Veum Handelslag: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
(23 mellomliggende revisjoner av samme bruker vises ikke)
Linje 1: Linje 1:
{{thumb|No-nb digibok 2013111808064 0771 1.jpg|Veum Handelslag før 1950.|Ukjend / Sætherskar, Johs. (red.), ''Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon'', Bergen, 1949.}}
{{thumb|No-nb digibok 2013111808064 0771 1.jpg|Veum Handelslag før 1950.|Ukjend / Sætherskar, Johs. (red.), ''Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon'', Bergen, 1949.}}
'''[[Veum Handelslag]]''' vart starta som ein filial under [[Fyresdal Handelslag]] i 1871. Forretninga låg på [[Veum]] i [[Fyresdal kommune]].  
'''[[Veum Handelslag]]''' vart starta som ein filial under [[Fyresdal Handelslag|Fyresdal Forbruksforening]]. Forretninga låg på Øyane i [[Veum (Fyresdal)|Veum]] i [[Fyresdal kommune]].  


==Historikk==
==Historikk==
Veum Handelslag starta opp som ein filial under Fyresdal Handelslag i 1871. I 1898 vart forbruksforeninga i Fyresdal delt, og det oppstd dermed ei '''Veum Forbruksforening''' Veum.<ref>Marvik, 1992, s. 1476.</ref> [[Ivar Tveiten]] var den drivande krafta, og var også den fyrste formannen i laget. [[Gunnar Jakobson Breivik]] vart tilsett som handelssvein. Elles bestod det fyrste styret av [[Gjermund Veum]], [[Olav Hærstad]], [[Torleif Veum]] og [[Olav Kvasfjord]]. Handelslaget hadde ein filial i [[Hauggrend]], men denne gjekk inn i 1935.  
I 1898 vart forbruksforeininga i Fyresdal delt, og det oppstd dermed ei '''Veum Forbruksforening''' i Veum.<ref>Marvik, 1992, s. 1476.</ref> [[Ivar Tveiten]] var den drivande krafta, og var også den fyrste formannen i laget. [[Gunnar Jakobson Breivik]] vart tilsett som handelssvein. Elles bestod det fyrste styret av [[Gjermund Veum]], [[Olav Hærstad]], [[Torleif Veum]] og [[Olav Kvasfjord]]. Handelslaget hadde ein filial i [[Hauggrend]].
 
I 1907 bygde forbruksforeininga nytt forretningsbygg på Øyane i Veum og flytta inn året etter.<ref>Marvik, 1992, s. 1476.</ref> [[Hans Jakobson Bjørnestad]] vart handelsstyrar nokre år. Deretter vart [[Hans Rasmusson Austad]] frå [[Gjøvdal]] tilsett. Han slutta i 1946 då han starta sin eigen [[Fyresdal Landhandel]]. John A. Dale tok over etter dette. Her fanst eige bakeri som var i drift i mange år. [[Torjus Nøra]] var den fyrste bakaren. Elles omsatte forretninga assorterte landhandelvarer og hadde mykje turisthandel i sesongen.<ref>Sætherskar, 1949, s. 769.</ref>
 
 
 
'''Frå møteprotokollen til Moland Forbruksforening'''
 
 
'''Årsmøte 13. mars 1888''': På dette møtet vart det gjort framlegg om at ein del av forretninga skulle flyttast opp til Øyane i Veum. Dette var det ein del usikkerhet om juridisk. Det vart så på foreiningas rekning oppretta ein utsalsstad i Veum med oppføring av nødvendige lokale for utlevering av varer. Varene måtte vere kjøpt i hovudhandelen. '''Nybygd hus med inventar og kakelomn vart kostnadsrekna til 1250 kr. og var ferdig oktober 1889'''.
 
'''1895''': Det vart vedteke å '''bygge bakeri''' ved utsalsstaden i Veum, det vart ferdig same haust.
'''1898''':  Det vart '''vedteke å dele forretninga slik at Veum fekk ein fjerdepart av foreiningens eigedom'''. Alle var einige om delinga. Lover for båe foreiningane vart handsama og vedteke 26. november. '''13. mars 1899 var siste årsmøtet i den samla foreininga'''.
 
 
 
'''Frå møteprotokollen til Veum Forbruksforening'''
 
 
Det fyrste som står i protokollen er: Etter at det i ekstraordinær generalforsamling i Fyresdal Forbruksforening  '''den 26. november 1898  samrøystes vart vedteke, at foreiningas midlar skulle "delas soleis at Veum anneks fekk sin lut av desse'''  '''fyr dermed aa grunne egjen forretning under namn av Veums Forbruksforening.''' Vart i same møte av luteigarane i Veum  som styre  av denni valt dessi: Ivar Tveiten (formann), Gjermund Veum, Torleiv Veum, Olav Hærstad og Olav Kvasjord. Som suppleantar Olav A. Haugann og Aasmund Tortveit."
 
I same møte vart vedtekje som '''Lov fyr Veum forbruksforening'''.
 
"$.1. Foreningens formaal er ved en tilveiebragt driftskapital af mindst 4 a 8000 Kr.
a. at skaffe distriktet i størst mulig udstrækning  livsfornødenheder og andre nødvendige artikler paa en saa billig maade som muligt..
b. ved omsetningen av indkjøbte varer søge at indskrenke kreditthandelen og
c. faa i stand en indretning som give anledning til en sikker og frugtbringende anvendelse af spareskillinger."
 
Her er i alt 21 paragrafar som detaljert skildrar formålet med drifta av dette laget.
 
'''Fyrste styremøtet var 15. desember 1898 der alle møtte'''. Det vart tilsatt handelsbetjent og bakar. I bygningen til foreininga skulle to rom framleis nyttast av meieriet mot at handelsbetjenten, som hadde fritt husvære og  hadde rom over, kunne nytte dei når meieriet ikkje var i gang. Det skulle bakast tre dagar i veka.
 
På generalforsamling 17. februar 1906 blei det satt ned ein byggekomité med tanke på berekning av forbetring eller nybygging av foreiningens bygning. '''På møte 23. februar 1907  vart det einstemming vedteke å bygge ny bygning''' og byggekomiteen fekk i oppdrag å ordne tomtespørsmålet, forestå byggearbeidet og i tilfelle realisere den gamle bygningen. Tomt fekk ein frå kyrkja litt vest for denne, som (Fyresdal gnr. 85/23/1).
 
I 1923  hadde det kome opp spørsmål om Veum Handelslag nå burde opprette ein '''filial i Hauggrend'''. Det vart vald ei nemnd til å utgreie dette.
 
Generalforsamling 21. februar 1925 i Veum Forbruksforening. Framlegg frå [[Olav Momrak (1868-1944)|Olav A. Momrak]] om å '''forandre namnet til Veums Handelslag''' vart einstemming vedteke.
 
Det var mykje handelslaget var engasjert i og som og hadde verknad på drifta, og så kom alvoret inn over den vesle grenda, vi kan lese frå styremøteprotokollen:
 
'''Styremøte 12 april 1940''':  "Sak 1. På grunn av tidine me har no, må handelslagi kaupe inn mest mogleg mjøl av alle sortar, salt og matvarer. Likeeins såfrø. --- Sak 2. Styret pålegg butikkfolket berre å levere ut varer mot kontant, like-eins at ingen får kjøpe opp noko lager; men dei skal freista dela det mest mogleg rettvist etter kundanes vanlege forbruk. --- Sak 4. Styret går med på at utlegg med å få heim varor vert å belaste tapskonto i fall det vert sendt bilar til byen og dei ikkje får lass heim. --- Sak 5. Umframt årsmøte tillyst til laurdag 20. april vert grunna tidene avlyst inntil vidare."
Styremøte 15. april 1940: "Sak 1. Vedk. køyring av varor frå byen: Desse vert å lagre på Øiane så langt råd er og det må sytast for at lageret er sikra med vakt. Tilgjenge til lageret har berre handelslagets tillitsmenn. --- Sak 4. Varone i Hauggrenn blir å lagra på Øiane snarast råd."  --- Ein kom raskt fram til at det var risikabelt å lagre alt på ein stad og det vart vedteke å dele ut ei viss mengde til kvar husstand for lagring heime.
 
