Ustaoset: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(→‎Topografi: korrigert stedsnavn)
(Tatt ut setertabell, flyttet til egen side)
Linje 24: Linje 24:
Kartlegginga av seterbruket i Hol i 1930-åra<ref>I samband med [[Bibliografi:Kilder_fra_perioden_1814-1940#Gards-_og_grannesamfunngranskinga|seterbruksgranskinga]] til Instituttet for sammenlignende kulturforskning.</ref> syner at det då berre var fem bruk som ikkje hadde støl, og at 70 % av dei hadde to eller fleire. Av og til flytta dei mellom heime-, mellom- og langstøl same sumaren. Eller dei brukte stølane på skift frå år til år. Dette gjeld også nokre av stølane på Ustaoset. Det var vanleg at to-tre stølar låg saman, men store stølsgrender fans ikkje i Hol. Kvar støl hadde gjerne ei bu og ei løe, og på Ustaoset var desse gjerne av stein og bygd inn i bakken. Stølane hadde ikkje fjøs, så dyra sto i kve inntil graset var slått. Dei fleste stølane hadde dessutan steingjerder kring seg, slik det var vanleg når vollane vart slått. Mange stølar vart brukt som slåttestølar lenge etter at dei var ute av vanleg drift. Men i 1939 var enno 95,5 % av kyrne i Hol på støl om sumaren.  
Kartlegginga av seterbruket i Hol i 1930-åra<ref>I samband med [[Bibliografi:Kilder_fra_perioden_1814-1940#Gards-_og_grannesamfunngranskinga|seterbruksgranskinga]] til Instituttet for sammenlignende kulturforskning.</ref> syner at det då berre var fem bruk som ikkje hadde støl, og at 70 % av dei hadde to eller fleire. Av og til flytta dei mellom heime-, mellom- og langstøl same sumaren. Eller dei brukte stølane på skift frå år til år. Dette gjeld også nokre av stølane på Ustaoset. Det var vanleg at to-tre stølar låg saman, men store stølsgrender fans ikkje i Hol. Kvar støl hadde gjerne ei bu og ei løe, og på Ustaoset var desse gjerne av stein og bygd inn i bakken. Stølane hadde ikkje fjøs, så dyra sto i kve inntil graset var slått. Dei fleste stølane hadde dessutan steingjerder kring seg, slik det var vanleg når vollane vart slått. Mange stølar vart brukt som slåttestølar lenge etter at dei var ute av vanleg drift. Men i 1939 var enno 95,5 % av kyrne i Hol på støl om sumaren.  


Nedanfor eit oversyn over langstølar på Ustaoset.  
Gå til [[Setrar på Ustaoset (Hol)|oversyn over langstølar på Ustaoset]].  


