Vannposten frå 1908 i Odda

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. jan. 2020 kl. 09:24 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:Ullensvang herad» til «[[Kategori:Ullensvang kommune»)
Hopp til navigering Hopp til søk

I hagen mellom Folgefonngata 9 og 11 i Odda står det ein gammal vannpost.

Vannpumpa er sett i stand og kan brukast.
Foto: Dag Endre Opedal

«Guttene hadde ikkje så mange plikter etter skoletid som vi jentene», fortel Bodil i museet sitt biletspel om Borna på Bakke. Men ofte måtte de hente ved og bære inn vatn legg ho til.

Dei små trehusa langs Folgefonngata hadde ikkje innlagt vatn då dei var nye i 1908. Familiane fekk vatn i vannpostar eller vannpumper utanfor husa. Det var ikkje hagegjerde mellom husa i starten og fleire hus delte på ein vannpost. Men inne på kjøkkenet hadde dei utslagsvask og røyropplegg for gråvatnet som skulle ut av huset, så det var moderne og lettvint på kjøkkenet.

Odda vannverk

Ein by eller tettstad må ha mange former for infrastruktur. Under asfalt og dekke i Folgefonngata er det lagt ned røyrer for vatn og kloakk. Dei eldste er frå 1908.

Styret for Odda bygningskommune og Odda-fabrikkane eller smelteverket inngjekk avtale om levering av vatn. I 1907 starta dei bygging av det første vassverket med røyr frå Sandvinsvatnet. I løpet av sommaren 1908 kom vassnettet i sentrum på plass og i drift. Det første reglementet for «Odda vandverk» er vedteke 24. august 1908.

I 1912 blei røyra frå Sandvinsvatnet til sentrum utvida til 12 toms røyr. Meir tilgang på vatn gav nye bruksområde og større avløpsmengder. Det første kloakknettet gjekk frå Bakke til sjøen og det andre frå botnen av Tjoadalen til Opo (elva).

Museumsvannposten i Folgefonngata

Industristadmuseet (NVIM) har tatt vare på og restaurert ein av dei gamle vasspostane som er laga i kraftig støypejarn. Denne står i hagen mellom Folgefonngata 9 og 11. Du kan sjå på utforminga at han er gammal, - truleg frå 1908. Av og til blir han bruka, mellom anna til leik og bading på varme sommardagar.

Opprinneleg sto visst vassposten lenger frå husa, men då Murboligen skulle byggast i 1914, blei han flytta hit, har Albine Abelsen som budde i Folgefonngata nr 9 fortalt.

Klesvask

Vassposten gav vatn både til matlaging og klesvask. Lenge etter at dei fekk innlagt vatn, måtte dei stå ute og skylla klede når det var storvask. Det var eit slit å vaska dei skitne arbeidskleda frå fabrikken og ofte kaldt vinterstid. Det kunne laga seg is i dei side skjørta til kvinnene. Men etter kvart fekk dei vaskekjellar i uthuset som høyrer til det gule og det grøne huset.