Vestmar Folkehøgskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. jan. 2018 kl. 12:12 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: '''Vestmar Folkehøgskule''' vart starta i 1909. Skulen låg i Drangedal kommune i Telemark. ==Historikk== Fyrste gong drangedølane vart introduserte for tanken om folkeh...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Vestmar Folkehøgskule vart starta i 1909. Skulen låg i Drangedal kommune i Telemark.

Historikk

Fyrste gong drangedølane vart introduserte for tanken om folkehøgskule, var i 1881/1882. Den vinteren hadde Viggo Ullmann vitja bygda og heldt høgskule på garden Fosstveit. Med seg som lærarar hadde han Oddmund Vik og Nils Skaar. Det var m.a. desse som seinare slo ring om Vestmar Folkehøgskule i Drangedal.

Vestmar Folkehøgskule vart starta av Jens Dagestad hausten 1909. Ein hadde lenge snakka om å starte ein folkehøgskule i dei ytre bygdane i Telemark, og våren 1909 gav fylkestinget tilskot til ein slik skule. Skulen fekk statsstøtte frå fyrste året, i tillegg til støtte frå Drangedal kommune. 4. oktober tok skulen til i ungdomshuset Vonheim i Drangedal.

I byrjinga flytta skulen mellom ymse bygder i Nedre Telemark, og hadde ikkje nokon fast tilhaldsstad. Den var i Bamble i to år, i Eidanger eitt år, i Sannidal eitt år, og deretter i Langesund eitt år. Snart kom kravet om at skulen måtte finne ein fast plass slik at ein lettare kunne bygge den opp med høveleg utstyr og god kompetanse. Våren 1915 kjøpte Jens Dagestad ei tomt av Nesland i ytre Drangedal. Sumaren same året vart det bygd ein skuleheim som fekk namnet Solhaug.

I 1917 selde Dagestad skuleheimen til kommunen. Då tok Andreas Ystad over som styrar av skulen. Dei fyrste åra legde han frå kommunen, men dei måtte selje eigedomen i 1931, vart det Ystad som kjøpte denne.

Frå 1930 fanst det to liner på skulen; "ei bokleg og ei praktisk arbeidsline". For å skaffe arbeidsrom til handarbeid, vart det bygd sløydbygning attmed skuleheimen. Seinare vart det også bygd ei smie.

Vestmar Folkehøgskule vart nedlagt i 1958. Dei to siste åra vart den dreve som spesialskule. Bygget brant ned i 1958 og blet aldri bygd opp att.

Kjelder

  • Holdhus, Olav M., Bjarne Berre, Noregs høgskulelærarlag, Den Norske folkehøgskulen 1864-1939 : 75 års-minne, 1939. Lenke til digital utgåve på bokhylla.