Veum (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. okt. 2019 kl. 13:41 av Olav Momrak-Haugan (samtale | bidrag) (Ny side: '''Veum i Fyresdal kommune''' er eit bygdelag nord i kommunen. Lengst nord er Hauggrend som ligg på austsida av Skredevatn. I tidlegare tider heitte det Vida Sókn med kyrkjest…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Veum i Fyresdal kommune er eit bygdelag nord i kommunen. Lengst nord er Hauggrend som ligg på austsida av Skredevatn. I tidlegare tider heitte det Vida Sókn med kyrkjestaden Vidir. Dativ á Vidum, flt. av vidr, m. Dette vert tyda som tre eller skog.


Tidleg soge


Garden Veum, som tidleg vart dela opp i fleire bruk, ligg litt høgt oppe i dalsida i aust, vestvendt og solrikt. Her er nok den eldste busetnaden, her låg dei tidlegaste kyrkjene ein kjenner til , og her har mogleg vore eit hov før den tid. Veum gamle kyrkjestad er utsletta, men ein veit kor denne var, og ein kjenner ein god del til dei to eldste kyrkjene ein veit om. Ein likstein frå den eldste kyrkjegarden, og likeeins ein bautastein som stod på ein haug like utanfor kyrkjegardsporten, er det ein god del skriftleg om. Den eldste hovudvegen gjekk her oppe i lia framom kyrkje og gard. Til Veum gjekk vegen frå nord opp Leirfallsbakkane, ein av dei tre berykta bakkane på vegen Bandaksli – Fyresdal, dei andre var Skreosbakken og Timrudbakken lenger nord. Vegen her oppe i lia var ein rideveg, og etter kvart som det vart teke i bruk vogner med hjul var dette særs tungvint, og vegen vart lagt nede i dalbotn. Nedanfor gardane er sletta Øyane.



Tettstaden Øyane


Då ferdavegen i dalbotn vart teke i bruk kom det ein gradvis tiltakande busetnad på Øyane som vart eit sentrum i soknet. Den siste kyrkja oppe på Veum var blitt dårleg og var for lita etter at soknet Heggland var blitt dela mellom hovudsoknet Moland og annekset Veum. Den var og dårleg vedlikehalde og det vart, ikkje utan motstand, vedteke å bygge ny kyrkje her nede på «Øiansletten». Her vart tidleg fast skulestad i kyrkjestoga og så vart det bygd skule med lærarbustad. Bedehuset Elim kom på plass, likedan ungdomshus. Her vart forbruksforening med eige bakeri og privat butikk like ved. Det vart skipa eit smørlag som hadde eige meieri, og her budde ulike handverkerar Likedan vart her ein telefonsentral og sjølvsagt posthus. I det heile ein levande tettstad med særs mange funksjonar som var viktige for alle dei som budde der og tilstøytande dalføre. Etter kvar gjekk så utviklinga frå denne staden, som for så mange liknande, og i 2019 er det av tidlegare aktivitet bare kyrkja att.