'''Styremøte 14. september 1940''': "Sak 2. Styret pålegg styraren å kjøpe inn mest mogleg av nyttige varer i staden for å sitje med pengar." Styraren fekk dekt reiseutgifter for å dra til byen og freiste få kjøpt nyttige varer.
 
 
'''Handelslag eller samvirkelag?'''
 
 
Det vart for drivarane av Veum Handelslag stadig pågang av diverse krefter som ville gjere handelslaget om til eit samvirkelag:
 
'''Styremøte 10. september 1945'''. "Sak 1. Brev frå arbeidsnemnda for koprativen i Veum med tilbod om å gå saman om forretninga slik at Veum Handelslag gjeng yver til koprativ forretning. Vedtak: Styret finn ikkje for tida å kunne gjera noko med saka, men skal legge den fram på fyrste årsmøte."
 
'''Styremøte 3. januar 1946'''. "Sak II. Det vert sagt at forhaldi ved Handelslaget er usikre med tanke på å tilsetje betjent." --- Sak IV. Det vart utarbeidt eit forslag til ordning med Veum Samvirkelag som vart oversendt styret i dette til handsaming.
 
'''Styremøte 3. januar 1946'''. "Sak II. Det vert sagt at forhaldi ved Handelslaget er usikre med tanke på å tilsetje betjent."
'''Styremøte 9. februar 1946'''. "Sak III.  1. Veum Samvirkelag leiger forretninga av Veum Handelslag for tre år pluss oppseiing 1år av båe partar." Ein gjekk ut frå at dersom Veum Samvirkelag vart godt drive og samarbeidet med Veum Handelslag var godt kunne Veum Handelslag verte oppløyst. Årsmøte 9. februar 1946  Sak VII. Med 12 mot 10 stemmer vart vedtak om bortleige utsatt.
Styremøte 28. februar 1950. Sak 4. Det vart samrøystes vedteke å undersøkja om ein kan melda Veum Handelslag inn som samvirkelag i landssamskipnaden, eller om ein må løysa opp laget og så starta samvirkelaget på nytt.
Styremøte 24. april 1950. "Spørsmål om å melda Veum Handelslag inn i Norges Kooperative Landslag: Mot ei røyst vart det vedteke å kalla inn til  omframt årsmøte laurdag 13. mai. Dessutan vart det og mot ei røyst vedteke å tilrå at laget melder seg inn i Noregs Kooperative Landslag. Dei pengane som i 1945 av ein del av lemene vart teikna til bruk i ein kooperativ forretning for Veum, går inn som avbetaling på deira innskot i den kooperative forretninga. Likeeins går dei gamle lutane med til dette."
Omframt årsmøte 13. mai 1950 i Veum Bedehus. "Sak 4. Framlegg frå styret mot 1 røyst: Veum Handelslag vert løyst opp og eiga vert overførd til Veum Samvirkelag der mønstervedtektene for N.K.L. vert gjeldande. Lutmedelen frå Veum Handelslag og Veum Samvirkelag går inn i Veum Samvirkelag. Vedtak (38 mot 6 røyster): Framlegget frå styret vert vedteki."
 
'''Styremøte 30. mai 1950'''. Sak 2 Samrøystes vart det vedteki å oppmoda medlemene om å  handla i samvirkelaget og å innbetala heile ansvarsinnskotet. ''(Det var særs mange av grendefolket som meinte dette var ei overrumpling av dei, at det var sårt for dei som hadde jobba for eit handelslag og ikkje greidde å gå i «samvirkelaget» å handle, men gjorde det heller andre stader. Desse såra grodde vel aldri att.)'' Sak 4 Samrøystes vart det vedteke å kalla laget Veum Samvirkelag.
 
'''Styremøte 27. september 1950'''. Juridiske spørsmål i samband med overgang, lutar, oppseiing av personalet og anna skulle avklarast med jurist. Det var ynskje om ei klår uttale som skulle vere bindande. Det var mykje motstand mot det som var gjort, sterkt ynskje om å gjere det om, og to personar vart sende til sakførar Roholt i Kviteseid for å få til ei ordning med omorganiseringa frå handelslag til samvirkelag.
 
'''Styremøte 2. desember 1950'''. "Sak 1. Styret gjer samrøystes dette framlegget: Vedtaka om lovendring og oppløysing av Veum Handelslag vedteke på årsmøtet den 13. mai 1950 ( sak nr. 2 og 3) vert oppheva, og som nytt framlegg til ordning set vi fram: Lovene for Veum Handelslag vert ordna slik at ein vedtek N.K.L. s mønstervedtekter så nær som pg. 28 der ein i staden set inn pg. 9 i lovene for Veum Handelslag (av 1898 0g 1949). Veum Handelslag vert innmeld i N.K.L. frå 1. januar 1951 og skal drivast som samvirkelag. (Melding om dette vart sendt til lensmannen i Fyresdal og sorenskrivaren i Vest-Telemark.)"
 
'''Årsmøte 2/3 1963''' Framlegg om samanslåing med Dalen Samvirkelag. Det hadde kome ein førespurnad frå Dalen Samvirkelag om samanslåing, men eit samrøystes vedtak gjekk inn for at dette ikkje var aktuelt førebels. På møte 16. mars vart dette på nytt drøfta, med same resultat. Handelsstyrar Hans Kittilsen frå Mo Samvirkelag var med på møtet, han meinte han kunne drive meir seriøst med ein filial i Hauggrend. Han vart tilbydd styrarstillinga ved Veum Handelslag, dette vart det ikkje noko av. På møte 29. april vart det drøfta eit brev frå Dalen Samvirkelag om oppretting av ein filial i Hauggrend, dette vart det sendt ein protest på til NKL
 
'''Medlemsmøte 21/10 1965 om samanslåing med Vest-Telemark Samvirkelag.'''
"Sak 1. Fylgjande vedtak vart gjort med 24 stemmer for og 2 stemmer mot: «Veum Handelslag sluttar seg saman med Vest-Telemark samvirkelag frå 1. januar 1966: Veum Handelslag vedtek Vest-Telemark Samvirkelags vedtekter for samanslutninga. Veum Handelslags aktiva og passiva overførast til Vest-Telemark Samvirkelag frå same dato. Medlemer av Veum Handelslag får dei same rettighetar og forpliktelsar som medlemer i Vest-Telemark Samvirkelag. Det sittande styret i Veum Handelslag skal fungere inntil samanslutninga er komen formelt i orden, til årsmøtet.»  26/3 1966. Årsmøte i Veum Samyrkelag. Formannen meinte at no var Handelslaget mykje sikkert og godt."
 
'''5/5 1966. Styremøte'''. Styret finn at Vest-Telemark vil ordne drifta på ein måte som ikkje samsvarar med dei forutsetningar som var avgjerande for vedtaket om samanslutning 25/10 1965. Det vart vedteke å halde nytt medlemsmøte 2/6 1966
2/6 1966. Medlemsmøte. Konsulent Formo og styrar i V. T. Selsvik gjekk sterkt inn for samanslutninga. Formo sa at i fall Veum Samvirkelag gjorde om sitt tidlegare vedtak om samanslutning, ville dei gjere ein verkeleg stor tabbe. --- «Stemninga på møtet er slik at det er det same kva ein vedtar, så vil det verte til skade for handelslaget på Veum.» Forslaget til avstemming lydde slik: «Veum Handelslag opprettheld sin søknad om medlemskap i V.T.S. på vilkår at det ikkje vert samanblanda med V. Handelslag og H. Kittilsen si private forretning.» Møtet drog ut og mange gjekk slik at det ikkje vart gjort noko bindande vedtak.
 
'''11/6 1966. Styremøte'''. Torkjell Skeie vart innsatt som styrar av Veum Handelslag. Av protokollen med referat frå styremøter m. m. går det fram at det vart mykje fram og attende i drøftingar før det vart vedteke ei avtale mellom Veum Handelslag og NKL. Veum Handelslag er stadig nemninga.
 
'''1967.'''  '''Avtale mellom Veum Handelslag og Norges Kooperative Landsforening'''. 29/6 1967 vart det av dåverande formann Bendik Myrvang underteikna ei avtale mellom Veum Handelslag og NKL. I denne vart det inngåande gjort greie for NKL sine forpliktelsar og handelslaget/samvirkelaget sine forpliktelsar.
 
