Vindafjord kommune

Vindafjord kommune er ein kommune i Rogaland. Han grensar til Tysvær kommune og Suldal kommune i Rogaland, og til Etne kommune, Kvinnherad kommune og Sveio kommune i Vestland.

Vindafjord
1160 Vindafjord komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1160
Fylke Rogaland
Kommunesenter Ølensjøen
Areal 620.6  km²
Areal land 599.56  km²
Areal vann 21.04  km²
Folketall 8 844 (2023)
Grunnlagt 1965
Sammenslåing(er) 2006
Nettside Nettside

Vindafjord kommune har fått namnet sitt etter Vindafjorden, som har namn av det norrøne verbet vinda. Dette tyder «vri» eller «snu», og viser til at fjorden gjer ein bøy østover. Fjorden markerer sørgrensa til kommunen, saman med sidefjorden Yrkefjorden.

Kommunen er eit resultat av to kommunesamanslåingar, éin i 1965 og éin i 2006. I 1965 vart Sandeid kommune og mesteparten av Imsland kommune, Vikedal kommune, Vats kommune og Skjold kommune slått saman, og Vindafjord kommune vart til. Suldal kommune fekk resten av Imsland kommune, Tysvær kommune fekk delar av kommunane Vikedal, Vats og Skjold, mens Sveio kommune fekk ein bit av Skjold. Resultatet av desse grenseendringane var at kommunane vart samanhengande einingar på land, med fjordar som grenser. Dette var ein tilpasning til at transport over land var blitt viktigare enn transport over sjø. Ei grensejustering mot Suldal kommune i 1978 fullbyrda dette, da den delen av Ropeidhalvøya som høyrde til gamle Vikedal kommune vart overført frå Vindafjord til Suldal.

I 2006 vart så daværende Vindafjord kommune slått saman med Ølen kommune i Hordaland, og fylkesgrensa vart samtidig flytta nordover. Fordi Ølen kommune også hadde vore gjennom ei samanslåing tidlegare, med mesteparten av Vikebygd kommune i 1964, omfattar Vindafjord kommune heile sju tidlegare kommunesentra. Kommunevåpenet er det gamle våpenet til Ølen kommune, men i fargane til gamle Vindafjord kommune, og motivet skal symbolisere «ferdselsårenes møte».

Vindafjord kommune har fem tettstader. Det største er kommunesenteret Ølensjøen (også kjend som «Ølen») med 967 innbyggjarar per 1. januar 2012, Deretter kjem Skjold med 694 innbyggjarar, det gamle kommunesenteret Sandeid med 609 innbyggjarar, Ølensvåg med 414 og Vikedal med 404 innbyggjarar.

Galleri

Kjelder

Koordinater: 59.60543° N 5.80785° Ø