Vilnius

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vilnius i 1912.
Foto: Sergej Michailovitsj Prokudin-Gorskij

Vilnius (lit.), Wilno (polsk), Вiльня (kviterussisk), Mal:He/Vilne (jiddisch) eller Вильна/Вильно/Вильнюс (russisk) er ein tradisjonelt fleirspråkleg og fleirkulturell by som i dag er hovudstaden i Litauen. I den russiske folketeljinga i 1897 var det ca. 40 % jødar; ca. 30 % polakkar; ca. 20 % russarar; og under 5 % kvar av kviterussarar, litauarar og tyskarar der.[1] Byen, som òg har vorte kalla Jerusjolàjim der Lite ('Litauens Jerusalem') var eit av dei viktigaste sentra for jiddisch kultur, og ein del av jødane i Skandinavia har familiebakgrunn frå Vilnius og nabodistrikta. I folketeljinga 1910 for Kristiania er det registrert 31 personar med Vilnius (Wilna/Vilna) som fødestad. Blant desse er familiane Levin, Jaffe og Lasnik.[2]

Etter sjoá er det svært få jødar att i Vilnius så vel som i Litauen generelt. I den litauiske folketeljinga i 2001 var det 59,2 % litauarar, 19% % polakkar, 14,4 % russarar og 4,2 % kviterussarar i Vilnius.[3] I dag er byen det viktigaste senteret for litauisk kultur og økonomi.

Nordmannen Lauritz Nilssøn, betre kjent som Laurentius Nicolai Norvegus eller Klosterlasse, levde dei siste åra av livet sitt i Vilnius. Han er gravlagt i Johanneskyrkja (Šv. Jonų bažnyčia).

Fotnotar

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!