Vinje Privatbank

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 2. jan. 2017 kl. 11:34 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: '''Vinje Privatbank''' vart skipa i 1904. I 1926 vart banken slått saman med Vinje Sparebank. == Historikk == Vinje Privatbank vart skipa i 1904 og i den fyrste direksjonen sat Aano...)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Vinje Privatbank vart skipa i 1904. I 1926 vart banken slått saman med Vinje Sparebank.

Historikk

Vinje Privatbank vart skipa i 1904 og i den fyrste direksjonen sat Aanond Nestestog, Halvor Sandok og Aanund T. Tjønn. Den fyrste kasseraren var Steffan Tjønn. Drifta gjekk bra, men ut på 1920-talet kom det tankar om samanslåing med Vinje Sparebank, truleg på grunn av krav til auka aksjekapital i ny banklov. På årsmøtet i Vinje Privatbank 13. februar 1926 vart det samrøystes vedteke å slutte som privatbank. Vinje Sparebank tok over alle banken sine forretningar frå 1. oktober 1926.

Arkiv

Arkivet etter Vinje Privatbank er ordna ved Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.

Kjelder

  • Tveit, Tore (red.), Tokke-Vinje Sparebank 90 år, 1897-1987, Skien, 1987