Veum Handelslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Veum Handelslag før 1950.
Foto: Ukjend / Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Veum Handelslag vart starta som ein filial under Fyresdal Forbruksforening. Forretninga låg på Øyane i Veum i Fyresdal kommune.

Historikk

I 1898 vart forbruksforeninga i Fyresdal delt, og det oppstd dermed ei Veum Forbruksforening i Veum.[1] Ivar Tveiten var den drivande krafta, og var også den fyrste formannen i laget. Gunnar Jakobson Breivik vart tilsett som handelssvein. Elles bestod det fyrste styret av Gjermund Veum, Olav Hærstad, Torleif Veum og Olav Kvasfjord. Handelslaget hadde ein filial i Hauggrend, men denne gjekk inn i 1935.

I 1907 bygde forbruksforeninga nytt forretningsbygg på Øyane i Veum og flytta inn året etter.[2] Hans Jakobson Bjørnestad vart handelsstyrar nokre år. Deretter vart Hans Rasmusson Austad frå Gjøvdal tilsett. Han slutta i 1946 då han starta sin eigen Fyresdal Landhandel. John A. Dale tok over etter dette. Her fanst eige bakeri som var i drift i mange år. Torjus Nøra var den fyrste bakaren. Elles omsatte forretninga assorterte landhandelvarer og hadde mykje turisthandel i sesongen.[3]

Bestyrarar

Veum med Veum Handelslag mitt i bilete.
Foto: Ukjend / "Fyresdal" skannet side nr. 23. nb.no
Nasjonalbiblioteket

Arkiv

Arkivet etter Veum Handelslag blir oppbevart ved Fyresdal bibliotek. Sjå lista over privatarkiv frå Telemark for meir informasjon.

Kjelder

  • Marvik, Steinar, Fyresdal: gards- og ættesoge. 3, Fyresdal, 1992. Digital utgåve på bokhylla.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
  • Taraldlien, Bendik, Fyresdal. Med Bilæte. Kristiania 1910. (Bendik sitt bilete Øyane i Veum er på s. 5.)

Referansar

  1. Marvik, 1992, s. 1476.
  2. Marvik, 1992, s. 1476.
  3. Sætherskar, 1949, s. 769.