Vingelen kopargruve: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
(Én mellomliggende versjon av en annen bruker er ikke vist)
Linje 40: Linje 40:
[[Kategori:Kobbergruver]]
[[Kategori:Kobbergruver]]
[[Kategori:Haugianisme]]
[[Kategori:Haugianisme]]
{{F2}}
{{nn}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 13. mar. 2023 kl. 08:56

Mal:Thumb høyre Vingelen kopargruve låg i Vingelen sokn i Tolga. Verksemda der var starta av Røros koparverk ein gong på 1700-talet. Med kortare og lengre avbrekk var det regulær drift i gruva fram til 1835. På byrjinga av 1900-talet var det ein del prøvedrift der, som ikkje resulterte i noko meir. Verksemda har vekt ekstra historisk interesse av di ho i ein periode på byrjinga av 1800-talet vart driven av eit haugiansk kollektiv under leiing av den unge lekpredikanten Sara Oust.

Mal:Thumb høyre

1700-talet

Gruva låg på snaufjellet i Gruvvola, austre delen av Vingelskletten, ca. 1100 m.o.h. Staden ligg tre kilometer nord for Vingelen kyrkje, Tidspunktet for oppstart er uvisst. Det er fleire stader framhalde at det har skjedd i andre halvparten eller mot slutten av 1700-talet.[1] Men gruva skal vere innteikna som koparverk allereie på eit kart frå 1723. [2]

Malmen frå gruva vart køyrd ned til smeltehytta på Tolga.

Haugianartida

Etter at gruva hadde lege brakk ei tid rundt år 1800, fatta Hans Nielsen Hauge og lokale tilhengarar av han interesse for gruva, og såg utveg til ny drift. Hauge fortel sjølv at da han i 1803, på reise frå Nord-Noreg, var komen til Gudbrandsdalen, fekk han høyre om denne gruva i Vingelen. Han skriv at det var ein av hans vener som hadde oppdaga kopargangen, og Hauge «tilraadede nogle som Participanter at skyde Penge sammen, og de begyndte at drive samme Gang, og fant rig Kobbermalm der.»[3] Dei sette i gang med drift i 1804. Så, tydelegvis i etterhand, søkte dei Rentekammeret om å få godkjent ein «Convention» (overeinskomst) som dei hadde gjort seg i mellom. Røros koparverk protesterte mot haugianarane si overtaking, og dei nye drivarane oppnådde visst ikkje å få aksept i København.[4] Dette står i strid med det Hauge fortel, nemleg at venene fekk kongeleg bevilling på gruvedrifta. Breistein reknar med at dette for Hauges vedkomande dreiar seg om ei «feilerindring».

Det var eit titals haugevener som gjekk saman om gruvedrifta. Det ser ut til å ha vore ei utprøving av ein kristen komunisme som Hauge og venene var opptekne av i den tidlege fasen av vekkingsrørsla. Hytteskrivar Irgens skriv iallfall i ein rapport at «disse har allting fælles». I den same rapporten kan han berette at «for disse er en Pige fra Vingelen paa nogle og 30 Aars Alder, nemlig Sara Ingebretsdtr.(Nergaard), Priorinde, thi hun er meget øvet i offentlig Tale.»[5] Hytteskrivar Irgens og lensmannen i bygda, Ole Skogstad, kunne berette at det kom folk frå fleire bygder for å delta i gruvedrifta og i det haugianske fellesskapet. Ole Olsen Grind kom frå Røros. Han hadde reist frå gruvearbeidet sitt på heimstaden og teke med seg mor si og heile buskapen og flytta til Vingelen. Ei kvinne frå Tynset, Kjersti Evensdotter, hadde flytta frå ektemann og heim, og kom til Vingelen med eit barn og ei ku. Ein Nils Raben frå Tolga er nemnd, og dertil var det kome folk frå Folldalen og Dalsbygda.

Folldal verk og Røros

Da haugianarane ikkje fekk kongeleg løyve til å drive gruva, kom Folldal verk, under sin nye eigar Haagen Mathiesen, inn som ein ny aktør. Dei overtok gruva i Vingelen av haugianarane i 1805. Omstenda er noko uklåre. Hauge fortel at Mathiesen kjøpte anlegget, og at venesamfunnet «profiterede endeel paa samme». Arnt Solem, forretningsmann og nær medarbeidar av Hauge, har nemnt eit beløp på ca. 2000 riksdalar.[6]

Nå følgde ein langvarig strid om heimelen til gruva mellom Folldalsverket og Røros, ein strid som Folldalsverket gjekk sigrande ut av. Det har vore framhalde at Haagen Mathiesen og hans bedrift spela på lag med haugianarane,[7] utan at vi har nærare kjennskap til korleis dette kan ha arta seg.

Folldal verk dreiv Vingelen gruve til 1818. Etter det vart malmfeltet i Vingelen på nytt muta av Røros koparverk, som heldt det gåande til 1835.

Ettertida

Det er ikkje kjent nokon aktivitet knytta til Vingelen gruve på resten av 1800-talet. Derimot kan det sporast ny interesse i den optimistiske tida i dei fyrste tiåra av det nye århundret. Ein kan i denne samanhengen merke seg at i nabokommunen Tynset, ved Røstvangen på grensa mellom Tynset og Kvikne, oppstod og forsvant det eit heilt nytt gruvesamfunn der, i nokre hektiske år 1904-1921.[8]

I NGUs Malmdatabase er det oppført at firmaet AS Glommendalen Kisgruber dreiv undersøkingar og prøvedrift ved Vingelen gruve i tidsrommet 1905-1920. Ivar Sæter referer til firmaregisteret for 1907,[9] der gruveselskapet Vingelen med ein fullt innbetalt aksjekapital på kr 12.000, har tenkt å nyttegjere seg gruva i Vingelen og andre moglege drivbare førekomster i området. Firmaet var Kristiania-basert under leiing av advokat Ludvig Lumholtz.

På 1970-, 1980- og 1990-talet vart det utført sporadiske undersøkjingar, kartlegging osv. i regi av høvesvis NGU, Folldal verk og Universitetet i Oslo.

Referansar

  1. Bakken, A.O 1973:7, Breistein, D. 1955:145
  2. Malmdatabasen NGU
  3. Bakken, A.O. 1973:7. som referer til Hauges eiga bok Reiser og viktigste Hændelser beskrevet af ham selv. Samla skrifter bd. 6. Jf. Sæter, I. 1908:17.
  4. Breistein, D. 1955:145.
  5. Bakken, A.O. 1973:18.
  6. Breistein, D. 1955:146.
  7. Breistein, D. 1955:146, Bakken, A.O. 1973:7.
  8. Hokstad, J.O. 2018.
  9. Sæter, I. 1908:17

Kjelder og litteratur

  • Bakken, Arne O.: Haugianerne i Nord-Østerdal de første årene og lederen Sara Oust 1778-1822. Småtrykk utg. i samband med reisinga av minnesmerket over Sara Oust i Vingelen 1973.
  • Breistein, Dagfinn: Hans Nielsen Hauge «Kjøbmand i Bergen». Kristen tro og økonomisk aktivitet, John Griegs forlag, Bergen 1955.
  • Hokstad, Jon Ole: Røstvangen Gruver, Tronden forlag, Tynset 2018.
  • Sæter, Ivar: Tolgen. Alb. Cammermeyers forlag, Kristiania 1908.