Veum Handelslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. aug. 2017 kl. 13:35 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Illustrasjon)
Hopp til navigering Hopp til søk
Veum Handelslag før 1950.
Foto: Ukjend / Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Veum Handelslag vart starta som ein filial under Fyresdal Handelslag i 1871. Forretninga låg på Veum i Fyresdal kommune.

Historikk

Veum Handelslag starta opp som ein filial under Fyresdal Handelslag i 1871. I 1899 var laget skilt ut og fekk namnet Veum Forbruksforening. Ivar Tveiten var den drivande krafta, og var også den fyrste formannen i laget. Elles bestod det fyrste styret av Gjermund Veum, Olav Hærstad, Torleif Veum og Olav Kvasfjord. Handelslaget hadde ein filial i Hauggrend, men denne gjekk inn i 1935.

I 1902 bygde forbruksforeninga nytt forretningsbygg på Veum og flytta inn året etter. Her fanst det også eige bakeri som var i drift i mange år. Torjus Nøra var den fyrste bakaren. Elles omsatte forretninga assorterte landhandelvarer og hadde mykje turisthandel i sesongen.

Bestyrarar

Veum med Veum Handelslag mitt i bilete.
Foto: Ukjend / "Fyresdal" skannet side nr. 23. nb.no
Nasjonalbiblioteket

Arkiv

Arkivet etter Veum Handelslag blir oppbevart ved Fyresdal bibliotek. Sjå lista over privatarkiv frå biblioteka i Telemark for meir informasjon.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.