Utstein kloster

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. jun. 2008 kl. 07:18 av Frode (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Utstein kloster ligg på Klosterøy, den vestlege delen av Mosterøy i Rennesøy kommune. Det er det best bevarte klosteret frå mellomalderen i Norge. Staten kjøpte klosterkyrkja i 1899, og i 1935 overtok Nevnden for Utstein klosters bevarelse (seinare Stiftelsen Utstein kloster) heile klosteranlegget. Utstein kloster er eit mykje besøkt turistmål, og her vert ofte arrangert seminar og konferansar.

Utstein som kongsgard

Snorre skriv at Utstein er ein av Harald Hårfagre sine kongsgardar. Han har opplysningen frå Haraldskvadet dikta av Torbjørn Hornklove etter slaget i Hafrsfjord. Her blir Harald omtalt som østmenns herre som holder til på Utstein. Om Utstein var eit høvdingsete før Harald si tid, er uvisst. Det er ikkje gjort arkeologiske funn frå elitegravleggingar i området, men det er rimeleg å tru at småkongar på Sørvestlandet i århundra før Harald har lagt vekt på å sikra seg kontroll over Utstein. Særleg Avaldsnes på Karmøy ser ut til å ha vore eit maktsentrum i jernalderen, og det er mogeleg at herskarar her i periodar har hatt kontroll med Utstein. Staden var strategisk viktig for sjøbasert ferdsel både nord-sør langs leia og aust-vest over Nordsjøen og innover i Boknafjorden.

Som kongsgard utgjorde Utstein eit støttepunkt for dei tidlege rikskongane. Styret var organisert slik at kongen og følgjet hans i praksis åt og drakk seg gjennom riket på veitsleferder. Maktsenteret var der kongen til ei kvar tid oppheld seg. Kongsgardane til Harald låg i Rogaland og Hordaland, som ser ut til å ha vore kjerneområdet i Hårfagreslekta sitt kongedøme. På Utstein sat truleg ein årmann av låg ætt som gardsstyrar. I dei nærliggjande områda, på Nord-Jæren og på øyane i Boknafjorden, var mykje krongods. Leiglendingane på desse gardane har truleg måtte føra noko av det dei produserte til Utstein. Dette gav grunnlag for at kongen kunne halda store gjestebod og gje gåver. Han framstod dermed som ein generøs styrar, noko som var svært viktig for å legitimera eiga makt.