Vigdal (Gaupne): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(fikser infoboks)
m ({{nn}})
Linje 36: Linje 36:
[[Kategori:Garder]]
[[Kategori:Garder]]
[[Kategori:Luster kommune]]
[[Kategori:Luster kommune]]
{{nn}}

Sideversjonen fra 26. jan. 2016 kl. 13:59

Vigdal
Alt. namn: Wigdahl, Vigdalen
Stad: Gaupne
Sokn: Gaupne
Fylke: Sogn og Fjordane
Kommune: Luster
Gnr.: 36

Vigdal (Vigdalen) (Luster, gnr. 36) er ei grend og ein matrikkelgard i Gaupne sokn i Luster kommune, og ein sidedal til Jostedalen. Vigdal grensar mot garden Kilen i Dalsdalen i Dale sokn, og i hovuddalføret mot Alsmo i Gaupne sokn og mot Myklemyr i Jostedal sokn.

Vigdalen vart lagt øyde etter svartedauden og vart busett att kring 1605. Vigdalen høyrde truleg til Jostedalen i mellomalderen, men har seinare høyrt til Luster prestegjeld (til 1967).

Ein av dei mest nytta ferdslevegane mellom Jostedalen og Lustrafjorden gjekk gjennom Vigdalen. For vigdølene gjekk lettaste vegen til fjorden over Storhaugen ned til Kilen og vidare ned Dalsdalen til Dale med kyrkje, tingstad og handelsstad. Men etter at vegen frå Gaupne til Alsmo vart utbetra i 1881, vart det lettare for vigdølene å fare til Gaupne, Røneid og Marifjøra.

Garden hadde opphavleg to bruk, Øvre og Nedre Vigdal, men har seinare vorte mykje oppdelt.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1991). Gaupne sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 4). Gaupne: Luster kommune, s. 1003ff. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Vigdal nedre», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane