Valdresflye

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Vatnet Nedre Leirungen med Gjendehøe og Besseggen bak. Biletet er teke frå Fylkeveg 51.
Foto: Chris Nyborg (2015).

Valdresflye er ei høgfjellsvidde i Øystre Slidre kommune og Vågå kommune, lengst aust i Jotunheimen. Fylkesveg 51 går over vidda, og har høgste punkt på heile 1389 moh., nest høgst av fjellovergangane etter Sognefjellet.

Vegen over Valdresflye knyttar Valdres til Ottadalen, og derifrå vidare til Gudbrandsdalen. Han er vinterstengd, normalt i tida frå 15. desember til 1. april, og det er ikkje uvanleg med nattestending eller kolonnekøyring utafor denne perioden. Langs vegen er det mange mål for fjellvandrarar, og mest kjend er nok Besseggen og området kring denne fjellryggen.

Namneformane Valdresflya og Valdresflyi vert ofte nytta. Det første er ei historisk form, medan det andre er ei dialektform som har status 'avslege' i Sentralt stadnamnregister.

Litteratur og kjelder