Vindetreet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Vindetreet er sogeskriftet for Vindafjord. Skriftet kjem ut kvart år, og det har artiklar og bilete frå alle ni bygdene i kommunen: Skjold, Vats, Vikebygd, Bjoa, Ølensvåg, Ølen, Sandeid, Vikedal og Imsland.

Det vart oppretta i 1992 av Skjold og Vats sogelag og Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag, og i 2018 kom også Ølen og Bjoa sogelag med som medutgjevar.

Ifølge sogelaga er hovudmålet med skriftet «å ta vare på tradisjonar i Vindafjord - "vinda dei opp", slik at seinare generasjonar kan nøsta dei. Ein skal presentera lokalhistoriske artiklar, forteljingar, dagbøker, dikt og bilete frå dekningsområdet, og skal invitera alle som vil til å bidra med si forteljing.»

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå utgjevarforeininga Vindetreet 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer