Utvandring frå Noreg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
«Utvandrere», måla av Gustav Wentzel i Vågå i 1903.

Utvandring frå Noreg har ei historie som vi kan strekke attende til vikingtida, og til ein kvar tid har det vore nokre som har dratt ut for å søkje lykka andre stader. Særleg omfattande vart utvandringa på 1800-talet og fram til 1930-åra, og det er den tida vi skal sjå nærare på her. Totalt ved det omkring 800 000 nordmenn som drog ut i denne perioden. Utvandringa til Nord-Amerika er den mest kjende, men mange nordmenn slo seg òg ned mellom anna i Australia, på New Zealand, i Sør-Amerika og i Sør-Afrika. Utvandringa har fleire sider som er av interesse i ein lokalhistorisk samanhang. Korleis vart lokalsamfunn i Noreg endra når så mange drog ut? Kvifor drog så mange? Og, korleis utvikla dei norske samfunna i utlandet seg?

Utvandrarsamfunna

Grafikk: Chris Nyborg, 2017. Data frå Norwegian AmericansWikipedia på engelsk.
Lesja Lutheran Church i Bottineau, Nord-Dakota, er ein av mange norske kyrkjer i USA.
Foto: Odd Sigmund Brøste (1999).

Den første organiserte utvandringa frå Noreg hende i 1825, då Cleng Peerson fekk med seg drygt femti personar frå Rogaland til New York. Dei oppretta ein norsk nybyggarkoloni. I åra som følgde henta Cleng Peerson over fleire, og han tok dei med stadig lenger vest, og mot slutten av livet drog han heilt ned til Texas. Dei fleste norske utvandrarane drog til den øvre delen av Midtvesten, og særleg til Minnesota og Wisconsin. Frå den amerikanske folketeljinga i 2009 veit vi at det då var meir enn 4,5 millionar menneske i USA som rekna seg som norsk-amerikanarar. Dei utgjer omkring 1,5 % av befolkninga, og er den tiande største folkegruppa i landet. Omkring halvparten av dei, drygt 2,2 millionar, budde i Midtvesten. I Canada var det i 2006 meir enn 430 000 som oppgav at dei var norskætta.

Eit kjenneteikn ved utvandrarsamfunna var at dei haldt fast ved norsk språk og kultur. Die gav ut aviser og blad på norsk, og det var ein stor marknad for bøker på norsk. I kyrkjene var norsk det liturgiske språket. I 2005 viste ei undersøking at det framleis var nesten 40 000 amerikanarar som snakka norsk i heimen, og mange fleire som kunne ein del norsk. Dei starta òg foreiningar, og Sons of Norway har meir enn 60 000 medlemmar i USA og nær 30 000 i Canada. Det var òg tette band til Noreg. Nordmenn reiste over på foredragsturné, og Amerikabrev vart ikkje berre lest i heimen, dei vart òg ofte trykte i lokalaviser. Under striden om unionsoppløysinga samla norsk-amerikanarar inn pengar til skytterlaga, og i 1884 gav Minneapolis-avdelinga av Den Norsk-Amerikanske Venstreforening 4000 kroner til Venstre, ei gåve som var knytt til partiet sitt arbeid mot unionen. Utvandrarane hadde altså ikkje berre eit nostalgisk blikk på gamlelandet, dei følgde òg med og engasjerte seg i politiske hendingar i Noreg.

Den norske arva er tydeleg mange stader i USA. Mellom anna finn ein Vesterheim Norwegian-American Museum i Decorah i Iowa, og fleire stader er det norske festivalar med folkemusikk og tradisjonsmat. 17. mai vert feira med barnetog fleire stader. Mange av innslaga på festivalane vil i dag framstå som gammalmodige eller underlege for oss; utvandrarsamfunn held ofte på tradisjonar utan å få med seg den utviklinga som skjer i gamlelandet, og det vert ofte ei blanding av tradisjonar frå forskjellige delar av landet. Mattradisjonane vert ofte blanda litt saman, så ein kan oppleve kjøtkaker og lutefisk på same tallerken - og alltid med lefse attåt. I byane er det mindre att av dei norske områda, men det var lenge eit strøk i Brooklyn i New York som hadde eit tydeleg norsk preg. Mange kjenner nok òg til Ørkenen Sur, ei tidlegare søppelfylling ved New York der fleire nordmenn budde under særs dårlege forhold.

Det er særlig i USA, og til ein viss grad i Canada at ein finn desse norske utvandrarsamfunna. Andre stader vart nordmenn ofte spreidd over eit større område, som i Australia der dei fekk seg farmar rundt om i landet. Men ein kan òg andre stader finne døme på norske lokalsamfunn, ofte danna av utvandarar i kombinasjon med norske sjøfolk, og med Sjømannskyrkja som eit sentrum. Joinville i Brasil vart grunnlagd av mellom anna nordmenn, og dei har mange etterkomarar som er klar over sin norske arv, sjølv om dei fleste av nybyggjarane reiste heim etter ein tid.

Kvifor drog så mange?

Draumen om ein eigen farm fekk mange til å dra ut. Frå En norsk bygds historie, utg. 1917.

