Utstein kloster

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. jun. 2008 kl. 08:48 av Frode (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Utstein kloster ligg på Klosterøy, den vestlege delen av Mosterøy i Rennesøy kommune. Klosteret var via til St. Laurentius, og det var augustinarkannikar som heldt til her. Utstein er det best bevarte klosteret frå mellomalderen i Norge. Staten kjøpte klosterkyrkja i 1899, og i 1935 overtok Nevnden for Utstein klosters bevarelse (seinare Stiftelsen Utstein kloster) heile klosteranlegget. Utstein kloster er eit mykje besøkt turistmål, og her vert ofte arrangert seminar og konferansar.

Utstein som kongsgard

I følgje Snorre var Utstein ein av Harald Hårfagre sine kongsgardar. Han har opplysningen frå Haraldskvadet dikta av Torbjørn Hornklove etter slaget i Hafrsfjord. Her blir Harald omtalt som østmenns herre som holder til på Utstein. Om Utstein var eit høvdingsete før Harald si tid, er uvisst. Klosterøy og naboøya, Fjøløy, er rik på fornminne, mellom anna er det registrert om lag 170 gravhaugar, men funna som har kome for dagen gjev ikkje inntrykk å vera frå eit elitemiljø. Det er rimeleg å tru at småkongar på Sørvestlandet i århundra før Harald har lagt vekt på å sikra seg kontroll over Utstein. Særleg Avaldsnes ser ut til å ha vore eit maktsentrum i jernalderen, og det er mogeleg at herskarar ved Karmsundet i periodar har hatt støttespelarar plasserte på Utstein. Her fanst ei god hamn, og Utstein var strategisk viktig for sjøbasert ferdsel både nord-sør langs leia og aust-vest over Nordsjøen og innover i Boknafjorden.

Som kongsgard utgjorde Utstein eit støttepunkt for dei tidlege rikskongane. Styret var organisert slik at kongen og følgjet hans åt og drakk seg gjennom riket på veitsleferder. Maktsenteret var der kongen til ei kvar tid oppheld seg. Kongsgardane til Harald låg i Rogaland og Hordaland, som ser ut til å ha vore kjerneområdet i Hårfagreslekta sitt kongedøme. På Utstein sat truleg ein årmann av låg ætt som gardsstyrar. I dei nærliggjande områda, på Nord-Jæren og på øyane i Boknafjorden, var mykje krongods. Leiglendingane på desse gardane måtte nok føra noko av det dei produserte til Utstein. Dette gav grunnlag for at kongen kunne halda store gjestebod og gje gåver. Han framstod dermed som ein generøs styrar, noko som var svært viktig for å legitimera eiga makt. Tunet og bygningane på kongsgarden låg truleg der klosteret seinare kom.

I Håkon den gode si tid spela etter alt å døma Utstein og dei andre kongsgardane på Sørvestlandet framleis ei sentral rolle. Seinare fekk kongane støttepunkt i andre landsdelar. Etter kvart som byane byrja å veksa fram frå slutten av vikingtid og utover, blei dei viktige opphaldsstader for kongane. Dei gamle kongsgardane mista dermed betydning, men dei vart framleis nytta på kongane sine reiser langs kysten.

Klosteret

Tradisjonelt er opprettinga av Utstein kloster knytta til Magnus Lagabøte. Han fekk Rygjafylket i len i 1257 og skal i åra som følgde i stor grad ha halde til i Stavanger. Ein har meint at han i denne perioden også starta bygginga av ein ny kongsgard på Utstein. Etter at faren, Håkon Håkonsson, døydde i 1263, overtok Magnus som konge. Han hadde då ikkje lenger bruk for Utstein, og let Olavsklosteret i Stavanger overta staden med den påbegynte kongsgarden. I følgje denne oppfatninga er såleis klosteret på Utstein blitt til kring midten av 1260-åra som ei vidareføring av Olavsklosteret.

I ei bok om Utstein frå 2005 presenterer historikaren Eldbjørg Haug synspunkt som bryt med den tradisjonelle dateringa av klosteret. Ho argumenterer for at Olavsklosteret i Stavanger truleg var eit benediktinarkloster, som i så fall ikkje kan ha vore noko forløpar til Utstein. I staden finn Haug det sannsynleg at klosteret på Utstein blei grunnlagt samstundes med Halsnøy kloster i samband med kongekroninga av Magnus Erlingsson i Bergen i 1164. Bak grunnlegginga av begge klostera, som fekk store jordegodsdonasjonar ved skipinga, ser ho Magnus sin far, lendmannen Erling Ormsson Skakke frå Stødle i Etne som var gift med Kristin, dotter til Sigurd jorsalfar. Denne omdateringa av Utstein kloster blir støtta mellom anna av ein døypefont frå 1100-talet som framleis finst i klosterkyrkja.

Klostergarden, som omfatta Klosterøy og Fjøløy, var ein god gard. Utstein kloster rådde over eit jordegods som plasserer det om lag midt på treet blant norske kloster. Flesteparten av eigedomane låg på Nord-Jæren og øyane i Boknafjorden. Utstein hadde dessutan lakserett i Figgjoelva på Jæren og dreiv handel med Utsteinbussen, som er nemnt i engelske tollrekneskap kring 1300. Inntektene, særleg frå jordegodset, gjekk sterkt tilbake etter folketapet som følgje av svartedauden og andre pestar i seinmellomalderen, men munkane på Utstein ser ut til å ha makta å tilpassa seg dei nye realitetane. Klosteret var såleis i drift heilt fram til reformasjonene. Den siste abbeden vart avsett i august 1537.