Vågå kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 18: Linje 18:
<onlyinclude>{{thumb høyre|Vågå kyrkje.jpg|<small>Vågå kyrkje med [[støpul]], opphavleg [[stavkyrkje]] frå 1100-talet, ombygd og oppsett på noverande stad 1625-30. Foto:Arnfinn Kjelland</small>}}
<onlyinclude>{{thumb høyre|Vågå kyrkje.jpg|<small>Vågå kyrkje med [[støpul]], opphavleg [[stavkyrkje]] frå 1100-talet, ombygd og oppsett på noverande stad 1625-30. Foto:Arnfinn Kjelland</small>}}
'''[[Vågå kommune|Vågå]]''' er ei fjellbygd og kommune i [[Oppland fylke]], den nest austlegaste av dei fire [[Ottadalen|Ottadals-kommunane]] [[Skjåk]], [[Lom]], Vågå og [[Sel]]. Vågå grensar til følgjande sju kommunar, etter tur frå nord mot aust, sør og vest: [[Lesja]], [[Dovre]], Sel, [[Nord-Fron]], [[Øystre Slidre kommune|Øystre Slidre]], [[Vang]] og Lom.  
'''[[Vågå kommune|Vågå]]''' er ei fjellbygd og kommune i [[Oppland fylke]], den nest austlegaste av dei fire [[Ottadalen|Ottadals-kommunane]] [[Skjåk]], [[Lom]], Vågå og [[Sel]]. Vågå grensar til følgjande sju kommunar, etter tur frå nord mot aust, sør og vest: [[Lesja]], [[Dovre]], Sel, [[Nord-Fron]], [[Øystre Slidre kommune|Øystre Slidre]], [[Vang]] og Lom.  
Bygda ligg opp mot [[Dovrefjell]], [[Valdresflya]] og dei austlege delane av [[Jotunheimen]]. Næringslivet er tradisjonelt jordbruksbasert med utstrekt bruk av dei store utmarksområda, både til utøving av primærnæringar og til reiseliv og fritidssyslar.  
Bygda ligg opp mot [[Dovrefjell]], [[Valdresflya]] og dei austlege delane av [[Jotunheimen]]. Næringslivet er tradisjonelt jordbruksbasert med utstrekt bruk av dei store utmarksområda, både til utøving av primærnæringar og til reiseliv og fritidssyslar.  
Kommunesenteret er [[Vågåmo]]. Ein person frå Vågå blir kalla vagvér. Kommunevåpenet med reinsdyrmotivet viser både til utmarksnæringar (tamreindrift og jakt) og til Per Gynts bukkeritt over [[Besseggen]], som ligg innan kommunegrensene.</onlyinclude>
Kommunesenteret er [[Vågåmo]]. Ein person frå Vågå blir kalla vagvér. Kommunevåpenet med reinsdyrmotivet viser både til utmarksnæringar (tamreindrift og jakt) og til Per Gynts bukkeritt over [[Besseggen]], som ligg innan kommunegrensene.</onlyinclude>



Sideversjonen fra 12. okt. 2012 kl. 16:03

Vågå
0515 Vaga komm.png
Basisdata
Kommunenummer 0515
Fylke Oppland
Kommunesenter Vågåmo
Areal 71.9  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 71.9  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Grunnlagt 1907
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Mal:Thumb høyre Vågå er ei fjellbygd og kommune i Oppland fylke, den nest austlegaste av dei fire Ottadals-kommunane Skjåk, Lom, Vågå og Sel. Vågå grensar til følgjande sju kommunar, etter tur frå nord mot aust, sør og vest: Lesja, Dovre, Sel, Nord-Fron, Øystre Slidre, Vang og Lom. Bygda ligg opp mot Dovrefjell, Valdresflya og dei austlege delane av Jotunheimen. Næringslivet er tradisjonelt jordbruksbasert med utstrekt bruk av dei store utmarksområda, både til utøving av primærnæringar og til reiseliv og fritidssyslar. Kommunesenteret er Vågåmo. Ein person frå Vågå blir kalla vagvér. Kommunevåpenet med reinsdyrmotivet viser både til utmarksnæringar (tamreindrift og jakt) og til Per Gynts bukkeritt over Besseggen, som ligg innan kommunegrensene.

