Valle kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. jun. 2010 kl. 15:17 av Siri J (samtale | bidrag) (utvidet noe)
Hopp til navigering Hopp til søk
Valle kommune
Valle sentrum sett fra Åmli Foto: Siri Johannessen
Basisdata
Kommunenummer 0940
Fylke Aust-Agder
Kommunesenter Valle
Areal 129.57  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 129.57  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Grunnlagt 1837
Sammenslåing(er) 1962: Med Hylestad
Fradeling(er) 1902: Bykle fradelt
1915: Hylestad fradelt
Målform Nynorsk
Nettside Nettside
Liste over ordførarar
Valle from Åmli (1)W.JPG
Valle sentrum sett fra Åmli
Foto: Siri Johannessen
Tusenårsmonumentet, verdas største munnharpe.
Foto: Siri Johannessen

Valle kommune ligg i Aust-Agder, nærare bestemd i Setesdal. Kommunen vart oppretta i 1837. I 1902 vart Bykle kommune skild ut, og i 1915 vart Hylestad ein eigen kommune. Hylestad og Valle vart på nytt slegne saman til nåverande Valle kommune i 1962. Som ei nord-sør-akse gjennom kommunen renn elva Otra, og attmed denne ligg dei to største befolkningssentra i kommunen, kommunesenteret Valle og bygda Rysstad lengre sør. Ingen av dei er store nok til å bli rekna som tettstader av SSB. I vest grensar Valle til Sirdal i Vest-Agder, Bykle i nord-vest, Tokke i Telemark i nordøst, Fyresdal i Telemark i øst, og Bygland i sør. Øst- og vestgrensene ligg på høgfjellet. Kommunevåpenet som vart godkjent ved Kongeleg resolusjon av 11. mai 1984 er teikna av Daniel Rike frå Valle. Inspirasjonen til våpenet som består av fem andreaskors i gull (or) på rød bunn (gules), er henta frå gamal kyrkjedekor.[1] Valles tusenårsstad er skulesenteret der og tusenårsmonumentet, verdas største munnharpe er sett ned.

I 2010 ligg det tre kyrkjer og eit bedehus i kommunen, Valle kyrkje frå 1844, Hylestad kyrkje frå 1880, frikyrkja i Valle sentrum og Nomeland bedehus. Fram til 1600-talet stod Hylestad stavkyrkje på samme staden som Hylestad kyrkje står i 2010.

Jordbruk dominera kommunens næringsliv frå gamalt av, Valles kulturlandskap er prega av korn- og grønnsakdyrking, husdyrhald og sætring. Det har og vore gruvedrift her, tildømes Bøgruva der koper vart henta ut, og frå byrjinga av 1900-talet blei sylvsmedkunsten ei ekstra inntektskjelde for mange. Det heiter seg at var tredje husstand i Hylestad hadde ei sylvsmie i byrjinga av 1970-åra.[2] Kraftproduksjon vart ei anna viktig inntektskjelde for kommunen, i 1964 blei Brokke kraftstasjon på Nomeland satt i drift. Sidan 1981 er han Otra Krafts driftssentral og «nervesenter».[3]

Frå gamle tider var kommunen knytt til omverda via to veger:[4]

Kommunens namn

Namnet kjem av gammalnorsk Vǫllr, genitiv Vallar, dvs. voll.

Geografi

Befolkingssentra ligg langs elva Otra på omlag 260-300 m.o.h. medan Setesdal Austhei og Vesthei når ei høgde frå 800-1000 m.o.h. På Vestheia finst fleire toppar over 1400 m.o.h i Rjuvenområdet, mens Austheias høgste punkt er Ljomsnuten med 1268 m.o.h. Vestheia er ein del av Norges nest største landskapsvernområde, Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde, som og husar den sørlegaste villreinstammen i Europa.

Historisk-administrativ tilknyting

Valle tilhøyrde saman med Bykle det ein reknar som det opphavlege Setesdal. I seinmellomalderen og tidleg nytid høyrde Valle til Råbyggelaget futedømme. Fram til 1663 utgjorde Råbyggelaget eit len i litt skiftande konstellasjonar, for det meste saman med Mandal len og Nedenes len. Under eineveldet etter 1660 (1663) tilhøyrde Valle Nedenes og Råbyggelagets amt.

Befolkningsutvikling

Etter 1990 sjå Statistisk sentralbyrå

Kjende valldølar

Litteratur

Fotnoter