Vågå kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. des. 2013 kl. 13:05 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Cnyborg flyttet siden Vågåkyrkja til Vågå kyrkje over en omdirigering: off. navn)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vågå kirke
Foto: Kai Hansen (23 september 2011).
Vågåkyrkja 2010. Foto: A. Kjelland

Vågåkyrkja er ein korskyrkje som i si noverande form vart bygd i åra 1625-30. Byggmeister var Werner Olsen. Kyrkja erstatta ei gamal stavkyrkje med eitt skip som etter tradisjonen skal ha stått på ei tomt om lag 300 meter vest-nordvest for den kyrkja som stå nå. Den gamle kyrkja vart rive kring 1625. Den åttekanta trånhjelmen med fire småspir på eit firkanta tårn over krysset i sjølve kyrkja er særmerkt for byggmeisteren.

Ved bygginga vart det nytta trevirke frå den gamle kyrkja i den nye. Vi finn utskorne veggplankar frå gamlekyrkja oppsett ved hvoudinngangen til nykyrkja. Dørringen kan vera frå mellomalderen. Sørportalen er litt avskoren i øvre kanten, truleg for at han skulle passe inn i veggsystemet i nykyrkja. Utskjeringane i delane frå gamlekyrkja blir tidfesta til 1100-talet.

Grunnplanet i kyrkja er altså korsforma. Konstruksjonen er i reisverk, liknande dei gamle stavkyrkjene, men enklare. Mesteparten av veggplankane har vore nytta før og tyder på at gamlekyrkja òg var ei krossforma reisverkskyrkje - ein type som skal ha vore vanleg i seinmellomalderen. Stavkyrkjene i Lom og Ringebu er av same type.

Utvendig er ikkje kyrkja endra i nemnande grad, men innvendig er det gjort tilpassingar. Det lafta sakrisitiet på nordsida av koret vart bygd seinare på 1600-talet. Vindua vart skifta ut på 17- og 1800-talet. I 1914 vart kyrkja grundig restaurert og istandsett, m.a. av Ragnvald Einbu. Under kyrkja var det likjellar fram til 1860.

Av inventaret er i alle fall døypefonten og krusifikset over tverrbjelken aust i skipet frå mellomalderen. Preikestolen er frå 1630-åra og altartavla skal vere skore av Johannes Hanssen Skråstad frå Vang i Hedmark i 1674. Ho, og truleg preikestolen, vart måla av Peder Jonssen i 1677.

Kyrkjeinteriøret. Foto: A. Kjelland

Oppe på nordveggen ser vi den særmerkte Håkåstadstolen. Den har eigen inngang frå ute.

Utanfor kyrkja står det ein lafta støpul, bygd på 16- eller 1700-talet. Der er dei tre kyrkjeklokkene plasserte.

Kjelde

  • Vågåkyrkja. Etter originalmanuskript av Torun Ramberg. Vågå sokneråd 1993