Val til Riksforsamlinga 1814 i Evje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Valet til Riksforsamlinga i Evje prestegjeld vart gjennomført i Evje kyrkje den 11. mars 1814. Prestegjeldet svara til dagens Evje og Hornnes kommune samt Vegusdal sokn i Birkenes kommune. Valkyrkja står ikkje lenger, då ho vart erstatta av nye Evje kyrkje i 1891.

Adressa frå prestegjeldet opnar med hylling av kong Frederik VI, der det seiast at «Fieldboerne» med smerte erfarer at Frederik, «den bedste Konge!», måtte abdisere som norsk konge. Sjølvstendeeiden vert stadfesta, og det vert forklara at valet vart gjort ved votering.

I likhet med andre prestegjeld i Råbyggjelag amt valde dei to valmenn frå kvart sokn i staden for to for heile prestegjeldet. Dei valde var (med opphavleg skrivemåte frå adressa):

  • For Hornnes anneks:
    • Notto Nottosen Hordnæs
    • Friderich Olsen Tønnesland
  • For Iveland anneks:
    • Lensmand Knud Olsen Soelberg
    • Thomas Salvesen Mølland

Dei tok alle del i amtsvalet den 23. mars. Ingen av dei var vald til representant til Riksforsamlinga.

Adresse og fullmakt vart underskrive av (med opphavleg skrivemåte):

  • Andreas Kiørboe, sorenskriver over vestre Raabøygdelaget
  • Nicolai Støren, sognepræst til Evje Præstegjeld
  • Notto Jørgensen Tvedt
  • Jens Madssøn Mølland
  • Børul Thronsøn Galtland
  • Svend Osmundsøn Frigstad
  • Jacob Thoresen Tvedt
  • Tarald Knudsøn Soelberg
  • Ole Michelsen Tvedt
  • Ole Osmundsen Fedjeland
  • Ole Torgrimsen Fennefoss
  • Per Olsøn Engsland
  • Osmund Knudsen Kiedsaa
  • Ole Reierssøn Engesland

Kjelder