{| class="sortable wikitable"
|-
!Namn
!Fyrst funne i kjelder
!Fyrste kjende eigar (gard)
!Eigar ca 1934<ref>[http://www.edd.uio.no/perl/search/search.cgi?appid=93;tabid=1383&lang=NNO Opplysningar frå Seternamnarkivet], Universitetet i Oslo, 1934</ref>
!Nedlagt<ref>[http://www.edd.uio.no/perl/search/search.cgi?appid=93;tabid=1383&lang=NNO Opplysningar frå Seternamnarkivet], Universitetet i Oslo, 1934</ref>
!Høgd over havet
|-
|Eirikstølen
|
|
|64/8 Øvre Geilo
|Nedlagt før 1934 (selt til byfolk).
|0970
|-
|Embrikkstølen
|
|
|65/1 Raunsgard
|I bruk kring 1934.
|1115
|-
|[[Geilolia støl (Ustaoset)|Geilolia]]
|1771
|Verpe (Ustedalen)
|[[Kaupang (Hol)|52/1,3 Vindegg]]
|Nedlagt kring 1905.
|1000
|-
|Kjersundlie, Guristølen
|
|
|44/6 Nordre Trøgaton
|I bruk kring 1934.
|1032
|-
|Hornbustølen (Hodnbu, Hødnbustøladn)
|
|
|68/1 Verpe
|Berre brukt til slått kring 1934. 3 stølar.
|0996
|-
|Hovdestølen
|
|
|5/2 Søre Slettemoen II
|I bruk kring 1934.
|1043
|-
|Huskerud
|
|
|5/2 Søre Slettemoen II
|Nedlagt kring 1895.
|1050
|-
|[[Kulthaug støl (Ustaoset)|Kulthaug]] (Kuldhaug)
|1746
|Slåtta (Ustedalen)
|5/2 Søre Slettemoen
|Nedlagt 1929.
|1012
|-
|Lakaset
|
|
|68/1 Verpe
|Nedlagt lenge før manns minne.
|1150
|-
|Lauvviki
|
|
|6/1 Nordre Slettemoen
|I bruk kring 1934.
|0982
|-
|Lii (Lie)
|
|
|64/3 Nedre Slåtta
|I bruk kring 1934.
|0907
|-
|Lorthøl
|
|
|[[Kaupang (Hol)|52/1,3 Vindegg]]
|Nedlagt kring 1905.
|1093
|-
|Mestølen, Gjerdudn
|
|
|44/1 Søre Trøgaton
|I bruk kring 1934. Frå gamalt 2 stølar med kvar sine hus.
|1013
|-
|[[Mjølhaugane støl (Ustaoset)|Mjølhaugane]]
|1772
|Geilo (Ustedalen)
|
|
|
|-
|Nyhall
|
|
|72/3 Nordre Tufto
|Nedlagt før 1934.
|1119
|-
|Nystølen
|
|
|[[Kaupang (Hol)|52/1,3 Vindegg]]
|I bruk kring 1934.
|1093
|-
|[[Osestølen (Ustaoset)|Osestølen]]
|1743
|Geilo (Ustedalen)
|[[Kaupang (Hol)|52/1,3 Vindegg]]
|I bruk kring 1934.
|1020
|-
|Plassen
|
|
|44/1 Søre Trøgaton
|Nedlagt kring 1910.
|1012
|-
|Prestholtstølane
|
|
|19/15 Rudningen
|I bruk kring 1934.
|1242
|-
|Prestholtstølane
|
|
|60/1,2 Søre Pukerud
|I bruk kring 1934.
|1242
|-
|Prestholtstølane
|
|
|61/1 Isungset
|I bruk kring 1934.
|1242
|-
|Prestholtstølane
|
|
|66/1 Øvre Uthus
|I bruk kring 1934.
|1242
|-
|Raggen, søre
|
|
|72/2 Myljo Tufto
|Ikkje brukt dei siste åra før 1934.
|1220
|-
|Sekshusstølane (Rennedalen)
|
|
|47/1 Nordre Givsjord
|I bruk kring 1934. Frå gamalt 3 stølar til gardane Sekshus, Løyte og Slåtto.
|0980
|-
|Sekshusstølane (Gamle Rennedalen)
|
|
|47/1 Nordre Givsjord
|Nedlagt før 1934.
|0980
|-
|[[Rukenstølane (Ustaoset)|Ruken]]
|1748
|Mehus (Kvisla)
|64/12 Nedre Geilo
|I bruk kring 1934.
|1150
|-
|[[Rukenstølane (Ustaoset)|Ruken, nordre]]
|
|
|71/1 Sekshus
|I bruk kring 1934.
|1150
|-
|Sisseldalen
|
|
|5/2 Søre Slettemoen II
|I bruk kring 1934. Rudt 1929.
|1010 
|-
|Skarvestølsviern
|
|
|47/3 Nordre Givsjord
|Nedlagt før 1934. Ikkje brukt i manns minne.
|1088
|-
|Smettbak
|
|
|64/1 Øvre Slåtto
|I bruk kring 1934.
|1012
|-
|[[Steintjødnbotnen støl (Ustaoset)|Steintjødnbotnen]]
|1892
|Øvre Sand (Kvisla)
|
|
|
|-
|Såbalstølan
|
|
|64/3 Nedre Slåtto
|I bruk kring 1934.
|0950
|-
|Såbalstølan
|
|
|66/7 Nordre Fossgard
|I bruk kring 1934.
|0950
|-
|Såbalstølan
|
|
|67/1,2 Hallsteinsgard
|Nedlagt 1920.
|0950
|-
|Tuva, nordre
|
|
|82/1 Flatåker
|I bruk kring 1934.
|1184
|-
|Uppåberget
|
|
|72/3 Nordre Tufto
|Nedlagt før 1934. 3 vollar.
|1198
|-
|Urenstølane
|
|
|47/1 Givsjord
|I bruk kring 1934.
|1169
|-
|Urenstølane
|
|
|48/1 Tufto
|I bruk kring 1934.
|1169
|-
|Ustebergstølen (Tuftestølen)
|
|
|72/3 Nordre Tufto
|I bruk kring 1934. Ny bu og nytt fjøs. I eldre tid skifta dei på å bruke Ustebergstølen, Vikastølen, Nyhall, Uppåberget.
|1000
|-
|Verpestølen, nordre
|
|
|68/1 Verpe
|I bruk kring 1934.
|0996
|-
|Verpestølen, søre
|
|
|68/1 Verpe
|I bruk kring 1934.
|0996
|-
|Veslestølen
|
|
|67/1,2 Hallsteinsgard
|I bruk kring 1934.
|0935
|-
|Vikastølen
|
|
|72/3 Nordre Tufto
|Nedlagt før 1934.
|1000
|-
|Øynadn
|
|
|72/2 Myljo Tufto
|Nedlagt før 1934.
|1200
|-
|Åkerstølan, nedre
|
|
|55/7 Nordre Fosshagen
|I bruk kring 1934.
|1091-1120
|-
|Åkerstølan, øvre
|
|
|55/8 Fosshagen
|I bruk kring 1934.
|1091-1120
|-
|Årsetstøl
|
|
|55/1 Nordre Årset
|I bruk kring 1934.
|1032
|-
|}


