Vågå kyrkje: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>{{thumb|Vaagaa_kirke_2011.JPG|Vågå kirke|fotograf=Kai Hansen|dato=23 september 2011}}
<onlyinclude>{{thumb|Vaagaa_kirke_2011.JPG|Vågå kyrkje.|Kai Hansen|2011}}
'''[[Vågå kyrkje|Vågåkyrkja]]''' er ein [[korskyrkje]] som i si noverande form vart bygd i åra 1625-30. Byggmeister var [[Werner Olsen]]. Kyrkja erstatta ei gamal [[stavkyrkje]] med eitt skip som etter tradisjonen skal ha stått på ei tomt om lag 300 meter vest-nordvest for den kyrkja som stå nå. Den gamle kyrkja vart rive kring 1625. Den åttekanta tårnhjelmen med fire småspir på eit firkanta tårn over krysset i sjølve kyrkja er særmerkt for byggmeisteren. Ho er soknekyrkje for [[Vågå sokn]], og var tidlegare hovudkyrkje i [[Vågå prestegjeld]].

Linje 19: Linje 19:
Fil:InteriørVågåkyrkja.JPG|Kyrkjeinteriøret. {{byline|Arnfinn Kjelland}}
Fil:InteriørVågåkyrkja.JPG|Kyrkjeinteriøret. {{byline|Arnfinn Kjelland}}
Fil:Vågå kyrkje.jpg|Vågåkyrkja 2010. {{byline|Arnfinn Kjelland}}
Fil:Vågå kyrkje.jpg|Vågåkyrkja 2010. {{byline|Arnfinn Kjelland}}
Fil:Gamle norske kirker - no-nb digibok 2006120800016-174 1.jpg|Foto frå Wladimi Moe sin bok ''Gamle norske kirker'', utgjeve 1922.
Fil:Gamle norske kirker - no-nb digibok 2006120800016-174 1.jpg|Foto frå Wladimir Moe sin bok ''Gamle norske kirker'', utgjeve 1922.
</gallery>
</gallery>

Sideversjonen fra 15. sep. 2014 kl. 10:54

Vågå kyrkje.
Foto: Kai Hansen (2011).

Vågåkyrkja er ein korskyrkje som i si noverande form vart bygd i åra 1625-30. Byggmeister var Werner Olsen. Kyrkja erstatta ei gamal stavkyrkje med eitt skip som etter tradisjonen skal ha stått på ei tomt om lag 300 meter vest-nordvest for den kyrkja som stå nå. Den gamle kyrkja vart rive kring 1625. Den åttekanta tårnhjelmen med fire småspir på eit firkanta tårn over krysset i sjølve kyrkja er særmerkt for byggmeisteren. Ho er soknekyrkje for Vågå sokn, og var tidlegare hovudkyrkje i Vågå prestegjeld.

Ved bygginga vart det nytta trevirke frå den gamle kyrkja i den nye. Vi finn utskorne veggplankar frå gamlekyrkja oppsett ved hvoudinngangen til nykyrkja. Dørringen kan vera frå mellomalderen. Sørportalen er litt avskoren i øvre kanten, truleg for at han skulle passe inn i veggsystemet i nykyrkja. Utskjeringane i delane frå gamlekyrkja blir tidfesta til 1100-talet.

Grunnplanet i kyrkja er altså korsforma. Konstruksjonen er i reisverk, liknande dei gamle stavkyrkjene, men enklare. Mesteparten av veggplankane har vore nytta før og tyder på at gamlekyrkja òg var ei krossforma reisverkskyrkje - ein type som skal ha vore vanleg i seinmellomalderen. Stavkyrkjene i Lom og Ringebu er av same type.

Utvendig er ikkje kyrkja endra i nemnande grad, men innvendig er det gjort tilpassingar. Det lafta sakrisitiet på nordsida av koret vart bygd seinare på 1600-talet. Vindua vart skifta ut på 17- og 1800-talet. I 1914 vart kyrkja grundig restaurert og istandsett, m.a. av Ragnvald Einbu. Under kyrkja var det likkjellar fram til 1860.

Av inventaret er i alle fall døypefonten og krusifikset over tverrbjelken aust i skipet frå mellomalderen. Preikestolen er frå 1630-åra og altartavla skal vere skore av Johannes Hanssen Skråstad frå Vang i Hedmark i 1674. Ho, og truleg preikestolen, vart måla av Peder Jonssen i 1677.

Oppe på nordveggen ser vi den særmerkte Håkåstadstolen. Den har eigen inngang frå ute.

Utanfor kyrkja står det ein lafta støpul, bygd på 16- eller 1700-talet. Der er dei tre kyrkjeklokkene plasserte.

Galleri

Kjelde

  • Vågåkyrkja. Etter originalmanuskript av Torun Ramberg. Vågå sokneråd 1993
  • Faktaark fra Kartverket

Koordinater: 61.87594° N 9.0974° Ø