Vingelen kopargruve

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. nov. 2018 kl. 20:01 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Vingelen kopargruve''' låg i Vingelen sokn i Tolga . Verksemda der var starta av Røros koparverk ein gong på 1700-talet. Med kortare og lengre avbrekk...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Vingelen kopargruve låg i Vingelen sokn i Tolga . Verksemda der var starta av Røros koparverk ein gong på 1700-talet. Med kortare og lengre avbrekk var det regulær drift i gruva fram til 1835. På byrjinga av 1900-talet var det ein del prøvedrift der, som ikkje resulterte i noko meir. Verksemda har vekt ekstra historisk interesse av di ho i ein periode på byrjinga av 1800-talet vart driven av eit haugiansk kollektiv under leiing av den unge lekpredikanten Sara Oust.