Vilhelm Andreas Wexelsen (1849–1909)

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 16. aug. 2019 kl. 18:11 av PaulVIF (Samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Wilhelm Andreas Wexelsen.
Foto: Anders Beer Wilse
Vilhelm Andreas Wexelsen sin grav på Domkyrkjegarden i Trondheim.
Foto: Siri Iversen (2011).

Vilhelm Andreas Wexelsen (fødd 5. juni 1849 i Klæbu, død 19. juli 1909 i Trondheim) var statsråd i fleire regjeringar og biskop av Nidaros. Han var saman med sin venn Viggo Ullmann sentral i norskdomsfløyen i Venstrerørsla.

Slekt og familie

Han var son av personellkapellan og seinare sokneprest Fredrik Nannestad Wexelsen (1818–1896) og Inger Desideria Dessen (1823–1881). Faren tilhørte slekta Wexelsen.

Den 1. desember 1874 blei han gift i Sparbu med Anna Beata Nilssen, som var dotter av prost Hans Nicolai Oleus Nilssen og Anna Beate Steen. Dei fekk fleire barn, og den mest kjende av dei er nok Vidar Wexelsen, som blei sentral i utviklinga av norsk revy under kunstnarnamnet Per Kvist.

Liv og verke

Han vaks opp i Trondheim, der faren blei sokneprest på Bakklandet i 1850. I 1865 blei han konfirmert i Bakke kyrkje.[1] Han var elev på Trondheim katedralskule, og tok examen artium i 1867. Han byrja etter ein tid som privatlærar å studere ved Det kgl. Frederiks Universitet i Christiania, og blei cand.theol. i 1872. Han gjekk ut med karakteren haud, som han og fekk på både artium og anneneksamen. Praktikum tok han hausten 1873, og der fekk han laud.

At han ikkje fekk så gode karakterer skuldast nok ikkje manglande evner, men heller at han var oppteke med andre ting enn studiane. I Torsdagsforeningen møtte han mellom anna Viggo Ullmann, som han samarbeidde med gjennom mange år. Han var òg med i Bjørnstjerne Bjørnson sin Mandagsforening.

Rett etter studiane var han ein kort tid lærar på katedralskulen i Trondheim. Deretter blei han personellkapellan i Sparbu prestegjeld, hjå prost Hans Nicolai Oleus Nilssen. I 1874 gifta han seg med prosten sin dotter, Anna Beata Nilssen. I 1876 blei Vilhelm Andreas Wexelsen stiftskapellan i Trondheim. Året etter blei han sokneprest til Kolvereid prestegjeld, og i 1885 til Overhalla prestegjeld. Medan han var i Kolvereid var han ordførar frå 1878 til 1885.

Som teolog var han sterkt påverka av både faren og av grandonkelen Wilhelm Andreas Wexels. Dei var på sin side påverka av grundtvigianismen, og opptekne av både folkeleg kultur og nasjonal historie. Vilhelm Andreas Wexelsen blei i studieåra òg påverka av Christopher Bruun og hans Folkelige Grundtanker, og han støtta folkehøgskulerørsla. I sin forkynning var Wexelsen tolerant og liberal, og han ville ha ei brei folkekyrkje. Han var motstandar av soknebandet, altså det at folk var forventa å søke til kyrkjesoknet dei budde i. Folk måtte kunne oppsøke den presten dei ville. Han meinte òg at lekfolk måtte få større rom til å føre ordet i kyrkja. Han var vidare motstandar av tvungen konfirmasjonsundervisning, og tilhengar av borgarleg ekteskap for dei som ønska det.

