei Mikkelsson Mosdøl (y.) i Lunden i 1760, kravde presten at dei skulle løyse kongebrev avdi dei skulle vera syskenborn.

Vanlege syskenborn var dei ikkje, veit me, men om Olav Torleivsson var gift med ei Knutsdotter frå Mosdøl, var då farmor åt Åse farsyster åt Tarjei. Folk som var såleis skylde, vart gjerne rekna for syskenborn i eldre tid, jamvel om det ikkje stemmer med det innhaldet me i dag vil leggje i det ordet.

Olav budde i Byklum til han døydde i 1729. Om han hadde noko bruk i garden på slutten, eller om han var busete då, veit me ikkje visst. Iallfall hadde det kome inn ein ny familie her nokre år tidlegare.

Kona i denne familien var den yngre av døtrene etter Hallvard Tarjeisson. Me har sett henne opp utan fødselsår, ettersom aldersoppgåva ved dødsfallet hennes peikar i retning av fødselsår 1712, og det må vera mykje gale.

  • Tone Hallvardsdtr. Byklum, d 1775
g 1. 1723 m Gjermund Ormsson Viki, f ca 1689, d 1737. Born:
  • Ingebjørg, f 1724, d fyre 1737
  • Hallvard, f 1726, d 1726, 7 dr. gml.
  • Gunvor, f 1727, g 1754 m Gunstein Såvesson Stavenes, sjå Stigamoen under Trydal, jfr. nedanfor
  • Hallvard, f 1729, d 1749, ug
  • Turid, f 1732, n 1749, seinare lagnad ukj.
  • Anne, f 1736, d 1737
  • Ingebjørg, f 1737, d 1737.
  • Ingebjørg, f 1737, d 1749
g 2. 1739 m Torbjørn Gunsteinsson Breive, f 1715, d 1769. Born:
  • Anne, f 1742, d fyre 1769
  • Gjermund, f 1744, g 1779 m Anne Torsteinsdtr. Berdalen, sjå nedanfor
  • Anne, f 1751, g 1. 1776 m Olav Ånundsson Mosdøl, g 2.1794 m Torstein Nilsson, sjå Torsbu, gnr 13, bnr 4

Gjermund Ormsson kom frå Systog Viki, bnr 7. Foreldra var Orm Taraldsson Viki og kona, Ingebjørg Gjermundsdotter. Jon Ormsson, ein eldre bror av Gjermund, var gift med Ingebjørg Tarjeisdotter, farsyster åt Tone.

Frå 1727 har me ei innførsle i tingboka som viser at Gjermund Ormsson då kaupte i hop nokre småpartar i garden som hadde stått ute sidan eit gamalt erveskifte, truleg sidan Tarjei Hallvardsson døydde. Desse partane utgjorde i alt berre 1 1/2 kalveskinn, men det var endå halvparten av det Tarjei hadde sete med. Seljarane i 1727 var Folke Tarjeisson, Olav Niklosson og Jon Ormsson.

Folke Tarjeisson må ha vore Folke Holen, og han veit me heilt sikkert var son åt Tarjei Folkesson i Austistog. Då lyt rimelegvis Folke Tarjeisson ha vore bror åt Hallvard Tarjeisson. Olav Niklosson budde i Nordstog Stavenes. Kona hans heitte Anne Tarjeisdotter, og var syster åt Hallvard og Folke. Jon Ormsson, den ovannemnde bror åt Gjermund, budde på denne tid einkvarstad i Berg i Valle, men grunnen til at han kunne ha ein part i Byklum til sals, var at han var gift med Ingebjørg Tarjeisdotter (jfr. Valle III, 283).

Då Gjermund døydde i 1737 hadde han ein buskap på 4 kyr og 1 kalv, 6 sauer og 2 lam, 3 geiter og 1 kje. Det samla verdet av buet var 104 riksdalar, og gjelda var berre 8. Den faste eigedomen var framleis berre 3 kalveskinn.

Eit par år etter at Gjermund var borte gifte Tone seg på nytt med Torbjørn Gunsteinsson. Han kom frå Midbø Breive, og foreldra hans var Gunstein Salmundsson Breive og kona, Hæge Bjørgulvsdotter.

Frå 1754 budde Gunvor Gjermundsdotter og Gunstein Såvesson Stavenes, mannen hennes, her saman med Tone og Torbjørn. Etter det me kan oppfatte var dei her heilt til dei flutte åt Nomeland i Valle eit bil like fyre 1770. Sidan, det må ha vore i slutten av 1770-åra, kom dei attende hit, og Gunvor døydde her i 1784. Gunstein gifte seg i 1788 omatt med Hæge Gunsteinsdotter Berdalen, og budde sidan med henne i Øvre Stigamoen under Trydal. Han og folket hans er nærare omtala der.

Torbjørn Gunsteinsson døydde i 1769. Skiftet etter han viser at han åtte 6 kalveskinn i Byklum, noko som tyder på at han må ha kaupt 3 skinn. Me meiner nokså sikkert at desse 3 skinna låg i Torsbu, og var halvparten av den eigedomen som Olav Ånundsson i si tid hadde sete med. Pengane til kaupet hadde nok Torbjørn lånt av Christian Brinck i Kristiansand, som fekk tinglyst pant i 6 skinn i Byklum i 1768.

Me finn ikkje oppsitjarar i Torsbu mellom 1769 og 1779, så i denne perioden har det nok vorte bruka saman med Uppistog. Men frå 1779 ser me at syster åt Gjermund, Anne Torbjørnsdotter, og mannen hennes, Olav Ånundsson Mosdøl, bruka Torsbu-eigedomen. Desse er omtala i avsnittet om det bruket, her skal me nå vende oss mot bror åt Anne, som selde Torsbu til Anne og Olav i 1782:

  • Gjermund Torbjørnsson Byklum, f 1744, dødsår ukj.
g 1779 m Anne Torsteinsdtr. Berdalen, f ca 1760-62, dødsår ukj. Born, iallfall:
  • Torbjørn, f 1779, d fyre 1785(?)
  • Åse, f 1782, d 1783
  • Torbjørn, f 1785, d fyre 1799(?), lagnad ukj.
  • Arne, f 1787, d 1787
  • Torstein (Gjermundsson Rask), f 1789 i Bjerkreim, reiste m Magdalena Andreasdtr. Skara, f ca 1792, sjå nedanfor
  • Salmund (Samuel), f 1792 Hægebostad, omstreifar, d 1847 på Espetveit i Hornnes, g m Anne Olsdtr. (Nordanå?), f Bygland 1802, d 1850 i Høyland, Rogaland, sjå nedanfor
  • Samuel, f i Kristiansand 1791, d fyre 1792(?)
  • Samuel, f i Kristiansand ca 1793, lagnad ukj.
  • Anders, f i Landvik 1795, d Kristiansand 1796
  • Dødfødd gut, Mykland 1798
  • Torbjørn, d i Bykle 1799
  • Åse, f i Øyestad 1800, lagnad ukj.

Anne Torsteinsdtr. vart skrive med etternamn Berdalen, då ho gifte seg, så då har ho nok budd der, men kvar ho kom ifrå er eit anna spursmål. At ho skulle vera dotter åt Torstein Nilsson Ørnefjødd, som sidan budde i Ljosådalen, slik den gamle gards- og ættesoga (113) melder, kan ikkje vera rett, ettersom den Torstein-en var fødd i 1767, og då ikkje godt kan ha hatt ei dotter som gifte seg i 1779. Etter det Reidar Vollen i Kristiansand og Aasmund Tveiten i Asker har kome til, har ho helst vore identisk med ei uekte dotter av Torstein Sigurdsson Holvik eller Hovden på Møsstrond, som vart konfirmert i Tinn i 1777 under namnet Anne Torsteinsdotter Hovden. Denne identifikasjonen er nok ikkje heilt sikker, men me har likevel sett opp fødselsåret hennes på grunnlag av den nemnde konfirmasjonsoppgåva, ettersom ho er det einaste me har å halde oss til.

Når det gjeld borna i familielista ovanfor, er opplysningane om dei plukka i hop litt herifrå og derifrå. Nokre av dei står i Valle kyrkjebok, nokre har Reidar Vollen i Kristiansand og Aasmund Tveiten i Asker, m.a. med hjelp av fantegenealogane Johnny Mydland i Sandnes og Marius Hellerud i Trøgstad, funne andre stader i landet. Grunnen til at det er etter måten vanskeleg å halde styr på desse folka, er at denne huslyden ikkje budde i Bykle, men «streifa rundt i landet», som det står i den gamle gards- og ætte- soga (113).

Aasmund Tveiten skriv om dette [Tveiten 2003, kap. 10, 2]:

I bygdesogene for både Bykle og Valle skriv dei at denne familien måtte frå garden og streifa rundt i landet. Slikt vert det gjerne skrive om slike som var økonomisk insolvente eller måtte gå til tvangsauksjon. Men Gjermund var på ingen måte insolvent. Skiftet etter far hans, Torbjørn Gunsteinsson, år 1770, viste at økonomien i Uppistog på den tid var god. Ved oppgjeret, etter at all gjeld og alle utgifter var betalte, sto det att 101 rd til deling mellom ervingane.

Det ser då heilt klårt ut til at Gjermund for økonomiens skuld kunne ha vorte sitjande på bruket sitt. Men i staden avhenda han det han åtte, fyrst 3 skinn til Åsmund Bjørgulvsson Gjerden, og dei siste 3 skinna til mannen åt systera Anne Torbjørnsdotter, Olav Ånundsson heitte han. Skøytet til Åsmund vart skrive og tinglyst i 1782. Overdraginga til Olav Ånundsson vart tinglyst i 1784, men skøytet vart skrive eit par år tidlegare.

Kvifor braut han då opp? Tveiten har tenkt seg at årsaka var at det ikkje var til å liva med i Bykle at han hadde vore nøydd til å gifte seg med ei tilreisande tenestejente, som attpåtil var «lausunge og av tvilsam herkomst [...] At ingen i slekta sto faddar til nokon av borna, seier vel sitt».

Me er samde i at denne forklaringa er plausibel, men som Tveiten sjølv peikar på, er ho uråd å verifisere. Så me lyt vel nøye oss med å seia at bakgrunnen for oppbrotet i røynda er ukjent.

Nett kva tid Torbjørn og kona hans gav seg på fantestigen er også ukjent. Det me veit er at dei gifte seg 9. februar 1779, og at dei alt den 18. mars døypte sonen Torbjørn i Evje kyrkje. Dei to neste borna, Åse og Torbjørn, vart døypte i Valle kyrkje i 1782 og 1785. Men då den sistnemnde Torbjørn-en døydde på slutten av året 1787, vart han gravlagd i Bykle, så då har huslyden iallfall vore innom i heimbygda. Men same året døypte dei sonen Torstein i Bjerkreim. Sidan var dei nokon kvar stad, men tydelegvis var dei innom i Bykle att i 1799, då dei også hadde ein liten Torbjørn å gravleggje.

Når me så kjem til neste generasjon, er det kjent at iallfall Anne, Torstein, Olav, Torbjørn, Gjermund (Jeremias) og Samuel (Salmund) hadde born. Me har i denne boka hatt til regel at me ikkje har fortalt om born og barneborn åt utflutte, men for denne familien har me funne grunn til å gjera unntak frå den regelen. Stoffet er altfor spesielt og spennande til at det kan tykkjast forsvarleg å skjote det til sides.

Når det gjeld Torstein, vantar me opplysningar om borna, men om han sjølv er det stadfest at han lenge var yrkesmilitær, fyrst i ein norsk jegertropp i åra 1807-14, sidan i åra 1815-39 i Kronprinsens Livhusarregiment i Stockholm, og han hadde kone og fleire born der. Kona heitte Maria Magdalena Wahlgren. Torstein fekk avskil som gardist i 1839, og heile familien vart då sendt åt Noreg, men her fekk dei heller ikkje vera, så dei vart utstyrde med pass for å reise til Ystad i Sverige. Det ser ut til at Maria og borna reiste, men Torstein vart verande i Noreg.

Kring 1850 hadde han adresse i Egersund, og heva ein soldatpensjon på 16 svenske riksdalar i året der, men gjekk elles på fantestigen. Med seg på reisene hadde han Magdalena Andersdotter Skara, ei dotter av ein svensk omstreifar som heitte Anders Skara. Eilert Sundt (1862) skriv at Torstein og Magdalena var gifte, medan andre kjelder omtalar henne som «hans ledsagerske». Nokre stader (såleis i overrettsprotokollen frå 1862) vert det oppgjeve at Magdalena var fødd Stockholm, og det kan godt vera rett, men det var ikkje henne Torstein var gift med i Sverige, for på den tid då han heldt til der, var ho gift med ein husmann Ole Olsen på VarhaugJæren. Eilert Sundt karakteriserer henne i 1862 som «et usædvanligt sværlemmet, mandhaftigt og djærvt Fruentimmer, med flydende Tunge».

Eilert Sundt fortel i 1845 at Torstein dreiv som urmakar og skomakar. Sidan vert han oppgjeven å ha vore blekslagar og metallarbeidar. I 1861 eller 1862 var han ute i ei vådeskotsulukke. Han hadde då drive og lodda på ei ladd haglbørse. «Herunder gikk Geværet af, og en liden Fosterdreng, Angjældende og hans ledsagerske havde med sig, fik Haglladningen i Laaret og Underlivet saa han strax efter døde.» Torstein, som då var meir enn 70 år, vart etter ulukka dømd til 20 dagar på vatn og brød for aktløyse. Det er ikkje kjent kva tid han døydde, eller kvar han heldt til på slutten.

Salmund (gjerne omtala som «Sterke-Samuel») drog etter det Eilert Sundt kan fortelje i 1862 på fantestigen som låsesmed og hestedoktar. I Valle kyrkjebok står det dessutan at han også var blekslagar. Etter tradisjonen skal han og kona ha hatt 13 born som fylgde dei på reisene deira rundt i landet, men det er nok ei overdriving, jamvel om det var ein stor flokk. Me kjenner namna på 7 stykke, m.a. gjennom fantemanntala frå 1845 og 1862.

Salmund (Samuel) Gjermundsson Bykle, f Hægebostad 1792, d Espetveit, Hornnes 1847

g m Kirsti Olsdtr. (Nordanå?), f Bygland 1802, d Høyland 1850. Born, iallfall:
  • Torbjørn, f 1829 «på en reise fra Skeen til Stavanger», døypt Bykle 1829, d 1912 i Høyland, 1862 båtfant, Jæren, sidan reisande med hest, 1888 busett Høyland, 1900 busett Stavanger, oppgjeve yrke 1900 kammakar, g 1. m Berthe Olsdtr. Grønhaug, f Høyland 1825, d 1866, g 2. 1867 m Berte Christine Mikalsdtr. Vagle, f 1835 Høyland, d 1909 Soma, Høyland; born, iallfall:
  • Samueline Christine (Lina), f 1850 Høyland, g 1. 1870 m Olav Torjusson Hovet, f 1849, d etter 1900, busett Torvet Rysstad, gnr 68, bnr 61, g 2. etter 1900 m Borgar Ånundsson Hovet, f 1850, d 1935, busett Evje (sjå Valle I, 406 f og II, 237 f)
  • Olovine Berthine, f 1853
  • Torbjørn Cornelius, f 1856
  • Bertha Maria, f 1859
  • Theodor, f 1865
  • Berthe, f 1869
  • Michael, f 1872
  • Samuel, f 1874, d 1887
  • Peder, f 1831 i Bykle, flytjeattest frå Bykle til Stavanger 1849, seinare lagnad ukj.
  • Jeremias (Gjermund), sjå nedanfor, f 1834 i Vegusdal, sjømann, sidan omstreifar, reiste m.a. m Stine Johanne Albrigtsdtr., f Kvam 1832, frå 1884 bufast og fiskar, plass Gravereie, Høyland, Jæren, g 1884 m e Anna Jonasdtr. Fjogstad, f 1842 Hana, Fister, born iallfall:
  • Samuel (Salmund), f 1836 Jelsa, omstreifar, g 1857 m «reisende fruentimmer» Magla Nilsdtr., f 1821 Jelsa, born:
  • Samuel f 1855
  • Nils f ca 1858
  • Karen Kristine, f 1862

Kirsti Olsdotter var etter Byglands kyrkjebok dotter av «omreisende» Ole Halvorsen og Christine Pedersdatter. Kyrkjeboka gjev ikkje opp nokon heimstad for desse, men i seinare kjelder vert jentenamnet til Kirsti oppgjeve til Nordanå. Dette er ein gard (gnr 20) i Sandnes sokn, men kva for tilknyting Kirsti kan ha hatt der, veit me ikkje. Av borna hennes er sjølvsagt Gjermund (Jeremias) den mest kjende, avdi han har skrive sine livsminne, som jamvel har kome på prent (jfr. nedanfor). Avdi han er såpass berømt, skal me fortelje litt meir om han.

I perioden 1851-1884 sat han over 24 år i fengsel etter 7 domar for m.a. «betling», tjuveri, innbrot og ran. Etter at han i 1884 gifte seg med ei kvekerenke i Høylands prestegjeld på Jæren roa han seg vel nokonlunde, men fekk likevel 9 månader for bedrageri i 1885. I 1888 var han for retten att, nå for overfall og grove trugsmål. Lensmannen i Høyland skreiv då m.a. fylgjande om han:

Jeremias Samuelsen Bykle, en ca 50 a 55 gammel, stor [178 cm], robust, hidsig, brutal, raa og hevngjærrig omstreifer, som for tiden bor her, efter at have henlevet største delen av sit liv i straffeanstalterne [...] Han er i høi grad frygtet af sine omgivelser; alle som kjender ham er rædde for ham, og han er saaledes en forstyrrer af den almindelige sikkerhed. Med konen, der er født her i bygden og ægteviet med ham, efter at han sidste gang slap ud fra Akershus fæstning, er han ofte brutal [...] Hun har flere ganger vært hos mig i stor ængstelse for sit og barnets liv, og ønsker at han må blive sat fast igien. [...] Han er af det slags folk, som det

maa handles resolut og kraftig med.

Nå slapp Jeremias likevel av kroken den venda, ettersom dei fornærma partane trekte klagemåla. Sidan heldt han seg visst på frifot til han døydde. Han hadde likevel fleire sider enn den rå og brutale. Dette kjem m.a. fram i den fylgjande presteattesta som vart framlagd i retten i 1888:

Jeremias Samuelsen Bykle er udrustet med sjældne Evner. Han har lest meget, og det lader ogsaa til at han tænker dybere over Livets Mening end de fleste i hans Stilling; men hans Sind er høist flagrende, og han bekjender selv aabent, at det er meget daarlig bevendt med hans Tro.

Dei prenta livsminna hans (Bykle kultursoge, 1993, 129-145), gjev heller ikkje inntrykk av nokon særskilt from og angrande syndar, tvertom fortel forfattaren med sjarm og smittande humor om ei rekkje av fantestrika sine, rett nok ikkje dei mest graverande av dei. Elles stadfester minneboka at han må ha vore ein intelligent kar, som slett ikkje var i beit med å uttrykkje seg skriftleg.

Men etter denne lange ekskursjonen på fantestigen lyt me sjå til å koma oss attende til Byklum.

Kven som overtok bruken av Uppistog etter at Gjermund Torbjørnsson tok ut, veit me ikkje for visst, ettersom dei undersøkte kjeldene ikkje gjev klåre svar. Men det er iallfall gale, det som vert fortalt i den gamle gards- og ættesoga (113), at den neste oppsitjaren var Gjermund Gunsteinsson Stavenes, for den Gjermund-en overtok ikkje i Uppistog fyrr i 1811, og innan dess var det fleire andre innom.

Som ovanfor fortalt hadde Bjørgulv Åsmundsson Gjerden skaffa seg ein part på 3 skinn i 1782. Denne parten åtte han framleis då han døydde i 1789. Dei resterande 3 skinna vart overtekne av Anne Torbjørnsdotter og mannen, Olav Ånundsson. Denne parten vart seinare kalla Torsbu, og ein kan lesa meir om Anne og Olav i bolken om det bruket. På parten åt Bjørgulv Åsmundsson må det nokre år ha vore brukarar.

Ein som truleg var innom nokre år heitte Bjørgulv Gunnarsson. Han er oppskriven som busett i Byklum i nokre restanselister frå 1789 og frametter til 1793. Me meiner at dette må vera Bjørgulv Gunnarsson Holen, som sidan hamna i Gjerden Der inne, etter at han tidlegare m.a. hadde vore husmann i Hisdal. Ein kan lesa noko lite meir om han i bolkane om dei nemnde verestadene. At han sat i Uppistog, står ingen stad i kjeldene våre, men han bruka tydelegvis ein part i Byklum, og det er her det er mest rimeleg å plassere han.

Sidan veit me heilt sikkert at den ugifte Sigrid Taraldsdotter Mosdøl åtte Uppistog. Det er noko uvisst kva tid ho kaupte det eller kven ho kaupte av, men ho har iallfall har fått tak i parten etter Bjørgulv Åsmundsson, og den handelen sto nok ein gong i åra 1793-1795. Men parten til Bjørgulv var som nemnt berre på 3 skinn, og kvar ho fekk tak i resten av dei 10 skinna ho er oppførd som eigar av i skattematriklane frå 1799 og 1801, veit me ikkje.

Folketeljinga frå 1801 viser at ho budde her det året. Sigrid var dotter åt Tarald Ånundsson i Evre Mosdøl, og hadde nok noko ervemidlar å slå i bordet med etter at far hennes døydde i 1793.

  • Sigrid Taraldsdotter Mosdøl, f 1739, d 1804, ug

Men Sigrid kunne ikkje drive bruket utan hjelp, og difor hadde ho med seg ein brukar. Han var ein av sønene åt Olav Olavsson Gjerden på Vodden Nesland.

  • Tarjei Olavsson Nesland, f 1760, d 1803
g 1785 m Birgit Olavsdtr. Dysje, f 1755, d 1838. Born:
  • Olav, f 1787, g 1827 m Ingebjørg Andresdtr. Brotteli, sjå Strandestøyl under Brotteli
  • Birgit, f 1791, d 1791
  • Birgit, f 1792, g 1814 m Åsmund Sørensson Mosdøl, sjå Dysje
  • Olav, f 1795, d 1807

Birgit Olavsdotter var dotter åt Olav Tallaksson Dysje og kona, Birgit Olavsdotter.

Tarjei og Birgit budde elles fleire stader, men folketeljinga frå 1801 plasserer dei sikkert her på bruket det året, og me reknar med at dei då hadde vore her sidan hausten 1795. Elles veit me nok stort sett kva for gardar dei var innom, men ikkje kva for bruk. Dei tykkjest ha vore busetar på Nesland dei fyrste par åra dei var gifte, men frå 1790 og til hausten (14. oktober?) 1795 heldt dei til einkvarstad i Gjerden. Etter dette vart dei som nemnt bruksfolk her, men då Tarjei døydde i 1803 vart han gravlagd frå Nesland, så innan dess har dei vel flutt dit. Etter at Tarjei var borte, budde enka og borna einkvarstad i Holen eit tak. At dette må ha vore såleis, skjønar me av at den 11 år gamle sonen Olav vart notert med etternamn Holen, då han drukna i Bossvatn i 1807. Då dottera Birgit vart konfirmert i 1808 var dei likevel busette i Mosdøl.

Ut ifrå dette kan me berre seia at desse folka flakka og flutte mykje, men me har ikkje kjelder til å fylgje dei heile vegen. Då Birgit døydde i 1838, vart ho notert med adresse Nesland, men ho var då fatiglem, så ho hadde snautt nokon fast tilhaldsstad då.

I 1801 budde det fleire i Uppistog ilag med Sigrid, Birgit og Tarjei. For det fyrste var det ein 26 år gamal tenestekar som heitte Mikkel Knutsson. Han var son åt Knut Mikkelsson Mosdøl i Maurlii og kona, Hæge Åsmundsdotter, fødd Berdalen. Kvar Mikkel gjorde av seg etter at han gifte seg i 1808, veit me ikkje, men då han døydde i 1842 budde han og kona hans på Ytre Moen i Trydal.

For det andre var her to unge gutar, Torleiv og Ånund Tallakssøner heitte dei, og Torleiv var vanfør, står det i folketeljinga. Foreldra deira var Tallak Torleivsson i Austistog Byklum og Ragnhild Taraldsdotter, andre kona hans. Ragnhild var syster åt ovanomtala Sigrid. Torleiv og Ånund var fødde i 1783 og 1787. Båe foreldra deira var døde, faren i 1789 og mora i 1796, og difor budde gutane ilag med morsystera i 1801. Ho vart gravlagd herifrå 27.10. 1804. Då hadde Torleiv Tallaksson alt vore død i over eitt år, ettersom han vart gravlagd 18.6.1803. Ånund Tallaksson overtok bruket etter Sigrid:

  • Ånund Tallaksson Byklum, f 1787, d 1809
g 1807 m Anne Sigurdsdtr. Mosdøl, f 1787, d fyre 1850. Born:
  • Ragnhild, f 1808, d 1811

Anne var frå Berget Mosdøl. Foreldra hennes var Sigurd Bjørnsson Skinnarland og kona, Margit Drengsdotter. Etter at Ånund var borte heldt ho fast på eigedomen i fleire år.

Rett nok tykkjest han å ha minka med ein part på eitt kalveskinn, for Sigrid Taraldsdotter hadde hatt 10 kalveskinn, medan Ånund Tallaksson hadde 3 geiteskinn, som er det same som 9 kalveskinn. Kva som er forklaringa på det bortkomne skinnet, eller kven som fekk hand om det, veit me ikkje.

Men Anne Sigurdsdotter åtte altså 9 skinn, og bruka eigedomen med leigehjelp. Så døydde Ragnhild, dotter hennes, sumaren 1811, og då var det Margit Tallaksdotter, halvsyster åt Ånund Tallaksson, som vart sitjande med beste odelen. Margit var gift med Gjermund Gunsteinsson Stavenes, ein son åt Gunstein Såvesson Stavenes og fyrste kona, Gunvor Gjermundsdotter, fødd Byklum. Desse er nemnde ovanfor som busette her på bruket, men på slutten av livet hamna Gunstein på Øvre Moen i Trydal, og hovudomtalen av han står i bolken om den verestaden. Her skal det handle om sonen.

Så snart Ragnild Ånundsdotter var død, stemnde Gjermund Anne på odel, og kravde at ho skulle vike åsætet. Etter at dei fyrst hadde gjort forlik om at ho skulle få 544 riksdalar for å «fravige og røddelig giøre bemeldte 3 Giedeskinds Jordegods i Gaarden Byklum den 14 april 1811», vart det likevel til at ho drygde, så den 17. april kom lensmann Olav Tveiten og heldt «udkastelsesforretning».

Sumaren 1812 gifte Anne Sigurdsdotter seg oppatt med Olav Mikkelsson i Lunden, og kom då attende til Mosdøl. Gjermund Gunsteinsson flutte hit straks Anne hadde flutt ifrå, og tok eigedomen i bruk.

  • Gjermund Gunsteinsson Stavenes, f 1770, d 1858
g 1.1793 m Margit Tallaksdtr. Byklum, f 1769, d 1827. Born:
  • Gunvor (e.), f 1793, d 1845, g 1828 m Knut Sveinsson Maurlii (sjå Maurlii), jfr. nedanfor
  • Tarjei, f 1796, d 1819, ug
  • Gunstein, f 1798, g 1821 m Sigrid Tarjeisdtr. Trydal, sjå nedanfor
  • Tallak, f 1801, d 1807
  • Gunvor (y.), f 1804, d 1840, ug
  • Niklos, f 1806, d 1811
  • Tallak, f 1809, til Amerika 1846, sjå nedanfor
g 2.1835 m Borghild Tarjeisdtr. Bjørnarå, f 1787, dødsår ukj., sjå nedanfor. Ikkje born.

Tallak Torleivsson Byklum og kona, Gunvor Niklosdotter, fødd Stavenes, var foreldra åt Margit Tallaksdotter. Desse budde som brukarar og busetar her og der, men i denne boka vert dei nærare omtala i bolken om Innistog.

I 1824 stemnde Gjermund Tarjei Oddsson Byklum i Attistog Gjerden for injuriar. Det Tarjei hadde sagt var at Gjermund «for nogle Aar tilbage hengte hans Hest med det ene Bagben i et Birketræe saa den døde i denne stilling». Då dei møtte for forlikskommisjonen drog Tarjei skuldinga attende, og dermed kunne saka forlikast.

Når det gjeld barneflokken ovanfor, kjem me andrestad attende til dei som gifte seg og vart verande i bygda. Her skal me likevel taka med ørlite meir om Gunvor (e.). I 1816 fekk ho dottera Gro, faren var Auver Knutsson Gjerden. Me har fortalt noko lite meir om Gunvor i bolken om Maurlii, men dottera vart døypt herifrå i 1816, og døydde som tenestjente i Stigamidjom i 1837.

Tallak Gjermundsson fekk attest av presten i Valle for å reise til Amerika i 1846, og at han faktisk reiste då, vert stadfest i bokverket Norwegian Immigrants to the United States av Gerhard Naesseth (II, 293). Han vert der kalla Tallak Gjermundsson Stavenes, og er oppførd som passasjer på briggen «The Palestine» som kom til New York 5. oktober 1846, 34 dagar etter avgang frå Le Havre. Me legg merke til at han reiste saman med Bratteland-fylgjet, og brattelandane, kjem me ihug, budde i 1860 i Lebanon Township, Dodge County, Wisconsin. Tallak var på den tid ikkje lenger ilag med dei, men kvar hadde det då vorte av han? Den einaste norskfødde i USA i 1860 som me kan få til å passe så nokonlunde, er ein «Telif Germanson», som skal ha vore 44 år, og budde i Pleasant Springs, Dane County, Wisconsin. «Telif» i Pleasant Springs var gift med ei norskfødd Anne (35 år), og hadde borna Knut (7) og J(ermon?) (3). Mor åt Anne, som heitte Betsy (Birgit?) Kjetilsdotter, og skal ha vore 63 år, budde i lag med dei. Såvidt dårleg som både alder og namn stemmer, må denne identifikasjonen seiast å vera høgst usikker, men dersom han ikkje er rett, lyt me berre seia at lagnaden åt Tallak er ukjend. I seinare folketeljingar finn ein så mange med namn som Jermonson, Germanson og liknande, både i Wisconsin og Minnesota, at det å plukke ut sønene etter Tallak ikkje kan bli anna enn på vona. Men nå lyt me koma oss frå Amerika og attende til Uppistog.

Då Margit Tallaksdotter, kona åt Gjermund, døydde i 1827, fekk Gunstein, eldstesonen, overtaka Uppistog som morsarv. Gjermund sytte også for at Gunvor, den vanføre dotter hans, fekk foddog av bruket. Såleis vart det broren, ikkje faren, som fekk ansvaret for henne.

Åsmund Tveiten meiner «det er grunn til å tru at det var Gjermund som reiv den gamle årestoga i Uppistog, og sette opp nye hus i to høgder med glas og murt skorstein». Grunngjevinga går ut på at han er den fyrste av dei som budde her som kan ha hatt pengar til dette tiltaket, og det trur me er rett. Tveiten meiner også at stoga åt Gjermund innan 1838 hadde fått «Nystoge med to høgder og eit ekstra rom over forstoga». Då kan det kanskje også ha vore Gunstein, son åt Gjermund som sette opp tilbygget, i så fall mellom 1827 og 1832.

Gunstein hadde flutt fram og attende mellom Stavenes og Byklum med familien sin fleire vender, men då mora døydde, vart han som nemnt husbond her. Far hans gifte seg i 1835 omatt med enka Borghild Tarjeisdotter Bjørnarå, og flutte då heim til henne i Bjørnarå.

Borghild, som den 62 år gamle Gjermund gifte seg med i 1835, var enke etter Bjørgulv Sveinsson Røysland i Bjørnarå Der heime. Tarjei Torleivsson Bjørnarå og kona, Hæge Pålsdotter, var foreldra hennes. Borghild er nemnd i Vallesoga ( VI, 482), men me har ikkje funne dødsfallet hennes korkje der eller i kyrkjeboka, og lyt då tru at ho må ha vore utanfor bygda då ho døydde. Om det er rett, som Aasmund Tveiten har tenkt seg (Garden under Brokkeskar, privattrykk, 2004, kap.5, 37), at «det hadde gått galt med ekteskapet mellom dei to gamle», og at Borghild kring 1850 reiste til Amerika for å sleppe unna Gjermund, kan me korkje stadfeste eller avkrefte. Ho er ikkje å finne i noka amerikansk folkteljing.

På dette punktet slepper me inntil vidare Gjermund av syne, og går over til å fortelje om son hans og familien hans, som budde her frå 1827.

  • Gunstein Gjermundsson Stavenes, f 1798, d 1832
g 1821 m Sigrid Tarjeisdtr. Trydal, f 1799, d 1886. Born:
  • Gjermund, f 1821, g 1841 m Margit Olavsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Tarjei, f 1822, d 1824
  • Dødfødd jente, 1825
  • Margit, f 1826, d 1891, ug
  • Tarjei, f 1829, husmann, d 1899, til Suldal 1847, g 1867 m Anlaug Knutsdtr. Rike, sidan busett plass Kvesteli under Kveste, jfr. Valle III, 249,
  • Gunstein, f 1832, husmann, d 1894, til Suldal 1847, g 1. 1858 m Sofie Nilsdtr. Steinbru, f 1833, d fyre 1867, g 2. 1867 m Helga Hadlesdtr. Veka, f 1827, d e 1900, ikkje born, busett plass Øyane under Steinbru, Suldal, jfr. Hoftun: Gamle Suldal, 490

Sigrid Tarjeisdotter var fødd i Flateland, men då ho gifte seg var ho busett i Systog Trydal. Foreldra hennes var Tarjei Olsson Berg på det bruket og kona, Tore Augundsdotter, fødd Bø.

Husbondstida åt Gunstein vart ikkje lang, då han fall utfor ei bergufs i Bjønnestig og slo seg i hel i 1832. Han vart berre 34 år gamal. På skiftet etter han, som ikkje vart slutta fyrr i 1834, vart eigedomen skriven over på eldstesonen, Gjermund, han var då berre 13 år.

I åra mellom 1832 og 1835 budde Gjermund Gunsteinsson (e.), altså godfar åt den nye eigaren frå 1834, i Nordstog Stavenes. Då sonen var død, laut han sjølv taka hand om den vanføre dottera, ettersom Sigrid Tarjeisdotter, enka etter Gunstein, hadde meir enn nok med sine eigne born, når ho også skulle syte for gardsdrifta.

Men Gjermund hadde Gunvor berre i 2 år. Deretter sende han henne attende til Sigrid Tarjeisdotter, og samstundes drog han også Sigrid for retten med krav om erstatning for 2 års forsyting av dottera. Han vann saka, og vart tilkjend 32 speciar i erstatning og 3 til i sakskostnader. For å greie dette kravet gjekk Sigrid til bror sin, Olav Tarjeisson i Systog Trydal, og bad om å få utbetala den farsarven ho hadde til gode, det var 48 speciar. Men Olav nekta å betale, så ho laut gå til sak for å få pengane ut.

Då Sigrid vart enke, laut ho skaffe seg hjelp med gardsdrifta. Me vil tru at her var fleire brukarar innom, men ein av dei var iallfall Pål Knutsson Berdalen (sjå Kroné, bnr 6), som var her frå 1838 eller derikring og til odelsmannen gifte seg og overtok styren sjølv.

  • Gjermund Gunsteinsson Byklum, f 1821, d 1891
g 1841 m Margit Olavsdtr. Byklum f 1821, d 1876. Born:
  • Gunstein, f 1843, g 1874 m e Eli Eivindsdtr. Mosdøl, sjå nedanfor
  • Olav, f 1846, d 1846
  • Olav, f 1847, d 1848
  • Olav, f 1849, d 1849
  • Sigrid, f 1850, g 1875 m Olav Tallaksson Hoslemo, sjå Nigard Hoslemo, gnr 5, bnr 1
  • Jorunn, f 1853, g 1870 med Sigbjørn Åsmundsson Stavenes, sjå Uppigard Hoslemo, gnr 4, bnr 2
  • Olav, f 1855, g 1889 m Gunhild Mikkelsdtr. Hisdal, sjå nedanfor
  • Gunvor, f 1858, g 1878 m Arne Olavsson Berdalen, sjå Berdalen Der uppe, gnr 3, bnr 4
  • Gunnar, f 1861, d 1862
  • Gunnar, f 1863, d 1863
  • Helga, f 1867, g 1888 m Olav Auversson Stavenes

Margit Olavsdotter var frå Innistog. Foreldra hennes var Olav Drengsson Byklum (e.), og kona, Jorunn Tallaksdotter, fødd Hoslemo.

Gjermund sette bort eit par husmannsplassar. Fyrst var det Kroné, som vart bortbygsla til bruksmannen Pål Knutsson Berdalen, truleg ved det leitet då Gjermund gifte seg (1841). Tingslyst bygselsbrev fekk Pål rett nok ikkje fyrr i 1851, men då hadde han hatt plassen sin omlag 10 år. Han sat der som husmann frametter til son hans fekk kaupe plassen til sjølveigarbruk i 1863. Same året vart bruket skyldsett under namnet «Kroen», med bnr 6 og ei landskyld på 6 skilling.

Den neste plassen var Haugo, som vart bortbygsla til Torleiv Torleivsson Holen i 1846.

I 1865 sat Gjermund og Margit med 2 hestar, 10 storfe, 18 sauer og 12 geiter. Dei sådde 3 1/2 tunner bygg og sette 7 tunner jordeple. Ti år seinare var buskapen 1 hest, 11 storfe, 23 sauer og 13 geiter. Sånaden i 1875 var 3 tunner bygg og 8 tunner jordeple.

I 1876 grov Gjermund nytt laup for bekken gjennom tunet, og leidde vatnet inn i fjoset sitt, slik at han fekk springvatn. Men når vatnet rann ut att derifrå stemnde det beint mot austistogtunet, der det trengde inn i jordeplekjellaren og fjoset, og gjorde ikkje så lite skade. Det kom også kovesvoll kring austistoghusa, så det vart farleg å feta seg på tunet. Om våren drog difor Odd Pålsson i Austistog Gjermund for forliksrådet. Saka gjekk til valdgift, men me har ikkje funne protokolleringa om korleis valdgiftsmennene dømde. Venteleg vart det eit kompromiss som båe partar kunne liva med.

Ovanfor var me inne på at mor åt Gjermund, Sigrid Tarjeisdotter, vart dømd til å betale verfar sin for at han hadde måtta forsyte dottera Gunvor eit par år, og at ho hadde rettssak med bror sin om farsarven. I det heile tykkjest ho å ha hatt mykje strev, og truleg kan dette ha gjort sitt til at ho etter kvart miste taket på tilværet. Iallfall finn me henne i 1867 som sinnssvak pleiepasient i Suldal. Fatigkassa i Suldal sende rekning til fatigkassa i Bykle for underhaldet hennes, og byklarane sende rekninga vidare til son hennes i Uppistog, som nekta å betale, så også dette kravet enda i rettssak. Etter dette ser det ut til at suldølane ekspederte Sigrid attende til Bykle, for i folketeljinga frå 1875 finn me henne hjå sonen i Uppistog: «Sigri Tarjesdtr., Enke, f 1800, fattiglem. Bortsat til forsørgelse. Sindssvag.» Ho vart gravlagd frå Trydal i 1886, og budde då truleg hjå brorsonen i Systog. Dottera Margit var også der, ho vart gravlagd frå Trydal i 1891.

I 1879 var Gjermund for forlikskommisjonen att. Det var lensmann Lund som stemnde han saman med Asbjørn Kjetilsson og Olav Arnesson Berdalen. Grunnen til dette var at Gjermund og Olav hadde garantert for Asbjørn då han året fyre hadde fått tilslaget på ein tvangsauksjon over Berdalen Der nede etter krav frå heradskassa. Kravet frå lensmannen var på 1000 kr, og dei tre innstemnde laut gå me på å betale «en for alle og alle for en», og at «i tilfælde Indførsel i fast eiendom frafaldes Løsningsret». Kven som til slutt punga ut, veit me ikkje, men ingen av dei tre miste gardane sine.

Kva tid Gjermund og Margit tok foddog og overlet bruket til dei to sønene Gunstein og Olav med ein halvpart på kvar, veit me ikkje, då ingen heimelsovergang vart tinglyst. Men folketeljingane viser at overdraginga må ha funne stad mellom 1875 og 1891.

Me kjem straks til Olav, men fyrst skal forteljast om den eldre broren:

  • Gunstein Gjermundsson Byklum, f 1843, d 1913
g 1874 m e Eli Eivindsdtr. Mosdøl, f 1835, d 1914. Adoptivdotter:
  • Gunhild Mikkelsdotter Hisdal, f 1872, sjå nedanfor

Eli Eivindsdotter var frå Storstein Trydal, og foreldra hennes var Eivind Ånundsson Trydal og kona Turid Kjetilsdotter, fødd Tveiten (Valle). Då Eli gifte seg med Gunstein, var ho enke etter Olav Taraldsson i Evre Mosdøl, bnr 3. Olav døydde i 1871. Også det ekteskapet var barnlaust. Eli og Gunstein fekk taka til seg Gunhild, som var dotter åt Gyro, syster hennes, og mannen, Mikkel Eivindsson i Lisle-Hisdal.

Olav Gjermundsson Byklum (1855-1942). Bilete frå Gunstein Tveiten.

Som me var inne på åtte Gunstein og Olav Gjermundssøner ein halvpart av bruket kvar. I 1894 eller kort etter dette året selde dei Haugen-plassane til Knut og Torleiv Torleivssøner, sønene åt Torleiv Torleivsson Holen i Uppistogshaugo. Desse handlane vantar tinglysingar, så dei nøyaktige tidpunkta og kaupesummane er ukjende. Det me kan slå fast er at det ved dette leitet kom til to sjølveigande småbruk, Evre og Neire Haugen, med Knut og Torleiv som oppsitjarar. Sidan fekk bruka deira bnr 22 og 30.

Om Gunstein fortel Aasmund Tveiten etter familietradisjonen at han var omtrent den einaste mannen i Bykle i sin periode som gjekk med heilskjegg. Vidare fortelst det at han var ein av dei fyrste i bygda som tok i bruk hesjing til høyturk. Det byrja han med etter at han hadde sett denne teknikken under ei vestlandsreise.

Han var og den fyrste i bygda som hadde innlagt vatn i stoga. Han la røyr frå ei oppkome under Bjørkelunden og inn i huset. Røyrane var av tre, stokkar der mergen var bora ut med navar. Tappekran var der ikkje, berre ein trepropp til å stenge holet i røyren. Denne vart etter kvart så utett at dei fann det best å stengje av heile vatnet.

Ein gong i åra mellom 1891 og 1900 forpakta Gunstein bort sin halvpart av bruket til Gunnar Olavsson, yngste son åt Olav Drengsson (e.), i Innistog og kona, Gunhild Knutsdotter, fødd Nesland. Gunnar Olavsson overtok Myri Holen i 1902 og flutte då dit, så han vert nærare omtala der.

Olav Gjermundsson åtte halve garden, og var etter tradisjonen meir interessert i gardsbruk enn broren.

  • Olav Gjermundsson Byklum, f 1855, d 1942
g 1889 m Gunhild Mikkelsdotter Hisdal, f 1872, d 1903. Born:
  • Gjermund, f 1890, ug, sjå nedanfor
  • Margit, f 1894, g 1916 m Dreng Åsmundsson Tveiten, sjå nedanfor

Gunhild var adoptivdotter åt Gunstein. Dei biologiske foreldra hennes er nemnde ovanfor. Gunstein sin halvpart av eigedomen gjekk over til Olav gjennom Gunhild.

I 1907 selde Olav ein parsell, som vart kalla Nistog, til Olav Knutsson Nesland for 1200 kr. Dette bruket har bnr 10 og ei landskyld på 43 øre. Då kaupet skulle tinglysast, slo sorenskrivaren fast at oppsitjaran i Uppistog vanta heimel, ettersom det ikkje var tinglyst noka eigedomsoverdraging på bruket sidan skiftet etter farfar hans i 1834.

Tinglysinga av Nistog laut difor utsetjast til etter at at Olav hadde kaupt bruket sitt på ein skatteauksjon i 1909. Kvifor denne auksjonen vart tillyst, har me ikkje funne opplysning om, men det må vel ha stått ute nokre ubetala heradsskattar etter gamalt, som kommunen nå tykte mon i å drive inn med grove renter. Tilslagsprisen vart 2000 kr, som i seg sjølv vel var rimeleg nok, men som endå var altfor mykje, når den einaste vinninga for kauparen var formell heimel til ein eigedom han åtte frå fyrr.

Gjermund O. Byklum. Bilete frå Gunstein Tveiten.

Endå fylgde det nokre fleire utskiljingar. I 1913 vart ein teig i Høymyr (Bygdestøylane) matrikulert til eit eige bruk med bnr 14 og ei landskyld på 3 øre. Olav K. Nesland hadde overteke denne teigen i 1907, samstundes som han kaupte Nistog, og såvidt me kan oppfatte gjekk han inn som ein del av det bruket, jamvel om han i papira står som eit eige bruk. I 1922 vart plassen Hagen utskilt til eit småbruk for Bjørgulv K. Nesland, som fekk tinglyst skøyte på den eigedomen i 1925. Bruket fekk bnr 24 og ei landskyld på 2 øre. Det var Olav Gjermundsson som selde både Høymyr-teigen og Hagen.

Olav sat på bruket sitt til 1924, då han overdrog det til sonen Gjermund (tinglysing 1927).

  • Gjermund Olavsson Byklum, f 1890, d 1971, ug

Gjermund var som nemnt ugift, men systera Margit hadde i 1916 gift seg med Dreng Aasmundsson Tveiten. Etter det me får opplyst bruka Dreng og familien hans ein del av garden, men Gjermund sat heile tida med odelen, og bruka den største parten.

Dreng Aasmundsson (Ryningen) Tveiten (1894-1987) og kona Margit Olavsdtr. Byklum, (1894-1987). Brurebilete 1916 frå Ingebjørg Vegestog.
  • Margit Olavsdtr. Byklum, f 1894, d 1987
g 1916 m Dreng Aasmundsson Tveiten, f 1887, d 1969. Born:
  • Jorunn, f 1917, d 1991, hjelpepl., busett Kristiansand, ug.
  • Olav, f 1918, gbr, sidan ind.arb., d Vennesla 1995, g m Anne Gunnulvsdtr. Haugen, Bygland, born:
  • Margit, f 1956, busett Kristiansand, g m Kjell Arthur Aagestøl
  • Gunhild, f 1920, hjelpepl., husmor, busett Elverum, g m Aasulv Aanundsson Skomedal, Bygland, f 1917, born:
  • Egil, f 1953, busett Oslo, ug.
  • Åshild, f 1957, busett Elverum, g m Jørn Erik Ovesen, f 1953, 4 born
  • Aasmund, f 1923, d 2004, siv.ing., dr.ing., busett Asker sidan 1963, g hv m Borghild Magnusdtr. Bredeli, Leinstrand, f 1930, born:
  • Magnus, f 1952, busett Asker, g m Marit Helgeby, Oslo, 2 born
  • Bjørn Gjermund, f 1954, busett Asker, g m Lisbeth Ulberg, 2 born
  • Per, f 1956, busett Asker, g m Else Helene Flittig, Solum, busett Asker, 4 born
  • Margit, f 1961, busett Bærum, g m Jon Dagfinnson Bech
  • Angjerd, f 1925, d 1979, ekspeditør, ug., busett Byglandsjord
  • Gunstein, f 1928, tvill., gartnar, g m Ingebjørg Holm Johansen, Oslo, sjå Muren, gnr 14, bnr 37
  • Dreng, f 1928, tvill., d 1974, anl.arb., ug, sjå Muren, gnr 14, bnr 37

Dreng var son åt Aasmund Paalsson Byklum i Ryningen og kona, Jorunn Drengsdotter, fødd Byklum.

Olav G. Holen jr. fortel:

Det var gardsarbeid og ymist anna Dreng dreiv med, men [fyrst og fremst] var han ein fjellmann av dei sjeldne. Rask og rappfota for han vida ikring på jakt etter rein, rev, ryper, storfugl, jase og jerv.

I 1929 drog Dreng til Kanada, familien var att heime. Vona var å leggje seg opp pengar, men det var dårlege tider liksåvel i Amerika, så det vart mindre av fortenesta enn tenkt. Dessutan er det sikkert rett som Holen seier, at «han lengta til familien, og jakta og rypefangsten». Så i 1937 vende han heimatt.

Dreng var ikkje berre ein framifrå jeger, han var også god til å fortelje om opplivingane frå jeger- og fjellmannslivet sitt. I 1962 var Mikkjel Fønhus på vitjing. Eitt resultat av dette vart ein stor artikkel i Aftenposten (18.4.1962), som me skal klyppe eit par bitar frå:

[...]Han reiste seg lett, trass i sine mange år. En høy og middels grov kar, med senete håndledd, med sterkt, beinet ansikt, og øyne med vilje i. En langrennertype fra femtikilometeren.

Ja, sa han, han hadde da holdt på inni fjellet med rypefangst i vinter også. Da lå han på en støl, sammen med en annen kar.

Men ikke mer enn 13 år var han da han begynte. Og så ivrig var han alt den gangen på denne fangsten, at han ofte ikke kunne bare seg for å dra ut og se til rypesnarene før han gikk til skolen [...]. Han var bare gutten da han nedla sin første villrein, men det ble rypefangsta og revejakta om vinteren som kom til å gi inntekter [...].

Så dreven var han med børsa, at han selv med kule kunne treffe reven når den sprang. Alle som har litt greie på skyting forstår hva dette betyr. Og når han bare på en eneste vinter skjøt åtte rever, så var det ikke lite av en bedrift. Fet kan være et slitsomt arbeid å spore opp bare en eneste rev, i ulendt terreng.

Men mest drev han med rypefangsten. Han kunne fange en tre-fire hundre ryper hver vinter. Men en gang, det måtte ha vært omkring 1907, fanget han på en vinter åtte hundre. Og bror hans fanget elleve hundre; det var så utrolig mye ryper da.

Han og de andre fangerne i bygda fikk femogfyrti eller femti øre for hver rype. Men den gangen kunne en jo kjøpe litt, også, for femti øre. Og når det da ble flere hundre femti-ører på en vinter, så betydde det en del.

Noe makelig arbeid var snarefangsten ikke. Han bodde heime på garden, og hadde nesten en mil til terrenget, der han satte snarene [...], og de var mange. Han kunne kanskje ha en femten-tjue ryper å bære, når han tok på heimleia [...].

I 1921 skaut Dreng ein stor jerv. Denne kan ein framleis sjå på Kristiansands Naturhistoriske Museum. Fønhus har fått med seg liksåvel soga om denne jaktturen. Her tek me henne likevel etter Olav G. Holen jr. (Holen III, 49 f), avdi han gjorde lydbandopptak, og har skrive ned akkurat det Dreng sjølv fortalde. Såleis får me både forma og innhaldet åt forteljaren (men me har tillate oss å normalisere rettskrivinga åt Holen ørlite):

Ja, eg reiste tidlege om morgonen frå Uppistog og inn Nordbygdedalen, nordi Svægjen, og derifrå og inn Skargjesvatnet og inn Venedal, og så svinga eg ut på høgaste Djupetjønnuten. Då eg kom på vestsida av Djupetjønnuten, sat eg der og kikra, og så ser eg ein flokke med villreine, som kom inn gjenom Krokevatnet i eitt jag. Så tenkte eg med det same at det kunne vera ein jaktare som var der.

Men så ser eg eit..., det ser ut som ein store, svårte hunde, eit langt stykkje etter. Eg fatta ikkje rektig med det same kva det var, men så kom eg til å tenkje på at det måtte vera jerven. [...]

Eg visste at kunna eg koma meg nedpå Krokevatnet, på slæpa, og så leggje meg i vegen, så ha eg sjansen til at han ville koma på meg. Eg sleppte meg til å løype, det var skareføre, å, du veit, det var eit under at eg ikkje slo meg i hel, men nedpå vatnet kom eg. Så gjekk eg tvikroppen utigjenom, for eg tenkte som så, at visst du kjem i augneleite, så kan du gjerne tenkje at det var eit dyr.

Då eg hadde kome eit stykke utigjenom, hadde jerven kome på ein stor holme der, og så hadde han sett meg, og sett rett utor slæpone, og så kom han rett på meg, han trudde sikkert at det var ein villrein.

Ja, eg trykte meg ned der, og sat kurrolege, for eg var omtrent sprengde. Og han kom nærmare, og når han var 50 eller 100 meter unda, då skulle eg nå skjote. Ja eg va meste rådlause, bringa gjekk som ein bæge, så eg såg det var vålondt å høve.

Å han kom. Ja, tenkte eg, til nærare du kjem, til betre er det. Så eg trur kje han var meir enn 40-50 meter unda, då eg skaut. Endå så nære han var, og endå han sprang rett imot meg, var eg så andpusten at eg hadde skote vel lågt. Kula hadde teke framfoten plent oppunder skrotten, og så bakfoten, med same skote. Ja, han velte seg rundt, og eg tenkte at no er du ferdig. Men så sprang han nå på dei stubbo [...]. Eg skaut eit par skot med han sprang, men jamen bomma eg. Så kom han inni ein liten nysnoskavel, og der stoppa det for han. Då fekk han kula inn bakanfor bogen, og utatt framanfor på hi sida, og det skulle nå vera dødeleg, men likevel vann han oppover og avleita.

Ja, nå forliste eg vel meste eit par tusen kroner, avdi eg ikkje skaut att med han låg, tenkte eg. Så sette eg avgarde etter han oppover denna nuten. Då må eg seia at eg meste stokk, for eg gådde kje åt før eg var 2-3 stig ifrå han, han hadde lagt seg innunder ein skavel. Det var dei styggaste augo eg hadde sett, men nå var det ikkje så lenge, då, før han fekk ei kule mellom augo.

Så var det å prøve å få han nedi sekken, men det visa det seg at det ikkje gjekk. Så eg måtte berre leggje han inni faslane, og det gjekk på eit vis. Han var stor, ja, han måtte vega 35 kg. Eg heldt på til eg var heime om kvelden, men eg var nå helste trøytte då eg kom heim [...].

Så langt etter Olav G. Holen jr. Dinest gjev me ordet ein liten passasje attende til Mikkjel Fønhus frå 1962:

Den forholdsvis unge mannen på gården nå, som den gang var en liten gutt på noen få år, han forteller at han har et tydelig minne fra hin kvelden, da Dreng kom hjem med jerven, som ble lagt på snøen utafor huset. Gutten måtte jo ut og se på den. Og han så at jerveøynene lyste i mørket - disse grøntlysende rovdyrøynene var et inntrykk i barnesinnet som aldri ble borte.
Olav Drengsson Tveiten (1918-1995). Biletet er teke kring 1933. Olav dreiv Uppistog frå ca 1950 til 1963, og var den siste gardbrukaren her. Bilete frå Gunstein Tveiten.

Den mannen det her vert fortalt om, må vera Olav Drengsson, som var 3 år i 1921. Han overtok gardsdrifta i Uppistog etter faren og morbroren. I byrjinga av 1950-åra bygde han om den gamle stoga på garden, og gjorde henne både større og meir tidhøveleg. Men etter nokre år tykte han nok det vart for mykje strev å drive den brattlendte garden, og flutte til Vennesla, der han vart industriarbeidar.

Dette var i 1963 eller 1964, og etter denne tid har bruket ikkje vore i drift, bortsett frå at grannar har henta høyavlinga. Uthuset vart rive, og den tømra delen av det, som vel er frå 1700-talet, vart selt til Olav Selvåg, som sette oppatt huset ein stad i Nittedal.

Omlag på same tida som Olav flutte ut, sette Dreng, bror hans, seg opp eit nytt bustadhus utanfor det gamle tunet. Han var ungkar, men ville ha sin eigen heim. Tomta hans vart utskild og registrert med namnet Muren og bnr 37 i 1964.

Dreng Åsmundsson døydde i 1969, og Gjermund, svogeren, to år seinare. Heimelen til eigedomen gjekk då over til Margit.

Gunstein Drengsson overtok Muren, huset etter Dreng, i 1975. Han og kona flutte hit frå Arendal året etter, og har sidan budd her. Gunstein dreiv mest med gartnararbeid, m.a. for I/S Øvre Otra, inntil han gjekk av med pensjon i 1987.

Same året døydde Margit, mor hans. Borna hennes overtok eigedomen i fellesskap. Dette felleskapet står framleis ved lag, då bortsett frå at tunet med hovudbygningen og loptet vart utskilt som ein eigen eigedom for Olav Drengsson i 1989. Denne fekk namnet Bjørkelunden og bnr 58. Bakgrunnen for utskiljinga var at stoga, etter det han hadde investert av arbeid og pengar i henne på 1950-talet, alltid sidan hadde vore rekna for Olav si. Margit, dotter åt Olav, overtok Bjørkelunden etter faren i 1996, og sit med den eigedomen idag.

Innmarka på garden har vore rekna til ca 45 mål, av dette halvparten fulldyrka. Utmarka vert estimert til å vera på ca 6500 mål.


0941 Bykle komm.png Uppistog (Bykle gnr 14/5) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Utistog • Neste bolk: Austistog