Valdres Folkemuseum: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: {{thumb|Valdres Folkemuseum, Haftonbygningen.jpg|Haftonbygningen på Valdres Folkemuseum.|John Erling Blad|2005}} '''Valdres Folkemuseum''' på Storøya (Nord-Aurdal) i Strand...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 42: Linje 42:


[[Kategori:Museer]]
[[Kategori:Museer]]
[[Kategori:Friluftsmuseum]]
[[Kategori:Friluftsmuseer]]
[[Kategori:Valdres]]
[[Kategori:Valdres]]
[[Kategori:Nord-Aurdal kommune]]
[[Kategori:Nord-Aurdal kommune]]
[[Kategori:Etableringer i 1901]]
[[Kategori:Etableringer i 1901]]
{{nn}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 5. okt. 2018 kl. 12:31

Haftonbygningen på Valdres Folkemuseum.
Foto: John Erling Blad (2005).

Valdres FolkemuseumStorøya i Strandefjorden, rett ved Fagernes, er det fjerde største friluftsmuseet i landet. Det har sidan 2006 vore ein del av Valdresmusea. Sidan 2008 har Norsk institutt for bunad og folkedrakt vore ein del av museet.

Skipinga av museet

Museet vart starta opp som eit privat initiativ. Skulestyrar ved Oppland jordbruksskule Nils K. Ødegård foreslo å opprette eit folkemuseum i Valdre i avisa Samhold den 17. desember 1900, og det vart kalla inn til eit møte på Fagernes den 10. mars 1901. Dei seks kommunane i Valdres valde der kvar sin representant til ei arbeidsgruppe. Det var smått med kapital, sjølv etter eit par innsamlingar.

Ole E. Bøe starta på eiga hand å kjøpe inn gjenstandar til museet, og saman med styreformann Knut O. Alfstad fekk han samla kring hundre gjenstandar på kort tid. I 1906 kjøpte dei Valdreshaugen frå garden Nes, og sette opp Handeloftet med gjenstandane. I 1909 hadde samlinga auka til kring 600 gjenstandar.

I 1917 selde dei Valdreshaugen, og kjøpte i dstaden 18,5 dekar på Storøya, der museet sidan har halde til. Eit nytt «velkomstbygg» med festsal, utstillingsrom, magasin, kafé og butikk sto klart i 2010. Det er teikna av Lund Hagem Arkitekter, og er på kring 900 kvadratmeter.

Samlingane

Det er per 2018 kring 10+0 hus og anlegg på museet. Det eldste huset er Uppigard Høve-loftet, som er frå før 1350. Det er òg den eldste verdslege bygningen i Valdres. Eit av dei nyaste er Tvengestølen frå 1948, som vart sett opp på museet i 1998.

Gjenstandssamlinga er no på kring 27 000 ting. Folkemuseet har òg eit folkemusikkarkiv med over 14 000 enkeltspor, og eit fotoarkiv med kring 85 000 bilete. Opplandsarkivet har ein avdeling med kring 700 ulike arkiv på museet.

Bygninger i friluftsmuseet

Lista er førebels ikkje fullstendig.

Bygning Type Frå Datering Attreist Bilete
Hoveloftet Stabbur Øystre Slide, Hovi 1200-talet 1944

Litteratur og kjelder