Namnet

Mal:Thumb høyre Mal:Thumb høyre

Det fyrste kjeldebelegget for bygdenamnet er eit diplom frå 1313. [1] Der finn vi forma ”a Vagha”, truleg ei bøyingsform av nominativ Vagi, som er laga av verbet vega = å føre, transportere. Stadnamnet har såleis vorte omsett med ”ferdaveg”.<ref'Norsk stadnamnleksikon, som viser til Magnus Olsen i Maal og Minne 1919.</ref>

Kommunehistorikk og historisk-administrativ tilhøyrsle

Da formannskapslovene vart vedtekne i 1837, vart Vågå prestegjeld, som den gongen også omfatta anneksa Sel og Heidal, til Vågå herad. I 1907 vart Sel og Heidal utskilde som eigne kommunar. Dagens kommune består altså av det gamle Vågå hovudsokn.

Gjennom heile den kjende historia har Vågå vore knytt til dei større regionale administrasjonseiningane Gudbrandsdalen og Nord-Gudbrandsdalen. Det gjeld den mellomalderske sysla og sidan futedøme, sorenskriveri, politidistrikt og prosti. I lenstida (frå seinmellomalderen til 1660) låg Gudbrandsdalen futedøme under Akershus len. Etter 1660 tilhøyrde distriktet Opplandenes amt, seinare Kristians amt og Oppland fylke.

Sorenskrivarembetet i Nord-Gudbrandsdalen har i fleire hundre år hatt tilhald i Vågå, truleg alt sidan embetet vart oppretta rundt år 1600.

Høgde over havet og arealfordeling

Om lag 70 % av kommunens areal består av snaufjell, brear og vatn. Skogen dekkjer 25% og dyrka mark snaue 2,5%. (Resten er m.a. myrlende og bebygde område.)

I hovuddalføret ligg Vågåvatnet 362 m.o.h., Lalmsvatnet 355 m.o.h., og det meste av busetjinga ligg i dalbotnen og liene her. Men det er fjellgrender med fast busetjing opp i mot 800 m.o.h. På nordsida av Ottadalen går fjelltoppane opp i 1500-1600 meter, på sørsida (i Jotunheimen) over 2000 meter. Høgast er Store Knutholstind på 2341 m.o.h.

Næringsliv

Medan Vågå tidlegare var ei alt overvegande jordbruks- og utmarksbrukskommune, er næringslivet i dag dominert av andre sektorar. På [2] er vektinga av næringsgreinene som følgjer (tal frå 2007)

  • Jordbruk og skogbruk: 16%
  • Industri, berverk, bygg og anlegg 24%
  • Reiseliv 11%
  • Varehandel 12%
  • Offentleg og privat tenesteyting 37%

Vassdrag, vegar og grender

I hovuddalføret

Mal:Thumb høyre Gjennom hovuddalføret renn Ottaelva, som i hovudbygda utvidar seg til Vågåvatnet. Lenger nedover (austover) i hovuddalføret heiter det Lalm. Det er eit bygdelag, skulekrins med meir som utgjer austlegaste delen av Vågå rundt Lalmsvatnet. Lalm er også namnet på ein liten tettstad ved austenden av vatnet. Frå Lalm går det fylkesveg i nordaustleg retning over Vågåruste til Nord-Sel, og sørover gjennom Rindalen og Heidalsskogen til Bjølstadmoen i Heidalen.

Ved Eidefossen på Lalm er Otta oppdemt og har produsert elektrisk straum sidan 1917. [3]

På nordsida av Vågåvatnet, vestover frå Vågåmo ligg grendene Øvre og Nedre Nordherad, høvesvis nede ved vatnet og på høgdedraget lenger opp. Nordherad er eit av dei 20 områda som regjeringa har utpeikt til spesielt utvalde kulturlandskap. [4]


Mal:Thumb høyre Sjårdalen er ei grend på sørsida av Otta i eit dalsøkk ned mot Lalmsvatnet.

I nordvest: Grendene langs Finna

Langs sideelva Finna, som renn frå nordvest og munnar ut i Otta ved Vågåmo, ligg frå aust mot vest grendene Skogbygda og Skårvangen, og lengst vest seterdalen Finndalen. Området nedst ved Finna (nærast Vågåmo) hadde tidlegare grendenamnet Finntryu (av Finntridjungen frå gammalnorsk tid), men dette gjekk ut av dagleg bruk i løpet av 1900-talet.

