Veiholmen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. jan. 2016 kl. 09:41 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Motiv frå Veiholmen.

Veiholmen er eit tettbygd område i Smøla kommune i Møre og Romsdal. Det er tre grender som har vakse saman: Været, som er det opphavlege fiskeværet på staden, Inner-Innveien og Ytter-Innveien. Tidlegare var Veiholmen eitt av dei største fiskeværa sør for Lofoten, men det er no berre nokre få sjarkar att.

Fyrste ledd i namnet kjem truleg frå et eldre øynamn, Veig, frå norrønt veig, «sterk drikk». Namnet vart forvanska til Veidholmen, men Veiholmen er no einaste godkjende form.

Veiholmen har vegsamband til øya Smøla med kommunens administrasjonssenter Hopen over bruer og fyllinger mellom øyer og holmar.

Kjelder

Koordinater: 63.51889° N 7.95336° Ø