Vadheimresolusjonen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Innkallinga og framlegget til resolusjon, Sogns Tidende 11. juli 1884.

Vadheimresolusjonen vart vedteke på eit amtslærarmøte for Nordre Bergenhus i Vadheim 22.-24. september 1884. Resolusjonen kravde auka rom for landsmålet i skule og styringsverk, og det var det fyrste av kring 50 liknande vedtak landet over.

Denne kampanjen var medverkande til at Stortinget i mai 1885 gjorde Jamstellingsvedtaket som sa at landsmålet skulle ha offisiell status på line med det vanlege bokspråket i skule og offentleg forvaltning.

Resolusjonsteksten

Vadheimresolusjonen lydde slik:

1. I alle offentlige Skoler, ligesom ved Seminarierne, undervises mundtlig og skriftlig i norsk Bygdemaal.
2. De for Almueskolen autoriserede Lærebøger udgives saavel i norsk som i dansk Sprogform, og overdrages Valget til Børnenes Forældre eller Foresatte.
3. I Landsskolen foregaar al Undervisning saavidt mulig paa Modermaalet. Undervisning i dansk meddeles i dertil bestemte Timer.
4. Ved alle offentlige Examina ved Skoler, Seminarier og Universitet stilles Examinanden Valget mellem norsk og dansk.
5. En Professorpost i norsk Sprog oprettes ved Universitetet.
6. Alle offentlige Tjenestemænd faar Adgang til Brug af norsk Sprog i sin offentlige Virksomhed.

Initiativet til møtet

Det var vedteke på det førre amtslærarmøtet i Førde sommaren 1881 at eit nytt skulle haldast i 1884. Kyrkjesongar Anfinn Refsdal i Vik hadde fått ansvaret i 1881, og innkallinga hans til 1884-møtet er dagsett 3. juli og vart prenta i Sogns Tidende.

I kunngjeringa vert det opplyst at det er kome inn ei sak, «Spørgsmaalet om Maalsagen», frå Henrik Mohn Dahl, styrar for Sogndal folkehøgskule. Eit resolusjonsframlegg frå Dahl er òg prenta i kunngjeringa, og framlegget vart dei neste vekene prenta i fleire aviser.

Ordskiftet på møtet

Møtet samla kring 90 deltakarar, av dei kring 70 lærarar. Stortingsrepresentant og kyrkjesongar Edvard Liljedahl vart vald til ordstyrar, og Henrik Mohn Dahl innleidde om målsaka, som var fyrste sak.

Dei følgjande støtta målsaka og argumenterte for resolusjonsframlegget (namn, tittel og stad er attgjeve etter avisreferatet):

Av desse hadde Olav Sande, Jakob Bøthun og Olaus Dahle tala for målsaka på lærarmøtet på Skjolden fire år før. Anfinn Refsdal var skeptisk til målsaka på 1880-møtet, men hadde no skift meining. Seks av dei åtte lærarane som tala for målsaka på møtet, hadde delteke på lærarkurset i Sogndal 1882. Det galdt Sande, Bøthun, Dahle, Gurvin, Refsdal og Holen.

Dei føgjande var anten skeptiske eller negative til framlegget i ordskiftet:

  • Lærer Aarnes (indre Dale)
  • Kirkes. Øvrebø (Balestrand)
  • Lærer Sørebø (Nøstdal)
  • Kirkes. Kvaal (Førde)
  • Kirkes. Foss (indre Holmedal)
  • Kirkes. Kalstad (yttre Holmedal)

Vedtaket

Etter eit lengre ordskifte vart framlegget til Dahl vedteke 23. september med nokre små endringar. Fleire punkt vart vedteke samrøystes og somme mot 5-6 røyster eller fråhaldande.

Etter vedtaket kom Dahl med følgjande tilleggsframlegg: «Denne resolution oversendes styret for det norske samlag i Kristiania med anmodning om at stille sig i spidsen for gjennemførelsen af de i foranstaaende satser indholdte grundtanke. Dette forslag bifaldtes mod 6 stemmer.»

Møtet demonstrerte såleis ei sterk tilslutning til målsaka mellom dei frammøtte lærarane, som hovudsakleg kom frå Sogn og Sunnfjord.

Resolusjonen vart gjort kjend gjennom avisene og danna raskt mønster for liknande vedtak frå lærarmøte og venstreforeiningar landet.

Bakgrunn

I litteraturen er både læraren Olav Sande på Leikanger og teologen og folkehøgskulelæraren Eirik Olson Bruhjell i Sogndal nemnde som initiativtakarar. Dette var «eit framlegg som Sande hadde forma, - fraa fyrste hand», heiter det i 70-årsomtala av Sande. Båe var ein del av det sterke målmiljøet kring Sogndal folkehøgskule, og båe var sentrale i ordskiftet på lærarmøtet. Det er vanskeleg å seie kven som spela den viktigaste rolla i førebuingane, men det var Dahl som lanserte framlegget offentleg og innleidde om saka på lærarmøtet.

Fire år før hadde Sande innleidd om målsaka på eit prostilærarmøte i Sogn, eit møte som gjerne vert framheva som eit gjennombrot for målsaka i Sogn.

Eit uavklart spørsmål er kor mykje initiativet til Dahl var samordna med Leikanger-presten Jakob Sverdrup. Den tidlegare folkehøgskulestyraren i Sogndal sat på Stortinget og var frå juni 1884 statsråd i Johan Sverdrup-regjeringa, og han spela ei viktig rolle i å reise målsaka i det rikspolitiske miljøet på same tida.

Kjelder og litteratur


Spraakskifte.png Vadheimresolusjonen er del av
prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013
som er komme i stand i samband med Språkåret 2013.
Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien.
  • Haugland, Kjell. (1974). Ei pressgruppe tek form. Målrørsla og Venstrepartiet 1883-1885. Historisk tidsskrift (nr. 2), 148-182.
  • Lothe, Anders A. (1950). Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø: Firda lærarlag m.fl., s. 140ff og 501 (Digital utgåve, NBdigital)
  • Sogns Tidende, juli-november 1884 (fyldig referat frå møtet 10.10.-21.11.1884)
  • Sørestrand, Martinus. (1920). Olav Sande 70 aar. Ung-Norig, 121-127.