Veum Smørlag

Veum Smørlag blei starta av bøndene i Veum og kringliggjande gardar i Fyresdal kommune i 1936. Lagets fyrste formann var Ragnvald Gravir. Seinare vart Olav Veum formann i laget. Laget hadde ei årleg omsetting på 15 000 - 20 000 kilo smør.

Den fyrste bygningen til Veum Handelslag ser vi her til høgre. I den bakre delen av denne var det av og til meieri. Når rommet ikkje var i bruk kunne handelsbetjenten nytte seg av det. .

Oppstarten

På eit årsmøtet i Fyresdal Handelslag 8. februar 1930 blei det handsama eit framlegg frå G. Veum om handelslaget kunne gjere noko for å få til ei betre ordning med heimesmøret, slik at handelslaget tok mot smøret usalta og blanda og pakka det einsarta. Dette vart ikkje vedteke.

Fyrst fem år seinare, 5. januar 1935, kom smørsaka opp att til behandlinge - denne gongen under eit styremøte i Veum Handelslag. Der møtte alle styremedlemar, og under sak 1, Ad smørsalet, vart det vedteke at smør som Handelslaget ikkje kunne sende til smørkontrollen, altså smørstykke under 6 kg, og smør som produsentane ynskte skulle verta meierihandsama, vart å senda til Veum meieri til handsaming.

Meierskane skulle ta på seg arbeidet for kr. 0,05 pr. kg. fyrebils. Handelslaget skulle kjøpe "smøreltemaskin", som vart betala attende ved avgift av kr. 0,02 pr. kg. smør som vart handsama. All avgift som kom på smøret for å få det godteke, skulle bli svara av dei respektive leverandørar.

Smør som vart funne uskikka til å bli blanda, skulle leverast attende til produsenten. Elles oppmoda styret alle til å gjere sitt beste ved laging av smør slik at prisen kunne bli best mogleg. I styret sat på denne tida Gunnar K. Veum, Aa. Tortveit, Gunnar Midtgarden, Torleiv Veum og Eivind J. Spockeli.

Veum Smørlag etter 1950

Veum Smørlag, nr. 11. Den siste kassadagboka til smørlaget gjeng fram til 1963. Husleiga til A. Tortveit var då kr. 20,00 for ein månad. I ei utbetalingsbok frå 1960 til 1962 går det fram at smørlaget hadde leverandørar frå Kilegrend i sør til Bandaksli i nord, medrekna Vråliosen. Dette hadde nok sin årsak i rutesambandet med Bandaksli den gong. Likedan var det leveranse av smør til alle forretningane frå Kilegrend og nordover dalen, til og med ei forretning i Lårdal.

I 1960 var det 19 leverandørar som hadde 1 ku, 67 leverandørar hadde 2 kyr, 13 som hadde 3 kyr, og 6 leverandørar med 4 kyr.

I 1962 ville laget få til ein felles eltestasjon for gardssmør for Telemark i Seljord. Etableringa skulle skje i regi av Telemark Mjølkesentral. Det var eit ynskje om å få tilsendt liste med namn og adresse over gardssmørprodusentar som levera smør, og dette skulle koma i orden seinast 1. november 1962.

Veum Meieri

Tofte (Fyresdal gnr. 85/6) er ein eigendom på Øyane i Veum. I 1920 vart det her bygd ein bygning i 2 høgder. Hit flytta systrene Signe (1864-1943), Johanne (1866-1944) og Anne (1874-1956) frå Tortveit (Fyresdal gnr. 80/3). Eit stort rom i fyrste høgda vart leigd ut til Fyresdal Smørlag, og særleg Anne Tortveit arbeidde då som meierske. Bygningen og staden vart til dagleg berre kalla Meieriet, noko som blandt enkelte også er tilfelle i 2019.


Biletgalleri

Arkiv

Arkivet etter Veum Smørlag er splitta; èin del vert oppbevart ved Fyresdal folkebibliotek, medan ein annan vert oppbevart ved Vest-Telemark Museum. Oppføringa over arkivmaterialet frå Fyresdal folkebibliotek finn ein i lista over privatarkiv frå Telemark. Oppføringa over arkivmaterialet ved Vest-Telemark Museum finn ein i arkivkatalogen på Arkivportalen, sjå lenke.

Kjelder