Ustebergstølen (Ustaoset)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. feb. 2014 kl. 20:58 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (omred.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Mal:Thumb høyre Ustebergstølen (også kalla Tuftestølen) ligg på Ustaoset, Hol kommune, aust for Usteberget, nede ved Ustevatnet. Då garden Verpe i Ustedalen vart delt i 1745, vart det mellom anna bestemt at Eirik Knutson Verpe og stesonen Johannes Sveinson Verpe skulle ha Ustebergstølen og Osestølen saman. Omkring 1750 selde dei tre vollar med buer ved Ustebergstølen til Nils Helgeson Tufto (1701-?) frå nordre nørdste Tufto i Ustedalen. Stølen har sidan høyrt til garden, som også skiftevis brukte Vikastølen, Uppåberget, Nyhall og truleg også Øyestølen. Vikastølen låg litt vest for Ustebergstølen, ved Ustevatnet, medan Uppåberget og Nyhall låg på kvar si side av Usteberget.

I 2012 står eit stølshus og fjøs frå nyare tid på Ustebergstølen og dessutan reistar etter ei eller to steinbuer. Ruinar av steinbuer finst også etter Uppåberget og Nyhall.

Jakt og fiske ved Ustebergstølen

Cæsar Emil Ramel Michelet (1834-1909), som eigde Kristiania Pudretfabrikk, byrja kring 1876-77 å kjøpe opp jakt- og fiskerettar i fjellet, mellom anna på Ustaoset. I 1896 fekk han skøyte på jakt- og fiskerettane som høyrde til ein eigedom (72/4) som året før vart skilt ut frå nordre nørdste Tufto. Eigedomen ligg rett aust for Ustebergstølen og voll i voll med denne. Her hadde Michelet også rett til å føre opp hus, båtnaust og båtstø, og til å legge veg mellom desse. Michelet hadde ingen arvingar, men grosserar Even Helge Frøen (1860-1956) kjøpte eigedomen med tilhøyrande rettar frå dødsbuet. Allereie i 1914 selde han vidare til Jens Werenskiold Berg (f. 1868), som i folketellinga for 1910 er ført opp som glasverkseigar.[1] Berg forplikta seg i kontrakt av 1917 til å føre opp seterbuer og fjøs for Erik Tufte (1872-1951) på naboeigedomen.[2] Ifølgje Einar Tufte (f. 1922), nevø av Erik, vart "Berghytta" bygd i 1894 og var truleg den aller fyrste hytta på Ustaoset.[3]

Fotnoter

Kjelder og litteratur