Vamberg (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(fikser infoboks)
({{nn}})
Linje 58: Linje 58:
[[Kategori:Garder]]
[[Kategori:Garder]]
[[Kategori:Luster kommune]]
[[Kategori:Luster kommune]]
{{nn}}

Sideversjonen fra 25. jan. 2016 kl. 11:33

Vamberg
Vamberg.JPG
Alt. namn: Vadberrig (1600)
Fyrst nemnd: 1600
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Sogn og Fjordane
Kommune: Luster
Gnr.: 196

Vamberg (Luster, gnr. 196) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg i Krekagrendi på austsida av Jostedøla og grensar i sør mot Bjørk og i nord mot Ytri. Tunet ligg rett opp for Jostedal skule.

Utskiljinga frå Bjørk

Vamberg var opphavleg ein del av Bjørk. Ein Stenner Vadberrig er nemnd i tillegg til ein brukar på Birk i skattelista frå 1600, men elles er Bjørk oftast nytta om båe bruka til opp på 1700-talet. Øyane meiner Bjørk vart delt i to bruk kring 1622, med Vamberg som det eine, men då under namnet Smalasete. Bruket gjekk inn att i Bjørk kring 1626, og samanhangande busetjing ser det ikkje ut til å ha vorte på garden før tidleg på 1700-talet. Fyrst med 1838-matrikkelen fekk Vamberg eige matrikkelnummer.

Den fyrste sjølveigaren var Otto Larsson Vamberg som kjøpte garden av Jens Munthe 28. juli 1778 for 90 rdl (sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800).

Viktig i bygdestyringa

I 1808 kjøpte klokkaren og kyrkjeeigaren Johannes Asbjørnson Hus Vamberg. Han vart sjølv buande på grannegarden Bjørk og pakta bort garden til han i 1815 selde Vamberg til svigersonen Halvor Olson Vamberg som var gift med dottera hans Eli. Eldstesonen Johannes Halvorson Vamberg fekk skøyte på bruket i 1842 og var frå 1850 kyrkjesongar og skulehaldar slik morfaren Johannes Asbjørnson Hus hadde vore. Han overtok då ombodet etter farbror sin Ole Olson Aasestølen. I åra 1854-1856 var Vamberg nær ved å bli klokkargard då Johannes Halvorson Vamberg var i tingingar med kommunen om dette. Men han døydde i mars 1857 før det vart noko av handelen. Enkja Gjertrud vart buande på Vamberg med dei fem små borna deira til ho og alle borna utvandra til Amerika 1866-69.

Vamberg fekk på nytt ein plass i bygdestyringa då Nils Hermundson Bruheim og kona Anna Christiansdotter Espe kjøpte garden i 1899. Nils var i mange år kasserar i Jostedal sparebank. Sonen Hermund Nilsson Bruheim tok over både heimebruket og kasseraryrket i sparebanken. Hermund var dessutan likningssjef i kommunen i ei årrekkje og ordførar det meste av perioden 1923–1937.

Stova på Vamberg vart ein periode òg nytta som skule.

Bruk og plassar

Vamberg har aldri vore delt bortsett frå fråskiljinga av tre bustadtomter i nyare tid.

Det har berre vore ein husmannsplass under Vamberg, Smieteigen som var i bruk ca 1847-1863.

Personar frå Vamberg

Kjelder og litteratur