Valmtak

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. jan. 2016 kl. 00:08 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Våningshus med valmtak (heilvalm) på InnerbergStabblandet i Aure kommuneNordmøre.
Foto: Olve Utne

Eit valmtak er ein taktype som liknar på vanleg saltak med at taket over langveggene møtest ved mønet utan knekk, men det skil seg ut ved at taket skrånar mot endeveggene òg i staden for at endeveggene går opp i gavl til mønet. På tak med heilvalm går skråtaket ved endeveggene heilt ned til same nivå som resten av taket. På tak med halvvalm går valmen berre halvveges ned, og huset får delvis gavl.

I norsk arkitekturhistorie hører valmtaket særleg til barokken, men det har vorte bygd hus med valmtak meir eller mindre kontinuerleg opp til våre dagar.