Med grundtvigianisme følgde kulturnasjonalisme, og for Wexelsen førte dette mellom anna til at han arbeidde for å styrke landsmålet. I sin støtte til folkehøgskulane og ungdomsrørsla skilde han ikkje mellom kristen og frilynt. I 1880-åra førte slike tanker han inn i den rørsla som i 1884 danna partiet Venstre. Han blei vald til Stortinget første gong i 1879, som suppleant. Som fleire andre frå Nordre Trondhjems amt blei han rekna som ein radikalar. Eit opprop til veljarane frå representantane for Nord-Trøndelag i 1882 førte til offentleg refs og polemikk med biskop Andreas Grimelund. I 1883 markerte Wexelsen seg ved å gå imot Gisle Johnson sitt konservative opprop Til Christendommens Venner, og med ei åtvaring mot å blande kristendom og konservativ politikk.

I 1882, 1885 og 1888 blei Wexelsen vald som fast representant til Stortinget. Han satt i kyrkjekomiteen, der han blei leiar i 1890. Her gjekk han mellom anna inn for å gje diktargasje til Alexander Kielland, og mot å opprette sokneråd. Argumentet mot det siste var avstemningsreglane dei lågkyrkjelege hadde laga. Han var sentral i utforminga av skulereformen av 1889, som førte til ein desentralisering og demokratisering av skulevesenet, ved at skule- og heradsstyra fekk større makt.

Då Venstre blei splitta i 1889 gjekk han saman med dei andre nord-trøndarane til «Rene Venstre». I 1894 blei han nok ein gong vald som representant for Nordre Trondhjems amt, og i 1897 som representant for bykretsen Trondheim med Levanger. I 1896 blei han skuledirektør i Søndre Trondhjems amt.

Johannes Steen sin første regjering blei danna i 1891 blei Wexelsen sjef for Kyrkjedepartementet. I tida der var han sentral i arbeidet for målparagrafen, som fekk fleirtal i mai 1892. Han var departementssjef til juli 1892, då han blei medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm fra til regjeringa gjekk av i mai 1893. Medan han var i Stockholm hadde familien Thekla Resvoll som guvernante; ho byrja etter dette å studere botanikk og blei ein av dei framste i sitt fag. I Johannes Steen sin andre regjering og den påfølgjande Otto Blehr sin første regjering var han sjef for Kyrkjedepartementet, frå februar 1898 til oktober 1903. Han arbeidde for å betre lærarutdanninga, for å bygge ut skulen i Finnmark og for å støtte folkehøgskulane. Han arbeidde og for målsaka, mellom anna ved å autorisere bruk av Elias Blix sin salmebok på landsmål i kyrkja. Fra 1894 til 1898 var han formann i Det norske Samlaget.

I unionssaka var han ein pådrivar i ein tidleg fase, men frå 1893 følgde han folk som Bjørnstjerne Bjørnson i ein meir moderat linje. Etter at regjeringa Blehr gjekk av i 1903 var han ikkje lenger så aktiv i politikken. Christian Michelsen utnemnde han i 1905 til biskop av Nidaros, mot protestar frå kyrkjeleg hald. Michelsen ville eigentleg hatt han som kyrkjeminister, men måtte sette ein Høgremann på den posten for å få balanse i samlingsregjeringa. Christoffer Knudsen blei kyrkjeminister, og truleg hadde Michelsen kome med eit krav om at han ikkje skulle setje seg imot utnemninga av Wexelsen, sjølv om Knudsen helst ville ha Christen Brun som biskop. Wexelsen sin erfaring som forsonande meklar førte til at han trass motstand klarte seg godt i denne rolla. Den 22. juni 1906 leia han kroninga av Haakon VII og Maud.

I 1889 blei han riddar av første klasse av St. Olavs Orden, og i 1899 kommandør av første klasse av same orden. Han var òg kommandør av den svenske Nordstjärneorden og hadde Kroningsmedaljen i sølv.

Ettermæle

Han døydde i 1909, og blei gravlagt på Domkyrkjegarden i Trondheim. På bautaen på grava står mottoet «Norskdom og kristendom».

I 1915 fekk Biskop Wexelsens gate i Trondheim namn etter han.

Referanser

  1. Vilhelm Andreas Wexelsen i Ministerialbok for Bakklandet (Bakke) prestegjeld 1861-1865 fra Digitalarkivet.

Litteratur og kjelder