'''1968'''. Referata framover inneheld mykje merknader til vareoppteljingar, uteståande krav og skuldig omsetjingsavgift. Det vert arbeidd med å få mest mogleg klarlagt, mellom anna nøyaktig revisjon som handelslaget er mest mogleg hjelpsam med.
 
 
'''3/3 1969.  Styret går inn for avvikling etter vanlege reglar'''.
 
'''Årsmøte 24/3 1969'''. Avvikling av Veum Handelslag
Styret i handelslaget hadde kome med framlegg om at Veum Handelslag vart å avvikle, og dette vart samrøystes vedteke som sak 3. "Lagets stilling: Styret føreslær: Etter det resultat som siste års rekneskap viser, meiner styret at lagets stilling er så dårleg at det er håplaust å fortsetje drifta. Styret kjem difor med dette forslag: Styret gjer framlegg om at laget vert avvikla etter reglane i samvirkelagenes garantifond, med tap opptil kr. 200,00 – to hundre kroner pr. medlem, viss NKL er villig til å bære resten av tapet. – Styret sitt forslag om at Veum Handelslag vert å avvikle, vart samrøystes vedteki.  Avviklingsstyret fær i oppdrag å finne den for medlemene lempelegaste avviklingsform."
Det vart oppretta eit avviklingsstyre som hadde fyrste møte 21/4-1969. Medlemer var heile styret, Olav Veum formann, Olav Nygård frå NKL Kristiansand og Bendik Myrvang som sekretær. Det vart drøfta om ei framtidig drift kunne gjerast som eit aksjeselskap, men dette fann ein at ikkje var aktuelt.
 
'''16/5 1969 Avviklingsstyret''' hadde møte i forretningsbygget
"Sak 1. Veum Handelslag vert '''overdrage til Kristoffer T. Mandt 1. juni 1969'''. Salssummen kr. 130 000, innbefatta varelager, innbu og lausøyre og eigedomen. Eit banklån på kr. 40 000,00 gjekk til frådrag, vart overteke av kjøpar."
1969 Skjøte.  2/7 1969 vart det av Olav Nygård, Olav Veum og Bendik Myrvang underteikna eit skjøte på leigerett til gnr. 85/23/1, samt eigedomsretten til bygningane på tomta, der denne eigedomen vart førd over frå Veum Handelslag til Kristoffer T. Mandt. Kjøpesummen var kr. 60  000,00 og årleg leige kr. 10,00.
 
'''20/7 1970 Avviklingsstyret i Veum Handelslag hadde møte på s. Veum'''.
 
Formann Olav Veum, disponent Olav Nygård N.K.L. lageret Kristiansand og Bendik Myrvang møtte.
"Sak III: Veum Handelslag var eit av dei fyrste Handelslag i Fyresdal. Medlemene av avviklingsstyret, Olav Veum, Olav Nygård og Bendik Myrvang meiner at lagets møtebøker viser ein del av bygdas utviklingssoge og ynskjer difor, når Veum Handelslags avvikling er slutt, '''at lagets møtebøker vert førde attende til Fyresdal'''. Olav Veum fekk i oppdrag å få bøkene lagt inn i arkivet i Fyresdal Sparebank for trygg oppbevaring. NKL kan få bøkene utlånt når dei ynskjer det."
Møtebok med siste styremøte 10. februar 1940.
Møtebok for Veum Handelslag frå 10/2-1940
 
 
 
'''Fyrste forretningsbygget på Øyane'''
 
 
 
Dette bygget ser vi på eit bilete plassera vi á vis det seinare forretningsbygget. Bygget var '''ferdig 1889'''.  Det vart tidleg funne å vere for lite og upraktisk. Den gamle forretnings-bygningen vart bortauksjonert, kjøpar skulle betale tomteleige og oveta bygningen som den var, dog utan omn og varebehaldning. Bygningen vart selt til eit aksjeselskap. Dette var det vanskeleg å få oppgjer for og bygningen vart til slutt '''i 1913 selt''' til Torleiv O. Veum på søgard Veum (Fyresdal gnr. 85/1) , tomta var ei leigetomt under denne garden og har namnet Åbø (Fyresdal gnr. 85/5).
 
 
 
'''Andre og siste forretningsbygget på Øyane'''
 
 
 
Denne bygningen vart '''satt opp 1907 og teke i bruk 1908'''. Den vart så reparert 1912. '''I 1934 vart det vølt og måla'''.
Styremøte 6. februar 1943. "Sak. 2. Det var paalaggt formannen aa forhøyre med ein arkitekt um kva det vilde koste aa faa ei teikning til ein umregulering av bygningen til Veum Handelslag." – I 1946 vart dørar og vindaugo i bustaden utbetra, forretningsroma måtte vente til laglegare tider,  men i 1947 meinte ein at det snarast råd måtte utarbeidast ein plan for utbetring av forretninga.
 
Årsmøte 17. februar 1951.  Etter eit krevjande år vart det gjort vedtak om å setje i gang reparasjonsarbeid på husa i Veum og arkitekt Karstein hadde sendt teikningar. Både styrarbustaden med oppgang og butikklokalet skulle stellast. (Byggenemnda si søknad med teikningar vart avslegen av fylkesforsyningsnemnda.) Med 6 mot 3 røyster vart det vedteke å ''nytte store glas''. Styremøte 3. september 1953:  '''"Hovudreperasjonen må utsetjast til 1954"'''.
 
 
 
'''Handelslaget sitt meieri'''
 
 
 
Det fyrste vi kjenner til om meieridrift her er at det '''i bakre del av bygningen frå 1889 periodevis var eit meieri'''. Styret hadde i 1933 selt ovnen som opphavleg høyrde til Veum meieri og meieriet skulle få tilbake det ovnen blei betala med.
 
Styremøte vart halde i Veum Handelslag laurdag 5. januar 1935. Alle styremedlemer møtte.
"Sak 1. '''Ad smørsalet''': Det vart vedteke at smør som Handelslaget ikkje kan senda til smørkontrollen, altso stykke under 6 kg, og elles smør som produsentane ynskjer skal verta meierihandsama, vert å senda til Veum meieri til handsaming.
Meierskane tek på seg arbeidet for kr. 0,05 pr. kg. fyrebils. Handelslaget kjøper smøreltemaskin, som vert å betala attende ved avgift av kr. 0,02 pr. kg. smør som vert handsama. All avgift som kjem på smøret for å få det godteke, vert å svara av dei respektive leverandørar. Smør som vert funne uskikka til å verte blanda, vert å levere attende til produsenten. Elles vil styret oppmoda alle til å gjera sitt beste ved laging av smør so prisen kan verta best mogleg.
(Gunnar K. Veum. Aa. Tortveit. Gunnar Midtgarden. Torleiv Veum. Eivind J. Spockeli.)"
 
 
 
'''Handelslaget sitt bakeri'''
 
 
 
Bakeribygninen kan vi sjå på eit oversiktsbilete av Øyane, det er ein bygning med fasaden ut mot hovudvegen og rausta parallelt med den. Der var tre samanhangande hus, bustad, bakeri og vedskjol. Den vart '''bygd 1895''' og det skulle bakast tre dagar i veka.. I 1904 vart vedskjolet her utvida, det vart det og i 1912,  og samtidig bakeribygningen utbetra. Då den fyrste forretningsbygningen var selt i 1913 skulle det i ettertid betalast kr.2 i årleg grunnleige for bakeriet. '''I 1928 vart så bakaren sagt opp og bakarbustaden pussa opp'''.
 
'''Styremøte 12. august 1939'''.  Det vart samrøystes vedteke å '''"omregulere det gamle bakeriet til bustad for handelssveinen'''. --- Styremøte 8. februar 1941: Stova i bakeriet vert å reparera slik: Stova blir og måla; like-eins å reparera golvet det som trengst. Innkjøp av omn."
 
Styremøte 25. august '''1951'''  Det var eit ynskje om å leige bakeriet, men styret kom til at Handelslaget trong dette sjølv. (Dette vart likevel leigd ut i 1952)  I 1958 vart det konkludert med at '''"Handelslaget trong roma i bakeriet som lager."''' Dette vart det nytta som i tida vidare. I 1997 vart '''hovudbygningen rive''',flytta til Birtedalen og satt opp der som fritidshus. Vedskjulet og lageret for bakeriet er nytta som lager og står i 2019 på sin opphavlege plass.
 
