Vang kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vang kommune
0545 Vang komm.png
Basisdata
Kommunenummer 0545
Fylke Oppland
Kommunesenter Vang i Valdres
Areal 191.65  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 191.65  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Koordinater: 61°07′33″ N 8°34′22″ Ø


Denne artikkelen er om Vang i Valdres i Oppland. For den tidlegare kommunen i Hedmark med same namn, sjå Vang i Hedmark.

Vang kommune ligg lengst nordvest i Valdres i Oppland. Han grensar mot valdreskommunane Hemsedal, Vestre Slidre og Øystre Slidre i sør, søraust og aust. I nord grensar han mot Vågå og Lom i Gudbrandsdalen. I nordvest og vest grensar Vang til Luster, Årdal og Lærdal kommunar i Sogn i Sogn og Fjordane.

Areal og befolkning

Dei fleste vangsgjeldingane bur i Ryfoss, Vang, Øye og på Tyinkrysset. Vang har 4 barneskular: Vang (Grindaheim), Høre, Øye og Åsvang. Det er ein ungdomsskole på Grindaheim.

Geografi

Johannes Flintoe: «Koner i Hverdags-Klæder fra Vang i Valders. Nyeste Pynt for unge Piger i Slidre. Piger i Vang i Stadsdragt og Hverdagsdragt»

Fjellområdet Filefjell ligg i vest, og fjellområdet Jotunheimen i nord.

Høgaste punktet i kommunen er Kalvehøgdi med ei høgd på 2208 meter over havet. Ein annan høg topp i kommunen er Rasletind med 2105 meter. Denne ligg på grensa mot kommunen Vågå i Gudbrandsdalen. Ein annan kjent fjelltopp er Bitihorn, som ligg på grensa mot Øystre Slidre.

Det ligg fleire store innsjøar i kommunen; dei største innsjøane er Tyin, Sulevatnet, Nørdre Syndin, Vangsmjøse, Øyangen (delt med Øystre Slidre), Bygdin, Helin, Vinstre, Steinbusjøen og Fleinsendin.

Kommunen måler 56 km på nord–sør-aksen og 47,3 km på aust–vest-aksen. 88 % av kommunen er over 900 meter over havet. 13 % av arealet er dekt av vatn. Lågaste punktet er 363 meter over havet.

Historie

På den gamle tingvollen der Vang stavkyrkje ein gong stod, heldt Håkon VI ting i 1368. Da vart ein grensetvist løyst med ein grensestein som står til denne dag.

Høgt oppe på Filefjell står Nystua, der reisande ein gong fann ly når dei skulle over til Vestlandet. På andre sida av den tronge dalen som snor seg over fjellet ligg Maristua, oppsett etter påbod av Dronning Margrete kring 1390. Sjølv om Nystua først er nemnt i 1627, er ho med stor sannsynligheit mykje eldre. Begge desse skysstasjonane vart vedlikeheldne av staten inntil 1830.

I Smeddalen rett vest for Nystua stod for fleire århundre sidan ei kyrkje, St. Thomaskyrkja på Filefjell. Det var ei stavkyrkje som er omtala første gong i 1615, men truleg var ho mykje eldre. På grunn av martnan som var mellom sogningar og valdrisar, og som tidvis var ganske valdelege, vedtok dei å rive kyrkja. Det var så ille at det vart sagt at «når kjerringe sende maan sin på martnan so sende ho med håna ein likkjortel». I 1808 var kyrkja borte, men martnan fortsette.

Verdt å sjå

Mal:Thumb høyre

Kjente vangsgjeldinger

Eksterne lenkjer

Commons
Wikimedia Commons har multimedia relatert til Vang kommune. Commons er et felles medialager for Wikimedia.

Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Vang kommune» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.