Sjodalen og andre område mot sør

Mal:Thumb høyre Ved utløpet av Tessa, på sørsida av dalføret, ligg Tessanden, eit lite grendesentrum. Tesse kjem frå fiskevatnet Tesse i Lom kommune. Tessa er regulert og gjev kraft til fire kraftstasjonar.

Elva Sjoa har utspring i Vågå, og Sjodalen, kjent seter- hytte- og turistområde, høyrer kommunen til. Her ligg kjende turiststader som Hindseter, Bessheim og Gjendesheim. Frå Gjendesheim kjem ein innover vatnet Gjende med Besseggen, Memurubu og Gjendebu, som også ligg i kommunen. Dette er nå del av Jotunheimen nasjonalpark.

Gjennom Sjodalen går riksveg 51 over Valdresflya til Valdres. Vegen tar i Vågå av frå riksveg 15 opp lia ved Randen, passerer grenda Synsliene, fleire setergrender og vatnet Lemonsjøen med ein turiststad og alpinanlegg, og deretter fjellgrenda Randsverk før vegen går vidare gjennom Sjodalen. Setrene i området er store og gode, og er kjende for å ha vore utnytta også vinterstid («vinterlego»).

Sjoa renn fyrst i nordleg, så i austleg og til slutt i søraustleg retning ned gjennom Heidalen, til den munnar ut i Gudbrandsdalslågen ved Sjoa jernbanestasjon. I seinare år har Sjoa vorte kjend for raftingsport og andre opplevingsaktivitetar.

Historie

Mal:Thumb høyre Vågå var alt frå førhistorisk tid og langt ut i tidleg moderne tid eit maktsentrum innan regionen. Det er indikasjonar på at tingstaden «Liufærvang» i Vågå, kanskje ved garden som i dag heiter Lye og den staden som framleis blir kalla Tingsvaet, har vore møteplass for eit større distrikt, kanskje heile Nord-Gudbrandsdalen. Det opphavlege namnet på Vågå prestegard, Ullinsvin, peikar mot ein førkristen kultstad.

Kristendomen kan meir eller mindre presist daterast til 1021, da Olav den heilage kom frå Lesja, samla bøndene frå heile Ottadalen og baud dei ta ved den nye trua. Dei eldste delane av Vågå-kyrkja kan vere frå ei stavkyrkje frå 1100-talet.

På garden Sandbu høyrer vi om lendmenn og riddarar ut gjennom mellomalderen. Den fyrste kjende frå kjeldene er Ivar gamle (Gjesling) på kong Sverres tid på slutten av 1100-talet. Sandbu vart sete for syslemannen i Gudbrandsdalen i høgmellomalderen.

Kjende personar frå Vågå

  • Edvard Storm (1749–1794), lyriker
  • Ole Haagenstad (1775–1866), stortingsrepresentant
  • Hans Peter Schnitler Krag (1794–1855), «Vågåpresten», sette i gang fastskule i Vågå, som fekk eit særs ggodt rennome
  • Jo Gjende (1794–1884), reinsjeger, fjellmann, fritenkjar
  • Peder Knudsen (1819–1853), komponist og organist (Jeg er så glad hver julekveld)
  • Ole Herman Krag (1837–1916), son av «Vågåpresten», oppfinner av geværet Krag-Jørgensen
  • August Reymert (1851–1932), no-amer. advokat, m.a. president i Det norsk-amerikanske handelskammer i USA, sentral da geværet Krag-Jørgensen vart innført til USA i 1892.
  • Ivar Kleiven (1854–1934), lokalhistorikar og folkeminnesamlar
  • Jo Visdal (1861–1923), treskjerer og bilethoggar
  • Anton Ryen (1894–1968), bonde, offiser og stortingsrepresentant (Bondepartiet) 1945-1957
  • Ragnvald Skrede (1904–1983), lyrikar
  • Ola Opheim (1920–2003), spelemann
  • Syver Berge (1939–), stortingsrepresentant (SP) 1989-1993
  • Haakon Blankenborg (1955–), stortingsrepresentant (AP) 1981-2005, ambassadør i Beograd
  • Arne Brimi (1957–), kokk
  • Rune Øygard (1959–), politikar og ordførar

Referansar

Kjelder og litteratur