 
 
'''Handelslaget sin filial i Hauggrend'''
 
 
 
'''I 1923  hadde det kome opp spørsmål om Veum Handelslag nå burde opprette ein filial i Hauggrend'''. Det vart vald ei nemnd til å utgreie dette.
 
'''"Aar 1927''' den 26. februar møtte G. Midgarden til konferanse med Jacob Spockeli om forventet dennes tilbod om overtagelse av den av Gunnar paa Berges grund under oppførelse staaende bygning. Gunnar fremla kontrakt med entreprenør Paal Moen samt leiekontrakt paa tomten med Gj. Berge. Vi enedes om at Gunnar skulle faa kr. 1700 – sytten hundrede kroner for huset som det staar nu, men der skal da medfølge 2 dører og 3 glas, samt har han betalt Paal Moen kr. 330 – trehundrede og treti kroner – samt alt det paa plassen fremkjørte tømmer, derav Gunnar sikkert mente skulle strekke mer end til det arbeide Paal vil faa med oppførelsen. Alt dette er iberegnet de anførte 1700 kroner. Paa det her anførte forlanger Gunnar Midtgarden svar inden 5. mars nestk. Da han har andre tilbod, der inden en kortere frist maa svare spaa. Dette forsavidt styret ere enige i. (Undertegna J. Spockeli og G. Midtgarden) – Styret fann at dei ikkje kunne avgjere dette aleine, omframt årsmøte vart innkalla 4. mars. Gj. Berge sa då frå seg forkjøpsretten datera 28. februar 1927 og Veum handelslag tok over leigekontrakta av 17. august 1926 samt byggekontrakta mellom Paal Moen og G. Midtgarden av 21. september 1926." Det vart så vedteke å '''kjøpe nemnde hus ved Berge'''.
 
'''År 1928''' den 26. april. Styraren og Olav Momrak blei valde til å ordne med innreiing m. v. av handelshuset på Berge og så snart det let seg gjere få ein av betjeningen til '''å utlevere varer der to gonger i veka'''. Det var eit ynskje om å rette på ålaupet for å forebygge flaumskader.  14. november fekk handelslaget tilbod om å kaupe den leigde tomta under Berge (Fyresdal gnr. 93/5). Og så i 1933 vart det bygd til bygningen på filialen.  I 1936 vart muren på handelsbua sementert. Vasken av huset vart bortsatt for kr. 0,25 for kvar gong, og fri klut, i 1938 auka til kr. 0,50.
 
'''Styremøte 15. april 1939''': "Då den nye handelslov påla handelslaget at filialen i Hauggrend måtte ordnast til eigen forretning, vart styret samde om å kome med framlegg om sal av denne." Og ved Styremøte 6. april 1940: Eventuelt sal av filialen i Hauggrend ser ein at det hadde kome inn skriftleg tilbod, styret tilrådde sal og innkalling til ekstraordinær generalforsamling om 14 dagar. Dei tilrådde og at det som kom inn ved sal vart å koste på Veum Handelslag. (Dette vart ikkje drøfta vidare. Omframt årsmøte tillyst til laurdag 20. april vert grunna tidene avlyst inntil vidare.)
 
'''Årsmøte 31. januar 1942'''. Filialen i Hauggrend vart '''leigd ut''' månadsvis mot betaling på førehand. Bygningen måtte tekkast/få nytt tak. (Nytt glas vart satt inn 1943). 1942: Det var eit ynskje om å få kjøpe filialen, eventuelt å leige for 5 år, dette kunne ikkje styret gå med på. Derimot leige inntil vidare, med høgare leige dersom og nytta til post. I 1944 vart filialen leigd bort, stova kledd innvendig. '''I 1949 var Filialen blitt ledig, men styret ville ikkje leige ut på nytt''' då det kunne vere aktuelt å nytte den som "lagerplass for kunsthevd, kraftfor, såhevd m. m."
 
'''Årsmøte 11. februar 1950''' Sak 6. Vedk. Veum Handelslags filial i Hauggrend: Dette framlegget vart vedteke samst.:" Årsmøtet pålegg styret å undersøkja vilkåra for å '''byrja handel i Hauggrend''', vøla husa og setja i gang handelen so fort dei finn det er råd. Styremøte 28. februar 1950 Sak 3. Istandsetjing av filialen i Hauggrend med tanke på handelsverksemd. Samrøystes vedta: Kjellaren under butikken vert å opparbeida. Reperasjon av golvet. Innsetjing av hyller og disk. Medlemene av styret som bur i Hauggrend set arbeidet i verk. Det vart løyvd kr. 5000,00 til utbetring av bygget og oppnemnd ei byggenemnd." Styremøte 16. februar 1951 Styret hadde sett på Filialen og utbetringsarbeidet der og fann at filialen kunne opnast for handel, seinast innan 15. mars.
 
Styremøte 12. januar 1954  Sak 1 Skjøte på tomta til filialen i Hauggrend tinglyst  21/11 1953.  Styremøte 17. juni 1954  Innreiingsrabeidet i butikklokalet vart godkjent
 
'''Årsmøte 20. februar 1960'''  "Sak 4/3 Reparasjon av Filialen, utvendig kledning med ny utgangsdør, tetting av glas m. m. vert å overføre reguleringsfondet. Kr. 6131,98  1963: Filialen til handelslaget i Hauggrend vart '''halde open kvar dag'''." På møte 2. september vart det vedteke å kle filialen med eternittplater på to sider og måle pakkbua.
 
'''Styremøte 9/5 1964. Vedtak om stenging av Filialen i Hauggrend frå 16/5 1964.''' Karen Moen, Berge, vart kontakta om eventuelt sal eller leige av filialen. I styremøte 20/6 1964 vart det '''vedteke eit sal''' til Karen Moen for kr. 8500,00.
 
 


I 1907 bygde forbruksforeninga nytt forretningsbygg på Veum og flytta inn året etter.<ref>Marvik, 1992, s. 1476.</ref> [[Hans Jakobson Bjørnestad]] vart handelsstyrar nokre år. Deretter vart [[Hans Rasmusson Austad]] frå [[Gjøvdal]] tilsett. Han slutta i 1946 då han starta sin eigen [[Fyresdal Landhandel]]. John A. Dale tok over etter dette. Her fanst eige bakeri som var i drift i mange år. [[Torjus Nøra]] var den fyrste bakaren. Elles omsatte forretninga assorterte landhandelvarer og hadde mykje turisthandel i sesongen.<ref>Sætherskar, 1949, s. 769.</ref>


