Vågå kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vågå
0515 Vaga komm.png
Basisdata
Kommunenummer 0515
Fylke Oppland
Kommunesenter Vågåmo
Areal 71.9  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 71.9  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Grunnlagt 1907
Målform Nynorsk
Nettside Nettside



Mal:Thumb høyre Vågå er ei fjellbygd og kommune i Oppland fylke, den nest austlegaste av dei fire Ottadals-kommunane Skjåk, Lom, Vågå og Sel. Vågå grensar til følgjande sju kommunar, etter tur frå nord mot aust, sør og vest: Lesja, Dovre, Sel, Nord-Fron, Øystre Slidre, Vang og Lom.

Bygda ligg opp mot Dovrefjell, Valdresflya og dei austlege delane av Jotunheimen. Næringslivet er tradisjonelt jordbruksbasert med utstrekt bruk av dei store utmarksområda, både til utøving av primærnæringar og til reiseliv og fritidssyslar.

Kommunesenteret er Vågåmo. Ein person frå Vågå blir kalla vagvér. Kommunevåpenet med reinsdyrmotivet viser både til utmarksnæringar (tamreindrift og jakt) og til Per Gynts bukkeritt over Besseggen, som ligg innan kommunegrensene.

Namnet

Det fyrste kjeldebelegget for bygdenamnet er eit diplom frå 1313. [1] Der finn vi forma ”a Vagha”, truleg ei bøyingsform av nominativ Vagi, som er laga av verbet vega = å føre, transportere. Stadnamnet har såleis vorte omsett med ”ferdaveg”.<ref'Norsk stadnamnleksikon, som viser til Magnus Olsen i Maal og Minne 1919.</ref>

Kommunehistorikk og historisk-administrativ tilhøyrsle

Da formannskapslovene vart vedtekne i 1837, vart Vågå prestegjeld, som den gongen også omfatta anneksa Sel og Heidal, til Vågå herad. I 1907 vart Sel og Heidal utskilde som eigne kommunar. Dagens kommune består altså av det gamle Vågå hovudsokn.

Gjennom heile den kjende historia har Vågå vore knytt til dei større regionale administrasjonseiningane Gudbrandsdalen og Nord-Gudbrandsdalen. Det gjeld den mellomalderske sysla og sidan futedøme, sorenskriveri, politidistrikt og prosti. I lenstida (frå seinmellomalderen til 1660) låg Gudbrandsdalen futedøme under Akershus len. Etter 1660 tilhøyrde distriktet Opplandenes amt, seinare Kristians amt og Oppland fylke.

Sorenskrivarembetet i Nord-Gudbrandsdalen har i fleire hundre år hatt tilhald i Vågå, truleg alt sidan embetet vart oppretta rundt år 1600.

Høgde over havet og arealfordeling

Om lag 70 % av kommunens areal består av snaufjell, brear og vatn. Skogen dekkjer 25% og dyrka mark snaue 2,5%. (Resten er m.a. myrlende og bebygde område.)

I hovuddalføret ligg Vågåvatnet 362 m.o.h., Lalmsvatnet 355 m.o.h., og det meste av busetjinga ligg i dalbotnen og liene her. Men det er fjellgrender med fast busetjing opp i mot 800 m.o.h. På nordsida av Ottadalen går fjelltoppane opp i 1500-1600 meter, på sørsida (i Jotunheimen) over 2000 meter. Høgast er Store Knutholstind på 2341 m.o.h.

Næringsliv

Medan Vågå tidlegare var ei alt overvegande jordbruks- og utmarksbrukskommune, er næringslivet i dag dominert av andre sektorar. På [2] er vektinga av næringsgreinene som følgjer (tal frå 2007)

  • Jordbruk og skogbruk: 16%
  • Industri, berverk, bygg og anlegg 24%
  • Reiseliv 11%
  • Varehandel 12%
  • Offentleg og privat tenesteyting 37%


Referansar

Kjelder og litteratur