Vasstrand krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Vasstrand krins i Gaular kommune dekka området på sørsida av Viksdalsvatnet. Vasstrand skule var plassert ved garden Sandane, ca midt mellom gardane Hestebeit mot aust og Rørstad mot vest. Vasstrand vart i 1950 slått saman med Hestad krins grunna nedgang i elevtalet.

Skulen skulle eigentleg leggast ned året før, då det berre var fire elevar igjen. Men lærar Edvard Espeset tok sine to born ut av Eldal skule og let dei gå på Vasstrand det siste året. Det var seks elevar som var kravet for å kunne drive skulen vidare. Frå 1950 starta Espeset som lærar på Eldal skule, og Vasstrand skule vart lagt ned.


Skulehus

Vasstrand skule stod ferdig i 1900. Det var klasserom, eit rom til læraren og gang i første høgda, og eit uferdig rom i andre høgda. Det var eit uthus med fleire utedoar samt eldhus, og skuleplassen var inngjerda.

Skuledagen

Skulevegen

Før Vasstrand skule vart bygd, måtte elevane ro over Viksdalsvatnet til Roska for å gå på skule. Ungane rodde ofte sjølve, men hadde med seg vaksne om været var dårleg.

Vegen frå garden Hestebeit til Vasstrand skule var enklare og kortare enn over vatnet, men det var stor fare for snøskred om vintrane.

Lærarar

Namn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Herborg Eikeland Vasstrand og Mjell 1923 1945
Ingolf Hellebust Vasstrand 1945 1947
Edvard Espeset Vasstrand og Mjell 1947 1950

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder


Koordinater: 61.31922° N 6.05010° Ø