===Bestyrarar===
===Bestyrarar===
*Ivar Tveiten, 1899 - ??
*[[Ivar Tveiten]], 1899 - ??
*[[Hans Austad]], 1917 - 1945
*[[Hans Austad]], 1917 - 1945
*[[John A. Dale]], 1946 - ??
*[[John A. Dale]], 1946 - ??
{{thumb|No-nb digibok 2011011006030 0023 1.jpg|Veum med Veum Handelslag mitt i bilete.|Ukjend / [http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2011011006030 "Fyresdal" skannet side nr. 23. nb.no]<br>
{{thumb|No-nb digibok 2011011006030 0023 1.jpg|Øyane med Veum Handelslag midt i biletet.|Bendik Taraldlien / [http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2011011006030 "Fyresdal" skannet side nr. 23. nb.no]<br>
Nasjonalbiblioteket}}
Nasjonalbiblioteket}}
'''Epilog'''
Kristoffer Mandt dreiv forretning i nabobygget Øyosen, denne verksemda flytta han over til handelslaget sin tidlegare bygning og heldt fram med drifta der. 20. mars 1990 vart sonen Bjarne Mandt dagleg leiar, juli 1993 vart han eigar og i januar 1997 vart så verksemda nedlagd. 9. mars 2004 vart bygningen seld til ein privatperson og  20. september 2004 brann den så ned til grunnen. Området er no ein plen framom kyrkja slik det vel var før dette bygget vart satt opp, og eit viktig kapittel i tettstaden Øyane si soge er no retteleg soge blitt.
'''Biletgalleri'''
<gallery>
Øyane mot syd 1909 eller tidlegare .jpg | Øyane sett mot syd før 1909. På venstre side av vegen ser vi det fyrste forretningsbygget til Veum Handelslag. Litt lengre nedover på same side er bakeriet til handelslaget. På høgre side er Øyosen der det og var forretning.
Veum i Fyresdal .jpg | Her er det nye bygget til Veum Handelslag til venstre for kyrkja og det fyrste bygget til forbruksforeningen/handelslaget til høgre i biletet. Foto: Ole Olsen Skarbø, Stavanger
Veum Handelslag og Veum Kyrkje .jpg | Veum Handelslag med Veum kyrkje i bakgrunnen. Foto: Wergelands kunstforlag, Porsgrunn
Øyane i Veum 1947.JPG | Øyane 1947. Fremst ved hovudvegen og rausta langs denne er handelslaget sitt bakeri. Vidare er Åbø der handelslaget var før 1907, her nytt hus. Lengst oppe i denne vegen er bygningen til handelslaget bygd 1907. Foto: Widerøe
Tofte på Øyane i Fyresdal .jpg | [[Tofte (Fyresdal gnr. 85/6)|Tofte]] på Øyane 2019, her heldt Veum Meieri til i fyrste høgda til venstre. Bygningen vi ser ein del av heilt til venstre er vedskjulet til bakeriet. Foto Tore Samuelsen 2019
Bergesbua i Hauggrend .jpg | Filialen/Bergesbua ved bygdevegen, Berge oppe i bakken nærast. Foto: Widerøe
Veum Handelslag .JPG | Veum Handelslag. Truleg i 1957. Utvendig kledd og med "store glas". Foto: Lars Veum
</gallery>
==Arkiv==
==Arkiv==
Arkivet etter Veum Handelslag blir oppbevart ved [[Fyresdal bibliotek]]. Sjå [[Privatarkiv frå Telemark|lista over privatarkiv frå Telemark]] for meir informasjon.
Arkivet etter Veum Handelslag blir oppbevart ved [[Fyresdal folkebibliotek]]. Sjå [[Privatarkiv frå Telemark|lista over privatarkiv frå Telemark]] for meir informasjon.


==Kjelder==
==Kjelder og til utdjupande lesnad==
 
*Landvik, Olav J.: ''Den gong det var landhandleri''. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi", Fyresdal Sogelag 2000, s. 44,48.
*Marvik, Steinar, ''Fyresdal: gards- og ættesoge. 3'', Fyresdal, 1992. [http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012122105045 Digital utgåve] på bokhylla.
*Marvik, Steinar, ''Fyresdal: gards- og ættesoge. 3'', Fyresdal, 1992. [http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012122105045 Digital utgåve] på bokhylla.
*Sætherskar, Johs. (red.), ''Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon'', Bergen, 1949.
*Sætherskar, Johs. (red.), ''Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon'', Bergen, 1949.
*Taraldlien, Bendik, ''Fyresdal. Med Bilæte''. Kristiania 1910. (Bendik sitt bilete ''Øyane i Veum'' er på s. 5.)
*[[Taraldlien, Bendik]], ''Fyresdal. Med Bilæte''. Kristiania 1910. (Bendik sitt bilete ''Øyane i Veum'' er på s. 5.)
*[[Bendik Gjermundson Veum|Veum, Bendik]]: ''Festskrift for Fyresdal Handelslag 1871-1931'' J. A. Kroghs Boktrykkeri. Skien 1931


==Referansar==
==Referansar==
Linje 26: Linje 216:
[[Kategori:Veum (Fyresdal)]]
[[Kategori:Veum (Fyresdal)]]
[[Kategori:Etableringer i 1899]]
[[Kategori:Etableringer i 1899]]
[[Kategori:Næringsliv]]
[[Kategori:Landhandel]]
[[Kategori:Landhandel]]
[[Kategori:Samvirkelag]]
[[Kategori:Telemarksarkivet]]
[[Kategori:Telemarksarkivet]]
{{nn}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 30. jun. 2020 kl. 15:30

Veum Handelslag før 1950.
Foto: Ukjend / Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Veum Handelslag vart starta som ein filial under Fyresdal Forbruksforening. Forretninga låg på Øyane i Veum i Fyresdal kommune.

Historikk

I 1898 vart forbruksforeininga i Fyresdal delt, og det oppstd dermed ei Veum Forbruksforening i Veum.[1] Ivar Tveiten var den drivande krafta, og var også den fyrste formannen i laget. Gunnar Jakobson Breivik vart tilsett som handelssvein. Elles bestod det fyrste styret av Gjermund Veum, Olav Hærstad, Torleif Veum og Olav Kvasfjord. Handelslaget hadde ein filial i Hauggrend.

I 1907 bygde forbruksforeininga nytt forretningsbygg på Øyane i Veum og flytta inn året etter.[2] Hans Jakobson Bjørnestad vart handelsstyrar nokre år. Deretter vart Hans Rasmusson Austad frå Gjøvdal tilsett. Han slutta i 1946 då han starta sin eigen Fyresdal Landhandel. John A. Dale tok over etter dette. Her fanst eige bakeri som var i drift i mange år. Torjus Nøra var den fyrste bakaren. Elles omsatte forretninga assorterte landhandelvarer og hadde mykje turisthandel i sesongen.[3]


Frå møteprotokollen til Moland Forbruksforening


Årsmøte 13. mars 1888: På dette møtet vart det gjort framlegg om at ein del av forretninga skulle flyttast opp til Øyane i Veum. Dette var det ein del usikkerhet om juridisk. Det vart så på foreiningas rekning oppretta ein utsalsstad i Veum med oppføring av nødvendige lokale for utlevering av varer. Varene måtte vere kjøpt i hovudhandelen. Nybygd hus med inventar og kakelomn vart kostnadsrekna til 1250 kr. og var ferdig oktober 1889.

1895: Det vart vedteke å bygge bakeri ved utsalsstaden i Veum, det vart ferdig same haust. 1898: Det vart vedteke å dele forretninga slik at Veum fekk ein fjerdepart av foreiningens eigedom. Alle var einige om delinga. Lover for båe foreiningane vart handsama og vedteke 26. november. 13. mars 1899 var siste årsmøtet i den samla foreininga.


Frå møteprotokollen til Veum Forbruksforening


Det fyrste som står i protokollen er: Etter at det i ekstraordinær generalforsamling i Fyresdal Forbruksforening den 26. november 1898 samrøystes vart vedteke, at foreiningas midlar skulle "delas soleis at Veum anneks fekk sin lut av desse fyr dermed aa grunne egjen forretning under namn av Veums Forbruksforening. Vart i same møte av luteigarane i Veum som styre av denni valt dessi: Ivar Tveiten (formann), Gjermund Veum, Torleiv Veum, Olav Hærstad og Olav Kvasjord. Som suppleantar Olav A. Haugann og Aasmund Tortveit."

I same møte vart vedtekje som Lov fyr Veum forbruksforening.

"$.1. Foreningens formaal er ved en tilveiebragt driftskapital af mindst 4 a 8000 Kr. a. at skaffe distriktet i størst mulig udstrækning livsfornødenheder og andre nødvendige artikler paa en saa billig maade som muligt.. b. ved omsetningen av indkjøbte varer søge at indskrenke kreditthandelen og c. faa i stand en indretning som give anledning til en sikker og frugtbringende anvendelse af spareskillinger."

Her er i alt 21 paragrafar som detaljert skildrar formålet med drifta av dette laget.

Fyrste styremøtet var 15. desember 1898 der alle møtte. Det vart tilsatt handelsbetjent og bakar. I bygningen til foreininga skulle to rom framleis nyttast av meieriet mot at handelsbetjenten, som hadde fritt husvære og hadde rom over, kunne nytte dei når meieriet ikkje var i gang. Det skulle bakast tre dagar i veka.

På generalforsamling 17. februar 1906 blei det satt ned ein byggekomité med tanke på berekning av forbetring eller nybygging av foreiningens bygning. På møte 23. februar 1907 vart det einstemming vedteke å bygge ny bygning og byggekomiteen fekk i oppdrag å ordne tomtespørsmålet, forestå byggearbeidet og i tilfelle realisere den gamle bygningen. Tomt fekk ein frå kyrkja litt vest for denne, som (Fyresdal gnr. 85/23/1).

I 1923 hadde det kome opp spørsmål om Veum Handelslag nå burde opprette ein filial i Hauggrend. Det vart vald ei nemnd til å utgreie dette.

Generalforsamling 21. februar 1925 i Veum Forbruksforening. Framlegg frå Olav A. Momrak om å forandre namnet til Veums Handelslag vart einstemming vedteke.

Det var mykje handelslaget var engasjert i og som og hadde verknad på drifta, og så kom alvoret inn over den vesle grenda, vi kan lese frå styremøteprotokollen:

Styremøte 12 april 1940: "Sak 1. På grunn av tidine me har no, må handelslagi kaupe inn mest mogleg mjøl av alle sortar, salt og matvarer. Likeeins såfrø. --- Sak 2. Styret pålegg butikkfolket berre å levere ut varer mot kontant, like-eins at ingen får kjøpe opp noko lager; men dei skal freista dela det mest mogleg rettvist etter kundanes vanlege forbruk. --- Sak 4. Styret går med på at utlegg med å få heim varor vert å belaste tapskonto i fall det vert sendt bilar til byen og dei ikkje får lass heim. --- Sak 5. Umframt årsmøte tillyst til laurdag 20. april vert grunna tidene avlyst inntil vidare." Styremøte 15. april 1940: "Sak 1. Vedk. køyring av varor frå byen: Desse vert å lagre på Øiane så langt råd er og det må sytast for at lageret er sikra med vakt. Tilgjenge til lageret har berre handelslagets tillitsmenn. --- Sak 4. Varone i Hauggrenn blir å lagra på Øiane snarast råd." --- Ein kom raskt fram til at det var risikabelt å lagre alt på ein stad og det vart vedteke å dele ut ei viss mengde til kvar husstand for lagring heime.

Styremøte 14. september 1940: "Sak 2. Styret pålegg styraren å kjøpe inn mest mogleg av nyttige varer i staden for å sitje med pengar." Styraren fekk dekt reiseutgifter for å dra til byen og freiste få kjøpt nyttige varer.


Handelslag eller samvirkelag?


Det vart for drivarane av Veum Handelslag stadig pågang av diverse krefter som ville gjere handelslaget om til eit samvirkelag:

Styremøte 10. september 1945. "Sak 1. Brev frå arbeidsnemnda for koprativen i Veum med tilbod om å gå saman om forretninga slik at Veum Handelslag gjeng yver til koprativ forretning. Vedtak: Styret finn ikkje for tida å kunne gjera noko med saka, men skal legge den fram på fyrste årsmøte."

Styremøte 3. januar 1946. "Sak II. Det vert sagt at forhaldi ved Handelslaget er usikre med tanke på å tilsetje betjent." --- Sak IV. Det vart utarbeidt eit forslag til ordning med Veum Samvirkelag som vart oversendt styret i dette til handsaming.

Styremøte 3. januar 1946. "Sak II. Det vert sagt at forhaldi ved Handelslaget er usikre med tanke på å tilsetje betjent." Styremøte 9. februar 1946. "Sak III. 1. Veum Samvirkelag leiger forretninga av Veum Handelslag for tre år pluss oppseiing 1år av båe partar." Ein gjekk ut frå at dersom Veum Samvirkelag vart godt drive og samarbeidet med Veum Handelslag var godt kunne Veum Handelslag verte oppløyst. Årsmøte 9. februar 1946 Sak VII. Med 12 mot 10 stemmer vart vedtak om bortleige utsatt. Styremøte 28. februar 1950. Sak 4. Det vart samrøystes vedteke å undersøkja om ein kan melda Veum Handelslag inn som samvirkelag i landssamskipnaden, eller om ein må løysa opp laget og så starta samvirkelaget på nytt. Styremøte 24. april 1950. "Spørsmål om å melda Veum Handelslag inn i Norges Kooperative Landslag: Mot ei røyst vart det vedteke å kalla inn til omframt årsmøte laurdag 13. mai. Dessutan vart det og mot ei røyst vedteke å tilrå at laget melder seg inn i Noregs Kooperative Landslag. Dei pengane som i 1945 av ein del av lemene vart teikna til bruk i ein kooperativ forretning for Veum, går inn som avbetaling på deira innskot i den kooperative forretninga. Likeeins går dei gamle lutane med til dette." Omframt årsmøte 13. mai 1950 i Veum Bedehus. "Sak 4. Framlegg frå styret mot 1 røyst: Veum Handelslag vert løyst opp og eiga vert overførd til Veum Samvirkelag der mønstervedtektene for N.K.L. vert gjeldande. Lutmedelen frå Veum Handelslag og Veum Samvirkelag går inn i Veum Samvirkelag. Vedtak (38 mot 6 røyster): Framlegget frå styret vert vedteki."

Styremøte 30. mai 1950. Sak 2 Samrøystes vart det vedteki å oppmoda medlemene om å handla i samvirkelaget og å innbetala heile ansvarsinnskotet. (Det var særs mange av grendefolket som meinte dette var ei overrumpling av dei, at det var sårt for dei som hadde jobba for eit handelslag og ikkje greidde å gå i «samvirkelaget» å handle, men gjorde det heller andre stader. Desse såra grodde vel aldri att.) Sak 4 Samrøystes vart det vedteke å kalla laget Veum Samvirkelag.

Styremøte 27. september 1950. Juridiske spørsmål i samband med overgang, lutar, oppseiing av personalet og anna skulle avklarast med jurist. Det var ynskje om ei klår uttale som skulle vere bindande. Det var mykje motstand mot det som var gjort, sterkt ynskje om å gjere det om, og to personar vart sende til sakførar Roholt i Kviteseid for å få til ei ordning med omorganiseringa frå handelslag til samvirkelag.

Styremøte 2. desember 1950. "Sak 1. Styret gjer samrøystes dette framlegget: Vedtaka om lovendring og oppløysing av Veum Handelslag vedteke på årsmøtet den 13. mai 1950 ( sak nr. 2 og 3) vert oppheva, og som nytt framlegg til ordning set vi fram: Lovene for Veum Handelslag vert ordna slik at ein vedtek N.K.L. s mønstervedtekter så nær som pg. 28 der ein i staden set inn pg. 9 i lovene for Veum Handelslag (av 1898 0g 1949). Veum Handelslag vert innmeld i N.K.L. frå 1. januar 1951 og skal drivast som samvirkelag. (Melding om dette vart sendt til lensmannen i Fyresdal og sorenskrivaren i Vest-Telemark.)"

Årsmøte 2/3 1963 Framlegg om samanslåing med Dalen Samvirkelag. Det hadde kome ein førespurnad frå Dalen Samvirkelag om samanslåing, men eit samrøystes vedtak gjekk inn for at dette ikkje var aktuelt førebels. På møte 16. mars vart dette på nytt drøfta, med same resultat. Handelsstyrar Hans Kittilsen frå Mo Samvirkelag var med på møtet, han meinte han kunne drive meir seriøst med ein filial i Hauggrend. Han vart tilbydd styrarstillinga ved Veum Handelslag, dette vart det ikkje noko av. På møte 29. april vart det drøfta eit brev frå Dalen Samvirkelag om oppretting av ein filial i Hauggrend, dette vart det sendt ein protest på til NKL

Medlemsmøte 21/10 1965 om samanslåing med Vest-Telemark Samvirkelag. "Sak 1. Fylgjande vedtak vart gjort med 24 stemmer for og 2 stemmer mot: «Veum Handelslag sluttar seg saman med Vest-Telemark samvirkelag frå 1. januar 1966: Veum Handelslag vedtek Vest-Telemark Samvirkelags vedtekter for samanslutninga. Veum Handelslags aktiva og passiva overførast til Vest-Telemark Samvirkelag frå same dato. Medlemer av Veum Handelslag får dei same rettighetar og forpliktelsar som medlemer i Vest-Telemark Samvirkelag. Det sittande styret i Veum Handelslag skal fungere inntil samanslutninga er komen formelt i orden, til årsmøtet.» 26/3 1966. Årsmøte i Veum Samyrkelag. Formannen meinte at no var Handelslaget mykje sikkert og godt."

