Vangsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Myrhyrna (t.v.) og Vangsen (t.h.) i Jostedalen.

Vangsen er ein markant fjelltopp i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Toppen er 1757 m.o.h., og fjellet er det høgaste som er synleg frå Jostedalen. Vangsen ligg rett opp for stølsdalane Vanndalen på nordsida og Skåldalen på vestsida.

Lokal uttale er Vangsen, og namnet er på mange kart feilskrive Vongsen. I 1750 kalla Vangsnen av Matthias Foss.[1]

Vangsen er det mest kjende toppturmålet i Jostedalen både sommar og ikkje minst om vinteren. I fjellskråningen på nordsida er det oftast snø og skiføre til juni/juli. Frå toppen er det utsikt både mot Jostedalsbreen i vest og Hurrungane og mange andre toppar i Jotunheimen mot aust.

Biskop Jacob Neumann skreiv i 1824 om «den himmelhøie Bjergkuppel, Vangsen kaldet, som hæver sig bag hint blidere og Vegetationsrigere mindre Fjeld – Dette Alt er en af Alpeverdenens mest tryllende Fremstillinger.»[2]

Notar