== Fotnotar ==
== Fotnotar ==

Sideversjonen fra 12. jul. 2012 kl. 18:35

Mal:Thumb høyre Ustaoset er ei hyttegrend i Hol kommune i Hallingdal i Buskerud fylke, som vart bygd opp kring Ustaoset stasjon (990,6 moh) på Bergensbanen frå byrjinga av 1900-talet. Kring 1890 sto det tre stølsbuer og ei løe på Osestølen, som alle høyrde til garden Vindegg i Kvisla, aust for Geilo. Det var kring denne stølen at Ustaoset hotell og dei fyrste hyttene vart bygde.

Topografi

Mal:Thumb høyre Ustaoset er naturleg avgrensa mellom Hallingskarvet i nord og Nordre Nordmannsslepa i sør, og mellom elvene Eima i aust og Karistølbekken i vest. Det vel tre mil lange Hallingskarvet ragar i landskapet, med Folarskardsnuten på 1933 moh som høgste punkt. Nedunder Skarvet er det gode beite, og mellom elvane og vatna ligg det tufter og stølar frå ulike periodar. Usta eller Ustevatnet nede i dalbotnen, er det nest største vatnet i Hol, og det går i vest over i Sløddfjorden ved Haugastøl.

Namnet

Sentrum av Ustaoset med Osestølen ligg nær staden der Usteåne eller Ustaelva renn ut or Ustevatnet. Førsteleddet "Ust-" er brukt i fleire stadnamn i området og har vore tolka på fleire måtar. Ifølgje Gunnleik Akselberg [1] heng det truleg saman med den germanske rota "us", som betyr "å brenne", og som kan gjelde både elva og vatnet. Men det kan òg ha samanheng med det norrøne "ast" eller "ost", som betyr "kjærleik", eller kome av det høgtyske "Unst", som betyr "gunst" eller "velvilje".

Den fyrste busetjinga

Oldsaksamlinga i Oslo har registrert fleire funn frå steinalderen på Ustaoset, særleg kring Ustevatnet. Mest omfattande er funna frå ein buplass på øya Digernes, der det er registrert eit rikt utval av reiskapar og verkty, samt brente beinrester og fordjupingar som kan ha vore brukt som kokegroper. Det er også registrert funn etter steinalderbuplassar på halvøya Buodden, ved Vikastølen og nedanfor Menutane. [2] I Riksantikvarens Kulturminnesøk er det dessutan registert buplassar frå steinalderen i Lauvvika, ved Verpestølen og ved utlaupet av Ustaelva. [3]

Funna frå jern- og mellomalder syner at det har vore stor jernblåsteraktivitet kring Ustevatnet, truleg også handel med jern. Her er funne kolgroper, jernvinner og restar etter slagg, til dels i dei same områda som steinalderfunna er gjort, mellom anna i Lauvvika[4] og ved Vikastølen[5], dessutan ved Hornbustølen[6] og Verpestølen[7]. Dei dreiv truleg med myrmalsmelting til inn på 1500-talet.

Nedanfor Menutane, i nærleiken av buplassane frå steinalderen, er det funne tufter etter ein buplass frå jern- eller mellomalder.[8] Det finst også restar etter fangstanlegg frå same tid fleire stader. Ved Reinsvaet, ned for dei bratte Reinsvahaugane, ligg ei samling dyregravar. Namnet gir ein peiepinn om kva slag dyr dei kunne få i gravene.[9].

Stølsdrift

På 1600-talet var folketalet i Hol aukande, og i løpet av 1700-talet dobla det seg. Gamle gardar vart delte og nye rudd, og det vart trongt om plassen både i gamle og nye grender. Fjellet, heilt opp til Usta, vart ekspansjonsområde ikkje berre for dei næraste bygdene, men også for gardar så langt aust som i Holet. Kring langstølane var det gode fiskevatn, beiteområde og jaktmarker. Om langstølane på Ustaoset fyrst vart rydda på 16-1700-talet er usikkert. I skriftlege kjelder dukkar dei opp frå 1700-talet i samband med kjøp og sal. Før dette låg dei helst i sameiger.

Kartlegginga av seterbruket i Hol i 1930-åra[10] syner at det då berre var fem bruk som ikkje hadde støl, og at 70 % av dei hadde to eller fleire. Av og til flytta dei mellom heime-, mellom- og langstøl same sumaren. Eller dei brukte stølane på skift frå år til år. Dette gjeld også nokre av stølane på Ustaoset. Det var vanleg at to-tre stølar låg saman, men store stølsgrender fans ikkje i Hol. Kvar støl hadde gjerne ei bu og ei løe, og på Ustaoset var desse gjerne av stein og bygd inn i bakken. Stølane hadde ikkje fjøs, så dyra sto i kve inntil graset var slått. Dei fleste stølane hadde dessutan steingjerder kring seg, slik det var vanleg når vollane vart slått. Mange stølar vart brukt som slåttestølar lenge etter at dei var ute av vanleg drift. Men i 1939 var enno 95,5 % av kyrne i Hol på støl om sumaren.

Gå til oversyn over langstølar på Ustaoset.


Fotnotar

  1. NRK Hordalands Språkspalte.
  2. Funn registert i tilvekstkatalogen til Oldsaksamlinga, Universitetet i Oslo.
  3. Treff på Ustevatn, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  4. Treff på Lauvvika, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  5. Treff på Vikastølen, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  6. Treff på Hødnestølen, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  7. Treff på Verpestølen, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  8. Treff på Menutane, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  9. Treff på Reinsvahaugene, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  10. I samband med seterbruksgranskinga til Instituttet for sammenlignende kulturforskning.

Kjelder

  • Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982.
  • Solhjell, Kåre Olav: Hol i hundre år. Utg. Hol kommune, 2000.
  • Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. Aschehoug, 1955-61.