Vikhals handelssamlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. jan. 2016 kl. 12:58 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Vikhals handelssamlag vart stifta i 1920 på Skarsøya i dåverande Stemshaug kommuneNordmøre, og er i dag kjent som Coop Vikhals SA.

Historikk

På Vihals har det vore drive med handel sidan 1888, då det vart etablert ein landhandel her. I samband med dette vart det bygd butikklokale og brygge i to etasjar.

Ved stiftinga i 1920 fekk handelssamlaget leige butikklokalet frå 1888. Den årlege leiga var på 200 kroner.

I 1933 vart Vikhals handelssamlag innmeldt i NKL.

Butikken frå 1888 vart rive i 1961, same året stod det noverande butikkbygget ferdig.

Kjelder og linkar