5/5 1966. Styremøte. Styret finn at Vest-Telemark vil ordne drifta på ein måte som ikkje samsvarar med dei forutsetningar som var avgjerande for vedtaket om samanslutning 25/10 1965. Det vart vedteke å halde nytt medlemsmøte 2/6 1966 2/6 1966. Medlemsmøte. Konsulent Formo og styrar i V. T. Selsvik gjekk sterkt inn for samanslutninga. Formo sa at i fall Veum Samvirkelag gjorde om sitt tidlegare vedtak om samanslutning, ville dei gjere ein verkeleg stor tabbe. --- «Stemninga på møtet er slik at det er det same kva ein vedtar, så vil det verte til skade for handelslaget på Veum.» Forslaget til avstemming lydde slik: «Veum Handelslag opprettheld sin søknad om medlemskap i V.T.S. på vilkår at det ikkje vert samanblanda med V. Handelslag og H. Kittilsen si private forretning.» Møtet drog ut og mange gjekk slik at det ikkje vart gjort noko bindande vedtak.

11/6 1966. Styremøte. Torkjell Skeie vart innsatt som styrar av Veum Handelslag. Av protokollen med referat frå styremøter m. m. går det fram at det vart mykje fram og attende i drøftingar før det vart vedteke ei avtale mellom Veum Handelslag og NKL. Veum Handelslag er stadig nemninga.

1967. Avtale mellom Veum Handelslag og Norges Kooperative Landsforening. 29/6 1967 vart det av dåverande formann Bendik Myrvang underteikna ei avtale mellom Veum Handelslag og NKL. I denne vart det inngåande gjort greie for NKL sine forpliktelsar og handelslaget/samvirkelaget sine forpliktelsar.

1968. Referata framover inneheld mykje merknader til vareoppteljingar, uteståande krav og skuldig omsetjingsavgift. Det vert arbeidd med å få mest mogleg klarlagt, mellom anna nøyaktig revisjon som handelslaget er mest mogleg hjelpsam med.


3/3 1969. Styret går inn for avvikling etter vanlege reglar.

Årsmøte 24/3 1969. Avvikling av Veum Handelslag Styret i handelslaget hadde kome med framlegg om at Veum Handelslag vart å avvikle, og dette vart samrøystes vedteke som sak 3. "Lagets stilling: Styret føreslær: Etter det resultat som siste års rekneskap viser, meiner styret at lagets stilling er så dårleg at det er håplaust å fortsetje drifta. Styret kjem difor med dette forslag: Styret gjer framlegg om at laget vert avvikla etter reglane i samvirkelagenes garantifond, med tap opptil kr. 200,00 – to hundre kroner pr. medlem, viss NKL er villig til å bære resten av tapet. – Styret sitt forslag om at Veum Handelslag vert å avvikle, vart samrøystes vedteki. Avviklingsstyret fær i oppdrag å finne den for medlemene lempelegaste avviklingsform." Det vart oppretta eit avviklingsstyre som hadde fyrste møte 21/4-1969. Medlemer var heile styret, Olav Veum formann, Olav Nygård frå NKL Kristiansand og Bendik Myrvang som sekretær. Det vart drøfta om ei framtidig drift kunne gjerast som eit aksjeselskap, men dette fann ein at ikkje var aktuelt.

16/5 1969 Avviklingsstyret hadde møte i forretningsbygget "Sak 1. Veum Handelslag vert overdrage til Kristoffer T. Mandt 1. juni 1969. Salssummen kr. 130 000, innbefatta varelager, innbu og lausøyre og eigedomen. Eit banklån på kr. 40 000,00 gjekk til frådrag, vart overteke av kjøpar." 1969 Skjøte. 2/7 1969 vart det av Olav Nygård, Olav Veum og Bendik Myrvang underteikna eit skjøte på leigerett til gnr. 85/23/1, samt eigedomsretten til bygningane på tomta, der denne eigedomen vart førd over frå Veum Handelslag til Kristoffer T. Mandt. Kjøpesummen var kr. 60 000,00 og årleg leige kr. 10,00.

20/7 1970 Avviklingsstyret i Veum Handelslag hadde møte på s. Veum.

Formann Olav Veum, disponent Olav Nygård N.K.L. lageret Kristiansand og Bendik Myrvang møtte. "Sak III: Veum Handelslag var eit av dei fyrste Handelslag i Fyresdal. Medlemene av avviklingsstyret, Olav Veum, Olav Nygård og Bendik Myrvang meiner at lagets møtebøker viser ein del av bygdas utviklingssoge og ynskjer difor, når Veum Handelslags avvikling er slutt, at lagets møtebøker vert førde attende til Fyresdal. Olav Veum fekk i oppdrag å få bøkene lagt inn i arkivet i Fyresdal Sparebank for trygg oppbevaring. NKL kan få bøkene utlånt når dei ynskjer det." Møtebok med siste styremøte 10. februar 1940. Møtebok for Veum Handelslag frå 10/2-1940


Fyrste forretningsbygget på Øyane


Dette bygget ser vi på eit bilete plassera vi á vis det seinare forretningsbygget. Bygget var ferdig 1889. Det vart tidleg funne å vere for lite og upraktisk. Den gamle forretnings-bygningen vart bortauksjonert, kjøpar skulle betale tomteleige og oveta bygningen som den var, dog utan omn og varebehaldning. Bygningen vart selt til eit aksjeselskap. Dette var det vanskeleg å få oppgjer for og bygningen vart til slutt i 1913 selt til Torleiv O. Veum på søgard Veum (Fyresdal gnr. 85/1) , tomta var ei leigetomt under denne garden og har namnet Åbø (Fyresdal gnr. 85/5).


Andre og siste forretningsbygget på Øyane


Denne bygningen vart satt opp 1907 og teke i bruk 1908. Den vart så reparert 1912. I 1934 vart det vølt og måla. Styremøte 6. februar 1943. "Sak. 2. Det var paalaggt formannen aa forhøyre med ein arkitekt um kva det vilde koste aa faa ei teikning til ein umregulering av bygningen til Veum Handelslag." – I 1946 vart dørar og vindaugo i bustaden utbetra, forretningsroma måtte vente til laglegare tider, men i 1947 meinte ein at det snarast råd måtte utarbeidast ein plan for utbetring av forretninga.

Årsmøte 17. februar 1951. Etter eit krevjande år vart det gjort vedtak om å setje i gang reparasjonsarbeid på husa i Veum og arkitekt Karstein hadde sendt teikningar. Både styrarbustaden med oppgang og butikklokalet skulle stellast. (Byggenemnda si søknad med teikningar vart avslegen av fylkesforsyningsnemnda.) Med 6 mot 3 røyster vart det vedteke å nytte store glas. Styremøte 3. september 1953: "Hovudreperasjonen må utsetjast til 1954".


Handelslaget sitt meieri


Det fyrste vi kjenner til om meieridrift her er at det i bakre del av bygningen frå 1889 periodevis var eit meieri. Styret hadde i 1933 selt ovnen som opphavleg høyrde til Veum meieri og meieriet skulle få tilbake det ovnen blei betala med.

Styremøte vart halde i Veum Handelslag laurdag 5. januar 1935. Alle styremedlemer møtte. "Sak 1. Ad smørsalet: Det vart vedteke at smør som Handelslaget ikkje kan senda til smørkontrollen, altso stykke under 6 kg, og elles smør som produsentane ynskjer skal verta meierihandsama, vert å senda til Veum meieri til handsaming. Meierskane tek på seg arbeidet for kr. 0,05 pr. kg. fyrebils. Handelslaget kjøper smøreltemaskin, som vert å betala attende ved avgift av kr. 0,02 pr. kg. smør som vert handsama. All avgift som kjem på smøret for å få det godteke, vert å svara av dei respektive leverandørar. Smør som vert funne uskikka til å verte blanda, vert å levere attende til produsenten. Elles vil styret oppmoda alle til å gjera sitt beste ved laging av smør so prisen kan verta best mogleg. (Gunnar K. Veum. Aa. Tortveit. Gunnar Midtgarden. Torleiv Veum. Eivind J. Spockeli.)"


Handelslaget sitt bakeri


Bakeribygninen kan vi sjå på eit oversiktsbilete av Øyane, det er ein bygning med fasaden ut mot hovudvegen og rausta parallelt med den. Der var tre samanhangande hus, bustad, bakeri og vedskjol. Den vart bygd 1895 og det skulle bakast tre dagar i veka.. I 1904 vart vedskjolet her utvida, det vart det og i 1912, og samtidig bakeribygningen utbetra. Då den fyrste forretningsbygningen var selt i 1913 skulle det i ettertid betalast kr.2 i årleg grunnleige for bakeriet. I 1928 vart så bakaren sagt opp og bakarbustaden pussa opp.

