Veum (Fyresdal)

Tettstaden Øyane i Fyresdal med Veum kyrkje. I bakgrunnen ser ein Hauggrend. Usikkert tidspunkt. Foto: Norsk Flyfoto
Øyane 1910 med Kyrkjebø i sentrum, Kyrkjestoga og Veum kyrkje til venstre og bedehuset Elim litt bak til høgre.

Veum i Fyresdal kommune er eit bygdelag nord i kommunen. Lengst nord er Hauggrend som ligg på austsida av Skredevatn. Fjellgardane er ein sidedal mot vest med busetnad. I tidlegare tider heitte det Vida Sókn med kyrkjestaden Vidir. Dativ á Vidum, flt. av vidr, m. Dette vert tyda som tre eller skog.

Tidleg soge

Garden Veum, som tidleg vart dela opp i fleire bruk, (Fyresdal gnr.55 og gnr. 56), ligg litt høgt oppe i dalsida i aust, vestvendt og solrikt. Her er nok den eldste busetnaden, her låg dei tidlegaste kyrkjene ein kjenner til , og her har mogleg vore eit hov før den tid. Veum gamle kyrkjestad er utsletta, men ein veit kor denne var, og ein kjenner ein god del til dei to eldste kyrkjene ein veit om. Ein likstein frå den eldste kyrkjegarden, og likeeins ein bautastein som stod på ein haug like utanfor kyrkjegardsporten, er det ein god del skriftleg om. Den eldste hovudvegen gjekk her oppe i lia framom kyrkje og gard. Til Veum gjekk vegen frå nord opp Leirfallsbakkane, ein av dei tre berykta bakkane på vegen Bandaksli – Fyresdal, dei andre var Skreosbakken og Timrudbakken lenger nord. Vegen her oppe i lia var ein rideveg, og etter kvart som det vart teke i bruk vogner med hjul var dette særs tungvint, og vegen vart lagt nede i dalbotn. Nedanfor gardane er sletta Øyane. Ordet Øy er ei tidleg nemning på ei engslette eller eit låglende langs ei elv slik det og er her.

Tettstaden Øyane

Då ferdavegen i dalbotn vart teke i bruk kom det ein gradvis tiltakande busetnad på Øyane som vart eit sentrum i soknet. Den siste kyrkja oppe på Veum var blitt dårleg og var for lita etter at soknet Heggland var blitt dela mellom hovudsoknet Moland og annekset Veum. Den var og dårleg vedlikehalde og det vart, ikkje utan motstand, vedteke å bygge ny kyrkje her nede på «Øiansletten». Her vart tidleg fast skulestad i kyrkjestoga og så vart det bygd skule med lærarbustad. Bedehuset Elim kom på plass, likedan ungdomshuset Fredheim. Her vart forbruksforening med eige bakeri og privat butikk like ved på Øyosen, (Mandt-bui). Det vart skipa eit smørlag som hadde eige meieri på Tofte, og her budde ulike handverkerar. Likedan vart her ein telefonsentral på Åbø og sjølvsagt posthus på Øyosen. I det heile ein levande tettstad med særs mange funksjonar som var viktige for alle dei som budde der og i tilstøytande dalføre. Etter kvar gjekk så utviklinga frå denne staden, som for så mange liknande, og i 2019 er det av tidlegare aktivitet bare kyrkja att.

Personar frå Veum

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Nedrebø, Ketil: Opplysningar skrive ned i 2002. Navn på gardar og hus, og kven som har budd der mellom ca. år 1930 og til ca. år 1940. (Som sokna til skulen på Øyane.) Ikkje publisert.
  • Qvisling, J.L.: Fyresdals historie. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001.
  • Rygh, O.: Norske gaardnavne. Syvende bind, Bratsberg Amt. Bearbeidet af A. Kjær. W. C. Fabritius & Sønner A/S Kristiania 1914
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
  • Taraldlien, Bendik.: Fyresdal. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo
  • Veum, Bendik: Fyresdal. Ættebok. Utgjevar Fyresdal kommune 1943 Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
  • Veum, Lars: Kyrkjene i Fyresdal. Fyresdal Sokneråd 2013

Biletgalleri