Veum Handelslag: Forskjell mellom sideversjoner
(Ny side: {{thumb|No-nb digibok 2013111808064 0771 1.jpg|Veum Handelslag før 1950.|Ukjend / Sætherskar, Johs. (red.), ''Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon'', Bergen, 1949.}} '''...) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 11: | Linje 11: | ||
*[[Hans Austad]], 1917 - 1945 | *[[Hans Austad]], 1917 - 1945 | ||
*[[John A. Dale]], 1946 - ?? | *[[John A. Dale]], 1946 - ?? | ||
==Arkiv== | |||
Arkivet etter Veum Handelslag blir oppbevart ved [[Fyresdal bibliotek]]. Sjå [[Privatarkiv frå biblioteka i Telemark|lista over privatarkiv frå biblioteka i Telemark]] for meir informasjon. | |||
==Kjelder== | ==Kjelder== |
Sideversjonen fra 23. aug. 2017 kl. 11:29
Veum Handelslag vart starta som ein filial under Fyresdal Handelslag i 1871. Forretninga låg på Veum i Fyresdal kommune.
Historikk
Veum Handelslag starta opp som ein filial under Fyresdal Handelslag i 1871. I 1899 var laget skilt ut og fekk namnet Veum Forbruksforening. Ivar Tveiten var den drivande krafta, og var også den fyrste formannen i laget. Elles bestod det fyrste styret av Gjermund Veum, Olav Hærstad, Torleif Veum og Olav Kvasfjord. Handelslaget hadde ein filial i Hauggrend, men denne gjekk inn i 1935.
I 1902 bygde forbruksforeninga nytt forretningsbygg på Veum og flytta inn året etter. Her fanst det også eige bakeri som var i drift i mange år. Torjus Nøra var den fyrste bakaren. Elles omsatte forretninga assorterte landhandelvarer og hadde mykje turisthandel i sesongen.
Bestyrarar
- Ivar Tveiten, 1899 - ??
- Hans Austad, 1917 - 1945
- John A. Dale, 1946 - ??
Arkiv
Arkivet etter Veum Handelslag blir oppbevart ved Fyresdal bibliotek. Sjå lista over privatarkiv frå biblioteka i Telemark for meir informasjon.
Kjelder
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.