Vågå prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovudkyrkja i prestegjeldet er ei ombygd stavkyrkje frå 1100-talet, oppsett på noverande stad i 1620-åra.
Foto: Arnfinn Kjelland (2010).

Vågå prestegjeld går truleg attende til mellomalderen eller tida kort etter reformasjonen. Heilt fram til 1910 dekka det Vågå og Sel kommunar.

I 1737 vart det gjort nokre grenseendringar, slik at gardsnummer 177–189 i Nord-Fron kommune vart lagt til Fron prestegjeld, medan gardsnummer 198–204 og 208 i Sel kommune vart lagt til Vågå prestegjeld. Den 17. desember 1909 kom ein kongeleg resolusjon som delte Vågå prestegjeld i to, og med verknad frå 1. januar 1910 vart Sel prestegjeld oppretta. Ein mindre grenseendring vart gjort i 1965, så nokre eigedomar vart overførde frå Vågå til Sel.

Før delinga hadde prestegjeldet tre sokn: Vågå, Sel og Heidal. Frå 1910 var det berre hovudsoknet Vågå att i Vågå prestegjeld. Slik var det òg så prestegjelda vart avvikla i 2000-åra.

Prestegjeldet tilhøyrde Oslo bispedøme fram til 1854, og vart så del av Hamar bispedøme. Det var òg del av Nord-Gudbrandsdal prosti.

Litteratur og kjelder