Styremøte 12. august 1939. Det vart samrøystes vedteke å "omregulere det gamle bakeriet til bustad for handelssveinen. --- Styremøte 8. februar 1941: Stova i bakeriet vert å reparera slik: Stova blir og måla; like-eins å reparera golvet det som trengst. Innkjøp av omn."

Styremøte 25. august 1951 Det var eit ynskje om å leige bakeriet, men styret kom til at Handelslaget trong dette sjølv. (Dette vart likevel leigd ut i 1952) I 1958 vart det konkludert med at "Handelslaget trong roma i bakeriet som lager." Dette vart det nytta som i tida vidare. I 1997 vart hovudbygningen rive,flytta til Birtedalen og satt opp der som fritidshus. Vedskjulet og lageret for bakeriet er nytta som lager og står i 2019 på sin opphavlege plass.


Handelslaget sin filial i Hauggrend


I 1923 hadde det kome opp spørsmål om Veum Handelslag nå burde opprette ein filial i Hauggrend. Det vart vald ei nemnd til å utgreie dette.

"Aar 1927 den 26. februar møtte G. Midgarden til konferanse med Jacob Spockeli om forventet dennes tilbod om overtagelse av den av Gunnar paa Berges grund under oppførelse staaende bygning. Gunnar fremla kontrakt med entreprenør Paal Moen samt leiekontrakt paa tomten med Gj. Berge. Vi enedes om at Gunnar skulle faa kr. 1700 – sytten hundrede kroner for huset som det staar nu, men der skal da medfølge 2 dører og 3 glas, samt har han betalt Paal Moen kr. 330 – trehundrede og treti kroner – samt alt det paa plassen fremkjørte tømmer, derav Gunnar sikkert mente skulle strekke mer end til det arbeide Paal vil faa med oppførelsen. Alt dette er iberegnet de anførte 1700 kroner. Paa det her anførte forlanger Gunnar Midtgarden svar inden 5. mars nestk. Da han har andre tilbod, der inden en kortere frist maa svare spaa. Dette forsavidt styret ere enige i. (Undertegna J. Spockeli og G. Midtgarden) – Styret fann at dei ikkje kunne avgjere dette aleine, omframt årsmøte vart innkalla 4. mars. Gj. Berge sa då frå seg forkjøpsretten datera 28. februar 1927 og Veum handelslag tok over leigekontrakta av 17. august 1926 samt byggekontrakta mellom Paal Moen og G. Midtgarden av 21. september 1926." Det vart så vedteke å kjøpe nemnde hus ved Berge.

År 1928 den 26. april. Styraren og Olav Momrak blei valde til å ordne med innreiing m. v. av handelshuset på Berge og så snart det let seg gjere få ein av betjeningen til å utlevere varer der to gonger i veka. Det var eit ynskje om å rette på ålaupet for å forebygge flaumskader. 14. november fekk handelslaget tilbod om å kaupe den leigde tomta under Berge (Fyresdal gnr. 93/5). Og så i 1933 vart det bygd til bygningen på filialen. I 1936 vart muren på handelsbua sementert. Vasken av huset vart bortsatt for kr. 0,25 for kvar gong, og fri klut, i 1938 auka til kr. 0,50.

Styremøte 15. april 1939: "Då den nye handelslov påla handelslaget at filialen i Hauggrend måtte ordnast til eigen forretning, vart styret samde om å kome med framlegg om sal av denne." Og ved Styremøte 6. april 1940: Eventuelt sal av filialen i Hauggrend ser ein at det hadde kome inn skriftleg tilbod, styret tilrådde sal og innkalling til ekstraordinær generalforsamling om 14 dagar. Dei tilrådde og at det som kom inn ved sal vart å koste på Veum Handelslag. (Dette vart ikkje drøfta vidare. Omframt årsmøte tillyst til laurdag 20. april vert grunna tidene avlyst inntil vidare.)

Årsmøte 31. januar 1942. Filialen i Hauggrend vart leigd ut månadsvis mot betaling på førehand. Bygningen måtte tekkast/få nytt tak. (Nytt glas vart satt inn 1943). 1942: Det var eit ynskje om å få kjøpe filialen, eventuelt å leige for 5 år, dette kunne ikkje styret gå med på. Derimot leige inntil vidare, med høgare leige dersom og nytta til post. I 1944 vart filialen leigd bort, stova kledd innvendig. I 1949 var Filialen blitt ledig, men styret ville ikkje leige ut på nytt då det kunne vere aktuelt å nytte den som "lagerplass for kunsthevd, kraftfor, såhevd m. m."

Årsmøte 11. februar 1950 Sak 6. Vedk. Veum Handelslags filial i Hauggrend: Dette framlegget vart vedteke samst.:" Årsmøtet pålegg styret å undersøkja vilkåra for å byrja handel i Hauggrend, vøla husa og setja i gang handelen so fort dei finn det er råd. Styremøte 28. februar 1950 Sak 3. Istandsetjing av filialen i Hauggrend med tanke på handelsverksemd. Samrøystes vedta: Kjellaren under butikken vert å opparbeida. Reperasjon av golvet. Innsetjing av hyller og disk. Medlemene av styret som bur i Hauggrend set arbeidet i verk. Det vart løyvd kr. 5000,00 til utbetring av bygget og oppnemnd ei byggenemnd." Styremøte 16. februar 1951 Styret hadde sett på Filialen og utbetringsarbeidet der og fann at filialen kunne opnast for handel, seinast innan 15. mars.

Styremøte 12. januar 1954 Sak 1 Skjøte på tomta til filialen i Hauggrend tinglyst 21/11 1953. Styremøte 17. juni 1954 Innreiingsrabeidet i butikklokalet vart godkjent

Årsmøte 20. februar 1960 "Sak 4/3 Reparasjon av Filialen, utvendig kledning med ny utgangsdør, tetting av glas m. m. vert å overføre reguleringsfondet. Kr. 6131,98 1963: Filialen til handelslaget i Hauggrend vart halde open kvar dag." På møte 2. september vart det vedteke å kle filialen med eternittplater på to sider og måle pakkbua.

Styremøte 9/5 1964. Vedtak om stenging av Filialen i Hauggrend frå 16/5 1964. Karen Moen, Berge, vart kontakta om eventuelt sal eller leige av filialen. I styremøte 20/6 1964 vart det vedteke eit sal til Karen Moen for kr. 8500,00.



Bestyrarar

Øyane med Veum Handelslag midt i biletet.
Foto: Bendik Taraldlien / "Fyresdal" skannet side nr. 23. nb.no
Nasjonalbiblioteket


Epilog

Kristoffer Mandt dreiv forretning i nabobygget Øyosen, denne verksemda flytta han over til handelslaget sin tidlegare bygning og heldt fram med drifta der. 20. mars 1990 vart sonen Bjarne Mandt dagleg leiar, juli 1993 vart han eigar og i januar 1997 vart så verksemda nedlagd. 9. mars 2004 vart bygningen seld til ein privatperson og 20. september 2004 brann den så ned til grunnen. Området er no ein plen framom kyrkja slik det vel var før dette bygget vart satt opp, og eit viktig kapittel i tettstaden Øyane si soge er no retteleg soge blitt.


Biletgalleri


Arkiv

Arkivet etter Veum Handelslag blir oppbevart ved Fyresdal folkebibliotek. Sjå lista over privatarkiv frå Telemark for meir informasjon.

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Landvik, Olav J.: Den gong det var landhandleri. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi", Fyresdal Sogelag 2000, s. 44,48.
  • Marvik, Steinar, Fyresdal: gards- og ættesoge. 3, Fyresdal, 1992. Digital utgåve på bokhylla.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
  • Taraldlien, Bendik, Fyresdal. Med Bilæte. Kristiania 1910. (Bendik sitt bilete Øyane i Veum er på s. 5.)
  • Veum, Bendik: Festskrift for Fyresdal Handelslag 1871-1931 J. A. Kroghs Boktrykkeri. Skien 1931

Referansar

  1. Marvik, 1992, s. 1476.
  2. Marvik, 1992, s. 1476.
  3. Sætherskar, 1949, s. 769.