Vingelen kopargruve

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Vingelen kopargruve låg i Vingelen sokn i Tolga . Verksemda der var starta av Røros koparverk ein gong på 1700-talet. Med kortare og lengre avbrekk var det regulær drift i gruva fram til 1835. På byrjinga av 1900-talet var det ein del prøvedrift der, som ikkje resulterte i noko meir. Verksemda har vekt ekstra historisk interesse av di ho i ein periode på byrjinga av 1800-talet vart driven av eit haugiansk kollektiv under leiing av den unge lekpredikanten Sara Oust.

Gruva låg på snaufjellet ca. 1100 m.o.h. i Gruvvola, austre delen av Vingelskletten. Staden ligg tre kilometer nord for Vingelen kyrkje, Tidspunktet for oppstart er uvisst. Det er fleire stader framhalde at det har skjedd i andre halvparten eller mot slutten av 1700-talet.[1] Men gruva skal vere innteikna som koparverk allereie på eit kart frå 1723. [2]

Referansar

  1. Bakken, A.O 1973:7, Breistein, D. 1955:145
  2. Malmdatabasen NGU