Nå vikingtida vert nemnd, er ikkje det berre ein historikar sin hug til å gå langt attende i tid. Det er ein fellesnemnar mellom landnåmstida og den store utvandringstida 1825–1930, nemleg at folk lette etter ein stad der dei kunne få eit betre utkomme. For ein husmannsson var det han hadde utsikt til i Noreg ein liten plass som knapt kunne fø familien, men i Amerika kunne han få seg ein større farm. Dette stemmer godt med at utvandringa først tok til i indre fjordbygder på Vestlandet, og så i dei øvre fjellbygdene på Austlandet. Den spreidde seg så til lavlandet og kysten, og omkring 1880 var det mange frå Sørlandet som drog etter ei krise i skipsfarten. Det gjekk sjølvsagt ikkje bra med alle, men sjansane var betre der ute. Kvar folk drog var ofte avhengig av konjukturar og hendingar ute i verda. Til dømes var det nesten heilt stopp i utvandringa til USA frå 1861 til 1865, då den amerikanske borgarkrigen vart utkjempa. Og at utvandringa stoppa opp omkring 1930 skuldast ikkje at det var så bra her, men at «dei harde 30-åra» var ei internasjonal krise, som ikkje minst ramma USA.

Mange av dei som drog levde ikkje i verkeleg naud – dei som gjorde det hadde oftast ikkje moglegheit til å skaffe pengar til billetten. Det finst òg døme på at norske kommunar betalte billetten til Amerika for fattige, då dette på sikt vart billegare enn å la dei gå på forsorg her heime. I nokre høve ser det ut til at dei ikkje ville dra, men at dei rett og slett ikkje fekk noko val, men dei fleste i denne gruppa syntest nok at det var eit godt alternativ å søkje lykka over havet. For dei fleste handla det nok meir om å prøve å få det betre, men altså ikkje eigentleg ein flukt frå naud og svelt.

Det var òg andre grunnar til at folk drog. Den første utvandrargruppa i 1825 hadde religiøse grunnar for å dra. Dei fleste av dei var kvekarar eller haugianarar. Før dissenterlova kom i 1845 hadde vi ikkje religionsfridom i Noreg, og dei ville ein stad der dei kunne følgje si eiga tru. Etter at dei hadde lagt ut var det berre ni kvekarar att i Stavanger, og kvekergruppa i Christiania var så liten at ho snart døydde ut. Etter 1845 var dette truleg ein mindre viktig grunn til å dra.

Nokre få døme på politiske motiv finn vi òg, knytta til thranittar som drog ut i 1850-åra. Marcus Thrane var sjølv ein av dei som utvandra til USA.

Ein skal heller ikkje sjå bort frå det individuelle valet. Ser ein på historia om Cleng Peerson er det tydeleg at han hadde ein enorm utferdstrong; han slo seg knapt til ro noko sted, men ville alltid vidare. Mellom alle farmarar og tømmerhoggarar finn vi og gullgravarar i Alaska og folk som leitte etter edelsteinar i Australia. Eventyrlyst og utferdstrong var nok ofte grunnen, og i ein del høve var det nok også om å gjere å koma seg bort frå Noreg fordi ein hadde gjort noko gale – sett born på nabojenta eller slikt.

Utvandringa var òg sjølvforsterkande. Gjennom Amerikabrev og nyhende frå andre land såg mange at her kunne dei få eit godt liv. Det var òg mange som fekk hjelp frå slektningar som hadde reist tidlegare, og som sende over billett og reisepengar.

Endringar i Noreg

Mange frykta at utvandringa skulle føre til at dei mest arbeidsføre og dugande forsvann frå Noreg, og at dette kunne føre til ei nedgongstid for landbruket. I 1908 vart Selskapet til Emigrationens Indskrænkning skipa; de skifta namn til Ny Jord – Selskapet til landets indre kolonisasjon i 1915. Men kritikken mot utvandringa tok til før dette. Allereie då Cleng Peerson skreiv i norske aviser i 1850-åra vart han kritisert for i drive amerikapropaganda.

Det er ingen tvil om at mange arbeidsføre folk drog ut. Om dette faktisk var til skade for Noreg er det vanskeleg å si. For nokre lokalsamfunn førte det nok til ei merkbar avfolking; det var jo gjerne ikkje berre ein person som drog, men ein heil familie. Samstundes har det nok ført til mindre fattigdom både på landsbygda og i byane; dei som hadde utsikter til å arve ein gard eller som hadde ein jobb hadde ikkje så lett for å dra som dei som allereie sto utafor. Det er heller ikkje sikkert at antalet som drog frå bygda ville ha vore så mykje lågare utan utvandring, for mange ville i staden ha flytta inn til byane - med ei auke i nauden der som resultat.

I tida frå 1815 til 1865 var det òg stor befolkningsauke i Noreg, frå 885 000 til 1 702 000 innbyggjarar. Sjølv om utvandringa fortsette i stort monn, hadde vi i 1900 eit folketal på 2 240 032, så nokon landsomfattande avfolking vart det ikkje.

Litteratur